한국   대만   중국   일본 
Shine on You Crazy Diamond ? Wikipedia Hopp til innhald

Shine on You Crazy Diamond

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Shine On You Crazy Diamond
Song av Pink Floyd
fra albumet Wish You Were Here
Sprak engelsk
Utgjeve 15. september 1975
Innspelt Januar - juli 1975
Sjanger Progressiv rock
Lengd 26:05 (alle delar)
13:38 (del 1-5)
12:29 (del 6-9)
10:55 ( radioedit )
17:32 ( Echoes -versjonen)
Selskap Harvest , EMI (UK)
Columbia , Capitol (US)
Komponist Richard Wright, Roger Waters, David Gilmour
Tekstforfattar Roger Waters, Richard Wright, David Gilmour
Latskrivar(ar) Wright , Waters , Gilmour
Produsent Pink Floyd

Shine on You Crazy Diamond ≫ er eit musikkstykke i ni delar av det britiske bandet Pink Floyd pa albumet deira Wish You Were Here fra 1975. Songen er laga av Roger Waters , David Gilmour og Richard Wright , med tekst av Waters, i 1974 og framført pa konsertar det aret. [1] Det var først meininga at songen skulle utgjere ei heil vinylside, slik som ≪ Atom Heart Mother ≫ og ≪ Echoes ≫, men songen voks seg lenger enn ei enkel vinylside og matte delast i to delar. Sett i saman utgjer dei to delane den lengst songen Pink Floyd har spelt inn.

Stykket er ei hyllest til den tidlegare frontfiguren i bandet Syd Barrett . Tekstlinjer som ≪Remember when you were young?/You shone like the sun≫ viser kor mykje bandet verdsette Barrett si tid i bandet. Songtittelen er og relatert til Barrett sitt kallenamn: S hine on Y ou crazy D iamond. Ordet ≪Diamond≫ kan og mogelegeins tyde LSD , som i The Beatles sin song ≪ Lucy in the Sky with Diamonds ≫, og kan vere ein referanse til Barrett sitt enorme forbruk av LSD.

Del I?V [ endre | endre wikiteksten ]

Remember when you were young,
You shone like the sun.
Shine on you crazy diamond.

Roger Waters (1975)

Part I (Wright, Waters, Gilmour; fra 0:00 ? 3:55) byrjar med fleire tangentinstrumentlydar som gradvis kjem inn, laga av ein VCS3 -synthesizer, ein ARP Solina, eit hammondorgel og lyden av vate fingrar som vert gnidd rundt kanten av eit vinglas fylt med forskjellige mengder vatn (denne lyden kom fra eit tidlegare Pink Floyd-prosjekt kalla Household Objects , der bandet prøvde a spele inn eit heilt album utan a bruke musikkinstrument). Etter ei stund startar eit enkelt Minimoog -parti og ein lengre gitarsolo av Gilmour. Denne delen endar med at delar av synthesizarlydane gradvis forsvinn inn i bakgrunnen.

Part II (Gilmour, Waters, Wright; fra 3:55 ? 6:28) byrjar med eit gitarriff av fire tonar (B, F, G, E) som vert repetert om att og om att gjennom denne delen. Delen inneheld gitarsolo nummer to av Gilmour, og Nick Mason startar opp pa trommene. Gitarriffet vert av og til kalla ≪Syd’s Theme≫.

Part III (Waters, Gilmour, Wright; fra 6:29 ? 8:43) byrjar med ein Minimoog-solo av Wright, etter følgt av den tredje gitarsoloen av Gilmour i ein meir bluesaktig stil.

Part IV (Gilmour, Wright, Waters; fra 8:44 ? 11:10) Tekstparitet. Waters syng solovokal med Gilmour, Wright og kordamer pa harmonivokal.

Part V (Waters, fra 11:11 ? 13:34) Denne delen har to gitarar som speler riffet fra Part II i om lag eitt minutt, før Dick Parry startar ein saksofonsolo. Etter ei stund stoppar det meste av kompet, og berre saksofonen og ein ARP-synthesizer vert igjen i lag med eit arpeggio gitarriff som gradvis forsvinn i bakgrunnen. Til slutt kjem ein maskinlikande dur og songen glir over i " Welcome to the Machine ".

Part VI?IX [ endre | endre wikiteksten ]

Part VI (Wright, Waters, Gilmour; fra 0:00 ? 5:00) byrjar med ein ulande vind fra avslutninga av songen før, ≪ Wish You Were Here ≫. Etter kvart kjem Gilmour inn med ein bassgitar, og sa Waters med enno ein annan bassgitar. Wright legg seg sa pa med ARP-strykarar, før Gilmour startar pa rytmegitar i lag med trommene til Mason. Ein Minimoog-synthesizer spelar sa ein solo, og etter to minutt legg Gilmour seg pa soloen med ein lap steelgitar

Part VII (Waters, Gilmour, Wright; fra 5:01 ? 6:05) inneheld siste verset og refrenget, identiske til vokalpartia i part IV.

Part VIII (Gilmour, Wright, Waters; fra 6:05 ? 9:05) startar med Waters pa elektrisk gitar, medan Gilmour spelar eit arpeggio riff, og songen glir over i eit meir funky komp, før han sakte forsvinn i bakgrunnen, medan ein synthesizerakkord heng igjen, og songen glir over i siste del. Pa konsertversjonar pa In the Flesh -turneen i 1977 vart denne delen ofte utvida, og kunne vare opp til 10 minutt.

Part IX (Wright, fa 9:05 ? 12:31) er siste delen av verket, skriven av Wright, og fungerer som ein sørgemarsj og lovprising av Syd Barrett. Songen inneheld stort sett berre Wright pa tangentar og Mason pa trommer. Medan songen gradvis forsvinn ut, kan ein høyre ein kort bit av melodien til ≪See Emily Play≫ (ved 12:07), ein av Syd Barrett sine mest kjende songar.

Fakta [ endre | endre wikiteksten ]

  • Enkelte CD-utgaver av Wish You Were Here omtalar songane som ≪Shine on You Crazy Diamond Part 1≫ og ≪Shine on You Crazy Diamond Part 2≫. Desse utgavene inneheld nøyaktig den same musikken som dei andre utgavene.
  • Ei vidkjent soge fra innspelingane av plata, er at ein mann med barbert hovud og augebryn kom inn i studio under miksinga av ≪Shine on You Crazy Diamond≫. Bandet kjende ikkje igjen mannen, men oppdaga med eitt at det var Syd Barrett, som hadde lagt pa seg ein god del. Sidan dei miksa songane, matte dei høyre songane om att og om att, noko ikkje Barrett kunne skjøne, sidan dei alt hadde høyrt songane ein gong. ≪Wish You Were Here≫ var ein av songane som skal ha blitt spelt, og da bandet spurte Barrett om kva han syns om han, skal han ha svara at han syns songen høyrdest ≪litt gamal ut≫. Han vart godt tatt imot av bandet, og vart invitert til bryllaupsfesten til Gilmour (som var same dagen), men stakk av utan a seie noko. [2] Det var siste gong dei andre bandmedlemmane sag Barrett. [3] Gilmour har nyleg bekrefta soga, men hugsar ikkje kva song dei arbeida pa da Barrett dukka opp. [4]
  • I mars 2005 sette musikkmagasinet Q ≪Shine On You Crazy Diamond, Parts I?V≫ pa 25. plass over dei 100 beste gitarsongane nokon sinne.

Konsertutgaver [ endre | endre wikiteksten ]

Songen vart først spelt pa ein fransk turne i juni 1974 som ≪Shine On≫. Songen vart introdusert som ≪Shine on You Crazy Diamond≫ for første gong pa den britiske turneen i november 1974, og pa denne tida vart songen spelt som eit einaste langt stykke utan a vere delt pa midten. I tillegg hadde songen utdrag av Barrett sin solosong ≪Dark Globe≫.

Pa den nordamerikanske turneen i 1975 vart songen spelt i to delar med ≪ Have a Cigar ≫ i mellom. Denne versjonen fra 1975 var ganske lik albumversjonen, men hadde framleis sma skilnadar. Bandet spelte heile Wish You Were Here pa In the Flesh-turneen i 1977. Særleg den andre delen av songen kunne vere ein god del lengre enn pa albumversjonen, og ofte kunne heile stykket totalt sett strekke seg over 30 minutt.

Del 1-5 av songen vart eit fast innslag i Pink Floyd sine konsertar fra 1987 til 1994, og pla ofte a vere opningssporet, bortsett fra dei elleve første konsertane i 1987 da ≪ Echoes ≫ var opningspor. Ofte vart den tredje gitarsoloen i songen fjerna fra desse konsertane.

I det siste har David Gilmour spelt nesten heile stykket pa sine solokonsertar (bortsett fra Del 8 og 9). Pa On an Island-turneen sin i 2006 spela han derimot berre Del 1-5 (med nytt arrangement).

Roger Waters spelte og songen pa sine solokonsertar i 1999 og 2000, og ein versjon er med pa konsertalbumet hans In the Flesh . I 2002 spelte Waters alle delane av songen (bortsett fra at del 8 var korta ned litt), og i 2006 spelte han ei forkorta utgave pa The Dark Side of the Moon Live -turneen.

Medverkande [ endre | endre wikiteksten ]

Innspelt fra januar til juli 1975 ved Abbey Road Studios i London .

Utgjevingar [ endre | endre wikiteksten ]

≪Shine On You Crazy Diamond≫ finst pa følgjande utgjevingar:

Album
Video/DVD/BD
  • Delicate Sound of Thunder (VHS, berre Part I) ? Pink Floyd, 1988
  • PULSE (VHS og DVD, Parts I?V og VII) ? Pink Floyd, 1995 (VHS) 2006 (DVD)
  • In the Flesh ? Live (DVD, Parts I?VIII) ? Roger Waters, 2000
  • David Gilmour in Concert (DVD, Parts I?II, IV?V and VI?VII, reprise av Part V) ? David Gilmour, 2002
  • Remember That Night (DVD og BD , Parts I?II og IV?V) ? David Gilmour, 2007
  • Live in Gda?sk 3-disk, 4-disk og luksusutgavene (Parts I?II, IV?V) ? David Gilmour, 2008
  • Live at Pompeii (DVD, BD og luksusutgavene, Parts I?II, IV?V) ? David Gilmour, 2017

Merknadar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. http://www.geocities.com/cgwhitman2/pf/pf1974.html
  2. "Shine On!" Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine ., Total Guitar , september 1996
  3. David Gilmour inervju Arkivert 2007-02-16 ved Wayback Machine ., "Q Magazine", juni 1999
  4. La Repubblica , 3. februar 2006, oversetjing her Arkivert 2006-08-26 ved Wayback Machine .
  5. Ruhlmann, William. ≪A Collection of Great Dance Songs - Pink Floyd : Songs, Reviews, Credits, Awards≫ . AllMusic . Henta 30. juni 2013 .  
  6. ≪Echoes: the album credits≫ . Pink Floyd. Arkivert fra originalen 2. juni 2010 . Henta 13. juni 2019 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]