Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Shiba
, tidlegare kjent som
shiba inu
, er den minste av dei nasjonale japanske
hunderasane
. I Japan har det eksistert ulike
spisshundtypar
i lang tid, og skjelettfunn viser at shibaen har vore relativt uforandra i fleire tusen ar.
[1]
≪Shiba≫ tyder 'krattskog' pa japansk, men pa ein gammal
Nagano
-dialekt tyder det 'liten'. Namnet er blitt tolka med begge desse tydingane. ≪Inu≫ tyder 'hund'.
[2]
[3]
Shibaen var opphavleg ein
jakthund
som blei brukt til a jaga smavilt og fuglar.
[3]
Shiba er ein liten til middels stor spisshund med godt utvikla beinstruktur og muskulatur. Kroppen er noko lengre enn høgda (11:10). Ryggen er kort og sterk og lendet breitt og muskuløst. Brystkassen er djup og har svakt boga ribbein. Buklinja er godt opptrekt. Halen er høgt sett og blir anten halden ringla eller i ei sigdforma boge over ryggen. Hunden er rask og rører seg lett og uanstrengt i alle typar terreng. Hannene malar 38,5-41,5 cm i skulderhøgd, tispene ca. 3 cm mindre. Vekta er normalt 7-12 kg. I Japan varierer høgda meir (34-42 cm). Der er det dessuten vanleg med større variasjon i fargane enn det
rasestandarden
til FCI tillet.
Norsk kennelklubb har ein rasestandard for shiba.
[4]
- Fotnotar