한국   대만   중국   일본 
Schrodingers katt ? Wikipedia Hopp til innhald

Schrodingers katt

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Schrodingers katt er og namnet pa eit vitskapsprogram pa NRK . Sja TV-programmet Schrødingers katt
Schrodingers katt: ein katt, ei giftflaske og ei radioaktiv kjelde er plassert i ein lukka boks. Om det vert registrert radioaktivitet, vert flaska knust og katten døyr av gassen som slepp ut. Ein kan berre vite om katten er død eller levande ved a kikke inn i boksen

Schrodingers katt er eit paradoks i kvantefysikk , sett fram av Erwin Schrodinger i 1935 for a visa at teorien om kvantemekanikk er ufullstendig. Tankeeksperimentet var ein del av eit lengre skrift som gjekk over fleire utgaver i Die Naturwissenschaften , argang 1935. Seinare har paradokset hans mange gonger feilaktig vore framstilt som ein teori Schrodinger hadde.

Tankeeksperimentet gar ut pa at ein har eit radioaktivt atom i ein lukka boks saman med ein katt. Ein geigerteljar er kopla til ein hammar og ei flaske blasyre inne i boksen. Viss atomet desintegrerer og geigerteljaren registrerer ein alfapartikkel , vil hammaren knuse flaska med syre slik at det blir frigjeve giftig cyanid og katten døyr. Lagnaden til katten er dermed knytt til bølgjefunksjonen til atomet.

København-tolkinga av kvantemekanikk impliserer at etter ei stund er katten samstundes bade død og levande. Likevel, nar ein ser inn i boksen, vil ein sja at katten anten lever eller er død, ikkje bade levande og død. Dette demonstrerer at overgangen mellom endeleg og uendeleg ikkje er pavist før ein har gjort ei eksakt maling.

Da Schrodinger seinare vart spurd om katten, vart han irritert og papeikte at ≪det var pa sett og vis ein spøk≫.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]