한국   대만   중국   일본 
Sau ? Wikipedia Hopp til innhald

Sau

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sau
Sauer i den norske fjellheimen
Sauer i den norske fjellheimen
Status
Status i verda: Husdyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Ovis
Art: Sau O. aries
Vitskapleg namn
Ovis aries

Sau ( Ovis aries ) er ein drøvtyggar . Han er eitt av dei vanlegaste husdyra og vert avla fram for kjøt og ull . Sauen var eit av dei første dyra som vart tamde av menneske , truleg i Midtausten for om lag 10 000 ar sidan. Gjennom tidene har det utvikla seg ei rekkje ulike typar sau tilpassa ulike leve- og bruksomrade, og i moderne tid har ein avla fram nye rasar særskild tilpassa ull- og kjøtproduksjon.

Ordsoge [ endre | endre wikiteksten ]

Soay-sau .

Ordet ≪sau≫ stammer fra norrønt sauðr og er i slekt med verbet 'sauda/syda', det vil seia 'koka'. Ordet hev ≪d≫ til slutt i høgnorsk, landsmal og noen dialekter: ≪saud≫ (eller ≪Saud≫). Andre ord for dyra er ≪smale≫ (som i smalehovud ) og pa bokmal, dansk og svensk ≪far≫ (som i farikal ). Ein finn ordet ≪sau≫ att i stadnamn som Soay og ≪far≫ i Fair Isle og Færøyane .

Hosauen blir kalla søye, tekse eller sau; hannsauen ver, vedde eller bekre; ungen lam ; og eittaringen gimmer eller jømmer.

Skildring [ endre | endre wikiteksten ]

Kamerunsauer .

Sauer er noksa sma drøvtyggarar, som regel kjenneteikna av tettkrølla har, ull . Utsjanad og storleik varierer mykje etter kva type eller rase dei høyrer til. Tamsauer har ofte ungdyreigenskapar heile livet samanlikna med villsauer .

Sauer kan ha ei lengd pa 120-180 cm og skulderhøgd pa mellom 65 og 127 cm, medan vekta kan variera mellom 20 og 200 kg. Søyene er gjerne rundt 3/4-2/3 av storleiken til verane. Dyra kan vera fleire fargar, fra kvit til brun eller svart. Dei kan vera einsfarga eller ha ulike mønster, til dømes flekkar, prikkar eller føter og hovud i ein annan farge enn kroppen. Mange har spiralforma horn . Snuten er relativt smal og har ei vertikal kløft. Skallen pa tamsau skil seg fra villsau gjennom a ha mindre augeholer og hjernevolum. Villsau har gjerne ein kort hale pa ca. 7-15 cm, mens tamsau har ein noko lenger hale som ogsa fungerer som feittreserve.

Ein sau kan verta 8-12 ar gamal, men vert normalt slakta før det.

Muflon i dag.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Det er fleire teoriar om korleis prosessen føregjekk og korleis sauen oppstod, men DNA -analyse har vist at han stammar fra den asiatiske muflonen som no finst i fjellstrøka i Tyrkia og sør i Iran, og ein annan art som ikkje er funnen. Argali- og urialsau har vore kandidatar, men har ulikt kromosomtal fra tamsau og muflon, og er dermed lite trulege stammødre.

Utbreiing [ endre | endre wikiteksten ]

I Australia og New Zealand er sauer svært talsterke i forhold til folketalet elles; det er tolv gonger sa mange sauer som menneske pa New Zealand.

Atferd [ endre | endre wikiteksten ]

Sardinske sauer i flokk.

Intelligens [ endre | endre wikiteksten ]

Det er ein godt innarbeid myte at sauen er spesielt uintelligent , ein myte som nok har samanheng med at sauen ser ut til a ha ein ikkje- hierarkisk flokkmentalitet . Myten kjem til uttrykk i omgrep som ≪fareskalle≫, ≪dum som ein sau≫ og ≪a følgja bjøllesauen (utfor stupet)≫.

Forsøk som talar mot slike utsegner har mellom anna vist at sauer er i stand til a kjenna igjen ansiktstrekka hja i alle fall 50 andre sauer over ein toarsperiode og at enkelte individ er flinke til a laga hol i gjerde eller pa anna vis overkoma dei hindera menneska set opp. Sauene er ogsa i stand til a identifisera slektningar og kan halda særskilte vennskap innan flokken. Dei har ogsa individuelle karaktertrekk; til dømes er nokre sauer veldig pagaande og nokre klarer seg fint utanom flokken. Det finst om enn dekning for a pasta at ein gjennom domestikasjonen har luka ut smartare sauer, i det dei ofte vert sett pa som problemdyr. Ein annan grunn til utlukinga kan vera at me lenge har prioritert kjøttproduktive sauer framfor sauer som lettare forsvarer seg mot rovdyr.

Flokkgrupper [ endre | endre wikiteksten ]

Sau pa fjellbeite

Det er ingen tvil om at sauen har ein tendens til a samla seg i flokkar, men den er ikkje fullstendig avhengig av ein større flokk. Det hender at sauer deler seg opp i mindre grupper som ein einsleg sau med lam og kanskje fleire vaksne etterkomarar, eit par verar som star kvarandre nær ( bifili er ikkje eit uvanleg fenomen), ein flokk gimmer og gjeldsauer (sauer utan lam), ein flokk leia av ein spesiell sau (til dømes ein halvspæl blant dalasauer) eller eit par nærslekta eller ikkje fullt sa nærslekta sauer.

Avl [ endre | endre wikiteksten ]

Sauer pa ein gard i Cumbria . I England er det vanleg a kryssa hardføre nordlege rasar med større, men veikare rasar for a fa størst mogleg produksjon.

Gjennom tidene har det utvikla seg ulike typar sau etter kva klima, for og krav til kjøt og ull ein hadde. Avl kan brukast til a forbetra visse eigenskapar hja ein sau. Gjennom kryssing av ulike typar kan ein ogsa fa fram ei blanding av ulike eigenskapar.

Av kommersielle grunner vert gjerne desse eigenskapane desse prioritert:

  • Fruktbarheita (helst to lam om hausten) [ treng kjelde ]
  • Tilvekstevne som lam (høg tilvekst første fire-fem manadane)
  • Slaktekvalitet hja lam (høg kjøttfylde og relativt lite feitt)
  • ≪Morseigenskapar≫ (uttrykt ved lammetilvekst og problemfri lamming )
  • Ullmengde
  • Ullkvalitet
  • Eksteriør (kroppsbygnad som høver til utmarksbeita; sterke bein og godt jurstell)

Andre eigenskapar som kan ha ein innverknad er

  • Atferd (lammedreparar vert luka ut)

I avlen vert det nytta fa verer, og det er difor viktig at dei ein nyttar er spesielt gode. Difor vert vereavl sett i system ved karing , verringar og verindeksar .

Sauerasar [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og oversyn over sauerasar

Meir enn 200 raser er kjent. Blant sauerasane som finst i Noreg er Dala , rygja , spælsau , sjeviot , svartfjes , norsk pelssau , texel , steigar og finsk landrase . I tillegg kjem rasevarietetar; i Noreg vert dei fleste sauene kategoriserte som norsk kvit sau .

Produkt [ endre | endre wikiteksten ]

Saueostar til sals pa Malta .

Hovudprodukt i Noreg er kjøt og ull . Andre produkt er mjølk og ost , skinn , tarmar og ullfeitt (lanolin).

Sauekjøtet vert nytta i matvarer som smalahovud , farepølse , pinnekjøtt , lammelar og farikal . Det er spesielt lammekjøtet som er attraktivt.

Verdivurdering [ endre | endre wikiteksten ]

Verdien av eit lammeslakt vert bestemt av slaktevekta og slaktekvaliteten (muskelfylde, feitheitsgrad , feittfordeling og feittfarge). Dersom lammet oppfyller eit sett spesielle kriterie, sa vert det kalla stjernelam , noko som gjev eit ekstra pristillegg for produsenten.

Ullverdien vert bestemt av vekta, typen (crossbreed, spel, pels) og kvaliteten (farge, vegetabilmengd, filting ...).

Sauer i kulturen [ endre | endre wikiteksten ]

Egyptisk stele med guden Amon i ulike skapnader, mellom anna ein ver.
Sauemosaikk fra Bysantium pa 500-talet.

Sauen har sidan temminga blitt til eit av dei viktigaste husdyra i ei rekkje ulike kulturar. I egyptisk mytologi var veren eit symbol for guden Ra ( Amon , Heryshaf ) og i Iran er det funne ein statuett som tyder pa at ein dreiv framavling av ullgode sauer alt for 6000 ar sidan. Sauen finst ogsa som stjerneteikn bade i den vestlege ( Veren ) og den kinesiske dyrekrinsen .

Innan kristendommen har sauen ei særskild tyding. Jesus er ofte skildra som ≪Guds (offer)lam≫, men Gud er ogsa ein hyrding for menneska, som blir likna med ein saueflokk.

Det kvite lammet symboliserer ofte uskuld og reinleik, medan den svarte sauen har vore brukt om nokon som skil seg ut negativt (som i uttrykket ≪familiens svarte far≫). Sauen som flokkdyr kan sta for folk som ikkje tenker sjølv, men blindt følgjer leiarar.

Sauer er nemnd i alt fra barnesonger som ≪ Bæ, bæ, lille lam ≫ til klassiske songar som ≪ Schafe konnen sicher weiden ≫ og religiøse som ≪ Agnus dei ≫ og ei rekkje salmar .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sau