Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sasanidane
var det siste innfødde
dynastiet
i
Persarriket
(
Iran
) før den
arabisk-muslimske invasjonen
pa 600-talet. Sasanidetida byrja i
226
, da dynastiet erobra
Parti
, og enda pa midten av 600-talet, da riket blei erobra av arabarar.
Namnet pa dynastiet kjem fra
Sasan
, ein stamfar av den første sasanideherskaren
Ardasjir I
(224-240).
Ktesifon
var
hovudstad
i riket. Hovudstaden fall for arabarane allereie i
636
.
Statsreligionen
i riket var
parsisme
(zoroastrisme). Retningen
zervanisme
var den viktigaste retningen innan parsismen i sasanideriket.
Profeten Mani
(216-277), som hadde utvikla ein ny skriftreligion, var verksam i denne perioden. I 250 fekk Mani kong
Sjapur I
til a konvertera til
manikeismen
, og under hans styretid hadde manikeismen stor framgang. Etter at kongen døydde blei Mani og tilhengjarane hans forfølgde. Mani blei teken, fengsla og dødsdømd, men døydde i fengselet før dommen blei fullført.
[1]
[2]
Under sasanidane huste Ktesifon eit av dei største biblioteka i antikken. I samband med den arabiske invasjonen blei biblioteket plyndra, og alle bøkene blei brende eller kasta i
Eufrat
. Ifølgje historikaren
al-Tabari
skreiv befalshavaren
Sa'd ibn Abi Waqqas
til kalif
Umar ibn al-Khattab
og spurd kva han skulle gjera med boksamlinga i palassa i den sasanidiske hovudstaden. Umar skreiv tilbake at om bøkene var i strid med
Koranen
var dei blasfemiske, men om dei stemde med han var det ingen fare. Skriftene enda med a bli øydelagde, og dermed blei ein stor del av dei persiske litteraturskattane tapte for ettertida.
- ↑
≪Mani≫
.
Nationalencyklopedin
. Henta 17. mai 2012
.
[
daud lenkje
]
- ↑
Ewald, Stefan (huvudforfattare) (1990, sv upplaga 1996). Religionslexikonet. Stockholm: Bokforlaget Forum.
ISBN
91-37-11539-1