Samuel Colt
(
19. juli
1814
?
10. januar
1862
) var ein USA-amerikansk
oppfinnar
og
forretningsmagnat
.
Colt utvikla
revolveren
og gjorde han økonomisk for eit større publikum ved hjelp av
masseproduksjon
. Colt bidrog med skytevapen bade til
Nord-
og
Sørstatane
under
den amerikanske borgarkrigen
, og til nybyggjarar i ≪
Det ville vesten
≫. Samuel Colt grunnla Colt's Patent Fire-Arms Manufacturing Company, i dag
Colt's Manufacturing Company
.
Colt var fødd i
Hartford
i
Connecticut
som son av forretningsmannen Christopher Colt (1777-1850) og Sarah Colt, fødd Caldwell. Samuel var tidleg interessert i teknikk og kjemi. Ein av dei første eigdelane var ein gammal
flintlaspistol
som hadde høyrt til morfaren hans, John Caldwell, som hadde vore offiser i
den kontinentale hæren
. Colt var særs interessert i oppslagsverket
Compendium of Knowledge
som han kom over under skulegangen. Han bygde sjølv ei
galvanisk celle
og eksperimenterte med
pyroteknikk
. Han heldt oppvisingar pa den amerikanske sjølvstendedagen 4. juli. Ved eit slikt høve, i 1830, starta han ein brann pa kostskulen han gjekk pa, og blei send heim. Faren sende han til sjøs i staden. Colt reiste med briggen ≪Corvo≫ til Calcutta, og undervegs laga han ein tremodell av ein
pepperbox
-pistol, ein forløpar for revolveren. Han skilde seg fra samtidige vapen ved at den roterande sylinderen blei last pa plass i staden for at brukaren sjølv prøvde a setja han i rett stilling.
Dei ulike delane av ein Colt 1851 Navy-revolver.
Samuel Colt vende tilbake til USA i 1832. Han fekk støtte av faren til a utvikla ein pistol og ei rifle. Pistolen eksploderte da han blei avfyrt, men rifla verka godt. Faren nekta a finansiera vidare forsøk, og Colt la ut pa ein turne der han demonstrerte
lystgass
i USA og Canada som ≪the Celebrated Dr. Coult of New-York, London and Calcutta≫. Han prøvde ei stund a halda meir seriøse vitskaplege foredrag, men fann at meir underhaldande førestillingar selde betre. Saman med bilethoggaren
Hiram Powers
laga han ei førestilling med vaksskulpturar og pyroteknikk som bygde pa
Den guddommelege komedie
.
Med midla han hadde spart kunne Colt betala
børsemakarar
i
Baltimore
til a byggja vapenet han ville utvikla. Han fekk lan og rad fra ein venn av faren, Henry Leavitt Ellsworth, som arbeidde ved
patentkontoret
i USA. Da Colt hadde utvikla ein god pistol-prototyp radde Ellsworth han til a søka patent i Storbritannia først og deretter i USA. I 1835 reiste han til England, fekk etter ei viss tid patent der, og tok sa patent i USA. I 1836 danna han eit selskap med
risikokapital
, Patent Arms Manufacturing. Medan Colt ikkje rekna seg sjølv som oppfinnaren av revolveren, stod han for store framsteg i utforminga, som ei
tennhette
som gjorde avfyringa tryggare, raskare og meir paliteleg, og ein sylinder som blei last pa plass pa linje med løpet. Colt brukte ogsa fleire utskiftbare delar, og hadde som mal a utvikla eit skytevapen som kunne lagast pa
samleband
.
Colt demonstrerte pistolen sin pa
landhandlar
og for president
Andrew Jackson
, som gav han ei skriftleg godkjenning. Salet gjekk likevel tregt, og da han først fekk ein større ordre fra Sør-Carolina kunne ikkje verksemda produsera dei 50-75 vapena som trongst raskt nok. Under
Seminolekrigen
i Florida brukte dei amerikanske soldatane pistolar og rifler fra Colt. Verksemda hadde likevel store økonomiske vanskar, og i 1843 blei ho nedlagd.
Colt utvikla no andre oppfinningar: Vasstette leidningar av koppar og tjøre, og elektriske detonatorar til undervassbruk. Han slo seg saman med
Samuel Morse
, som la
telegraflinjer
under elver, innsjøar og bukter. Colt hadde stor tru pa at leidningen hans ville gjera det godt saman med Morse si telegrafoppfinning. Da fiendskap voks mellom USA og Storbritannia fatta dei amerikanske styresmaktene interesse for Colt sine
sjøminer
, men kongressmannen
John Quincy Adams
kalla dei ukristelege og urettvise, og gjorde ende pa prosjektet.
Samuel Colt byrja no utviklinga av
patronar
som tolte vatn. Opptil da hadde ein brukt sma kruthaldarar av skinn eller papir som kunne bli øydelagde om dei blei vate. Colt prøvde ulike haldarmateriale, men valde til slutt tynn metallfolie. Etter fleire forsøk fekk Colt ein ordre pa 200 00 slike patronar fra den amerikanske hæren. Colt hadde no tid og pengar til a vidareutvikla revolveren sin, sjølv om han ikkje hadde nok støtte til a gjenopna produksjonen.
Colt's Patent Fire-Arms Manufacturing Company
[
endre
|
endre wikiteksten
]
I 1847 oppsøkte kaptein
Samuel Walker
fra politi/militærstyrken
Texas Rangers
Colt og bestilte 1 000 revolverar til bruk i
krigen mot Mexico
. Han hadde sett Colt sine vapen i bruk under Seminolekrigane, og bad om eit par endringar: Dei nye vapena skulle ha plass til 6 kuler i staden for 5, vera sterke nok til a kunne drepa ein mann eller hest med eitt skot, og vera raskare a lada. Resultatet blei eit vapen kalla
Colt Walker
. Med den nye store ordren kunne Colt byrja vapenproduksjon att. Han bygde fabrikken Colt's Patent Fire-Arms Manufacturing Company i Hartford, i 1848. Ein større fabrikk blei bygd i 1855. Colt hadde ogsa ein fabrikk i London som byrja produksjon i 1853.
Colt 1851 Navy
Dei første revolverane fra fabrikken i Hartford blei kalla ≪Whitneyville-Hartford-Dragoons≫, og blei sa populære at ≪Colt≫ blei eit vanleg ord for ein revolver. Fra 1848 fekk fabrikken fleire ordrar for
Colt Dragoon
-revolverar, ei vidareutvikling av Colt Walker-typen. Det blei ogsa utvikla ein mindre type for sivile kalla
Baby Dragoon
. Revolverane, som kunne fyrast av seks gonger før dei matte ladast om, gjorde det mogleg a nedkjempa større styrkar som var darlegare utrusta. Etter vitnesbyrd blei den amerikanske hæren utrusta med ein modell kalla Ranger og seinare kjend som
Colt 1851 Navy
. Denne hadde ein storleik mellom Baby og vanleg Dragoon. Vapenet blei ogsa utbreidd blant sivile, og Colt sende ogsa agentar til Mexico for a selja revolveren der.
Patent fra 1855 pa Colt-modellen Sidehammer eller Root.
Samuel Colt vakta patentrettane sine, og gjekk til mange søksmal mot dei han meinte braut det. Han oppnadde nært monopol pa sin type skytevapen i Nord-Amerika og Europa, og gjorde store sal ved a tilby
vapen til nasjonar pa begge sider
av moglege konfliktar. Forfølginga av sin eigen patent hindra andre fra a vidareutvikla vapenet hans, men tvinga dei til a ga nye vegar. Ho sinka ogsa Colt si eiga utvikling. Da ein av hans tilsette, Rollin White]], føreslo gjennombora sylindrar slik at ein kunne bruka metallpatronar i handvapen, blei han sagt opp. White tok ideen sin til konkurrenten
Smith & Wesson
, som tok patent pa ideen og hindra Colt fra a bruka han i tjue ar.
Colt marknadsførte vapena sine ved hjelp av gaver, bestikking, merkevarebygging og mange ulike typar
reklame
. Han gjorde revolveren sin til eit symbol pa amerikansk fridom og patriotisme, og framheva amerikansk teknologi over europeisk.
Under
den amerikanske borgarkrigen
fortsette Colt praksisen med a selja vapen til begge sider. Dette gav han stempel som ein sørstatssympatisør og forrædar i fleire Nordstats-aviser. Som motsvar pa desse anklagene blei Colt 16. mai 1861 utnemnd til oberst i ≪1st Regiment Colts Revolving Rifles of Connecticut≫ som var utstyrt med rifler av
Colt Model 1855 Revolving Carbine
.
Samuel Colt døydde i Hartford av
urinsyregikt
den 10. januar 1862. Han etterlet formuen sin pa 15 millionar dollar (rundt 350 millionar omrekna til 2009-verdiar) til kona si Elizabeth og den tre ar gamle sonen Caldwell Hart Colt, og eit større beløp til nevøen Samuel Caldwell Colt. Svogeren Richard Jarvis fekk ansvaret for forretninga.
I 1867 bygde enkja Elizabeth ei kyrkje til minne om Colt og dei tre barna dei hadde mista. Eit kyrkjelydshus blei tilføyd i 1894 til minne om den avdøde sonen Caldwell. Church of the Good Shepherd and Parish House i Hartford er no oppført pa lista
National Register of Historic Places
.
I 2006 blei Samuel Colt innført i
National Inventors Hall of Fame
.
- Denne artikkelen bygger pa ≪
Samuel Colt
≫ fra
Wikipedia pa engelsk
, den 14. mai 2014.
- Adler, Dennis (2008).
Colt Single Action: From Patersons to Peacemakers
. Edison, New Jersey: Chartwell Books. s. 309.
ISBN
978-0-7858-2305-6
.
- Auerbach, Jeffrey A. (1999).
The Great Exhibition of 1851: a nation on display
. New Haven, Connecticut: Yale University Press.
ISBN
978-0-300-08007-0
.
- Barnard, Henry
(1866).
Armsmear: the home, the arm, and the armory of Samuel Colt: A memorial
. New York: Alvord Printer.
- Bowman, H.W. (1963). Lucian Cary, red.
Antique Guns
(Abridged Edition Fawcett Book 553)
(4th printing utg.). Greenwich, Connecticut: Fawcett Publications.
- Carey, Arthur Merwyn (1953).
American firearms makers: When, where, and what they made from the Colonial period to the end of the nineteenth century
. Springfield, Ohio: Crowell.
- Dickens, Charles
(1854). ≪Guns and Pistols≫.
Household Words
4
: 583.
- Edwards, William B. (1953).
The Story of Colt"s Revolver: The Biography of Col. Samuel Colt
. Harrisburg, PA: Stackpole Company.
- Evans, Harold; Buckland, Gail; Lefer, David (2004).
They Made America: From the Steam Engine to the Search Engine: Two Centuries of Innovators
. Boston: Little, Brown and Co.
ISBN
0-316-27766-5
.
- Foster-Harris, William (2007).
The Look of the Old West: A Fully Illustrated Guide
. New York: Skyhorse Publishing.
ISBN
978-1-60239-024-9
.
- Gibby, Darin (2011).
Why America Has Stopped Inventing
. Hampton, Virginia: Morgan James Publishing.
ISBN
978-1-61448-049-5
.
- Haven, Charles Tower; Belden, Frank A. (1940).
A history of the Colt revolver: and the other arms made by Colt's patent fire arms manufacturing company from 1836 to 1940
. New York: W. Morrow & company.
- Hosley, William (1996).
Colt: The Making of an American Legend
. Amherst, Massachusetts: University of Massachusetts Press.
ISBN
978-1-55849-042-0
.
- Hosley, William (1999). ≪Guns Gun Culture and the Peddling of Dreams≫. I Jan E. Dizard, Robert M. Muth, Stephen P. Andrews.
Guns in America: a reader
. New York: NYU Press. s. 47?85.
ISBN
978-0-8147-1879-7
.
- Hounshell, David A.
(1984),
From the American System to Mass Production, 1800-1932: The Development of Manufacturing Technology in the United States
, Baltimore, Maryland: Johns Hopkins University Press,
ISBN
978-0-8018-2975-8
,
LCCN
83016269
- Lundeberg, Philip K.
,
Samuel Colt’s submarine battery: the secret and the enigma
. Washington, Smithsonian Institution Press, 1974.
- Houze, Herbert G.; Cooper, Carolyn C.; Kornhauser, Elizabeth Mankin (2006).
Samuel Colt: arms, art, and invention
. New Haven, Connecticut: Yale University Press.
ISBN
978-0-300-11133-0
.
- Klepper, Michael; Gunther, Michael (1996).
The Wealthy 100: From Benjamin Franklin to Bill Gates?A Ranking of the Richest Americans, Past and Present
. Secaucus, New Jersey: Carol Publishing Group. s. xiii.
ISBN
978-0-8065-1800-8
.
OCLC
33818143
.
- Lehto, Mark R.; Buck, James R. (2008).
Introduction to human factors and ergonomics for engineers
. New York: Taylor & Francis.
ISBN
978-0-8058-5308-7
.
- Lendler, Marc
(1997).
Crisis and political beliefs: the case of the Colt Firearms strike
. New Haven, Connecticut: Yale University Press.
ISBN
978-0-300-06746-0
.
- Mann, E.B. (1982). ≪Colt: the man behind the gun≫.
Field & Stream
86
(4).
- Mappen, Marc (2004). ≪Colt, Samuel≫. I Maxine N. Lurie.
Encyclopedia of New Jersey
. Piscataway, New Jersey: Rutgers University Press.
ISBN
978-0-8135-3325-4
.
- Roe, Joseph Wickham (1916),
English and American Tool Builders
, New Haven, Connecticut: Yale University Press,
LCCN
16011753
. Reprinted by McGraw-Hill, New York and London, 1926 (LCCN: 27024075); and by Lindsay Publications, Inc., Bradley, Illinois, (
ISBN 978-0-917914-73-7
).
- Rohan, Jack (1935).
Yankee Arms Maker: the incredible career of Samuel Colt
(1st utg.). New York: Harper and Brothers Publishers.
- Sapp, Rick (2007).
Standard Catalog of Colt Firearms
. Iola, Wisconsin: F+W Media, Inc,.
ISBN
978-0-89689-534-8
.
- Schechter, Harold
(2010).
Killer Colt: Murder, Disgrace, and the Making of an American Legend
. New York: Random House.
ISBN
978-0-345-47681-4
.
- Schiffer, Michael B. (2008).
Power struggles: scientific authority and the creation of practical electricity before Edison
. Cambridge, Massachusetts: MIT Press.
ISBN
978-0-262-19582-9
.
- Serven, J.E.; Metzger, C. (1946).
Paterson Pistols, First of the Famous Repeating Firearms patented and promoted by Samuel Colt
. New York: Foundation Press.
- Smith, Anthony (2004). ≪From Whittling to Peacemaking≫.
Machine Gun: The Story of the Men and the Weapon That Changed the Face of War
. New York: Macmillan.
ISBN
978-0-312-93477-4
.
- Soule, Gardner (1961). ≪The Story of Sam Colt's Equalizer≫.
Popular Science
179
(6): 89.
- Tucker, Barbara M.; Tucker, Kenneth H. (2008).
Industrializing antebellum America: the rise of manufacturing entrepreneurs in the early republic
. New York: Macmillan.
ISBN
978-1-4039-8480-7
.
- Tucker, Spencer C.; Pierpaoli, Paul G.; White, William E. (2010).
The Civil War Naval Encyclopedia, Volume 1
. Santa Barbara, California: ABC-CLIO.
ISBN
978-1-59884-338-5
.
- Warshauer, Matthew (2011).
Connecticut in the American Civil War: slavery, sacrifice, and survival|
. Middletown, Connecticut: Wesleyan University Press.
ISBN
978-0-8195-7138-0
.
- Wilson, R. L. (1991).
Colt: An American Legend
. New York: Abbeville Press.
ISBN
978-0-89659-953-6
.