Saltvatn

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Fordelinga av grunnstoff i havet
(etter masse):
Oksygen 85,7 %
Hydrogen 10.8 %
Klor 1,9 %
Natrium 1,05 %
Magnesium 0,135 %
Svovel 0,0885 %
Kalsium 0,04 %
Kalium 0,038 %
Brom 0,0065 %
Karbon 0,0026 %
Alle hav inneheld saltvatn.

Saltvatn er vatn med ein større mengd oppløyste salt . Ein reknar vatn med ein salinitet pa 35 promille salt eller meir som saltvatn. Saltvatn finst hovudsakleg i hava , men ein finn det ogsa i innsjøar med lite tilsig, som Dødehavet eller Kaspihavet . Det finst og meromiktiske innsjøar med saltvatn nær botn, til dømes Rørholtfjorden (ein arm av innsjøen Tokke ).

I snitt har hava eit saltinnhald pa 3,5 %, det vil seie at ein finn 35 gram salt i ein liter havvatn. Det er likevel forskjell mellom ulike hav; austre delen av Finskebukta og nordenden av Botnvika , begge i Austersjøen , er dei minst salthaldige delane av verdshava, medan Raudehavet har høgast innhald av salt.

Saltvatn kan ikkje drikkast [ endre | endre wikiteksten ]

Det salte vatnet kan berre brukast som drikkevatn etter a ha blitt avsalta . Kroppen vil nemleg matte bruka meir vatn pa a skilja ut minerala i vatnet gjennom urinen enn det han far i seg ved a drikka det.

Kvifor er havvatn salt? [ endre | endre wikiteksten ]

Menneska har ofte undra seg over kvifor det finst sa mykje salt i havet, og forteljinga om ei kvern som star og mel salt pa havbotnen har vore utbreidd over store delar av verda.

Den vitskaplege forklaringa, først føreslatt av Edmond Halley i 1715, er at elvar fører med seg store mengder mineral til havet etter at dei er blitt vaska ut av grunnen av regn . I tillegg har ein seinare funne at ein stor del natrium lak ut fra havbotnen da verdshava blei til.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]