한국   대만   중국   일본 
Salmane ? Wikipedia Hopp til innhald

Salmane

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Salme 1 skriven pa hebraisk - nynorsk Sæl er den mann som ikkje gjeng i raad med ugudelege og ikkje stend paa veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar, men som hev si lyst i Herrens lov og grundar paa hans lov dag og natt.

Salmane , og kalla Davidssalmane , er ei av visdomsbøkene i Bibelen . Boka inneheld poetiske tekstar og er den lengste boka i Bibelen . Mange av tekstane er retta til Gud . [1]

Salme 1 i Sankt Florian-psalteret fra 1300- eller 1400-talet.

Boka omfatter i alt 150 salmar i ulike sjangrar. [1] Nokre salmar er vekselsongar som har vore bruka i tidlege jødiske gudstenesteritual (til dømes salme 15 og 24), andre er skrivne for kongevigsling (t.d. salme 2 og 110). Salme 1 og salme 119 er læresalmar, medan dei fleste andre som ber preg av a vere bøner , profeti , fyndord og lovprisingsvers. Dei er knytte til vidt forskjellige tidsperiodar; nokre omtaler hendigar etter bortføringa til Babylon . Tekstene skal ha vore skrivne av Moses , David (vel sytti salmar er Davidssalmar ), Salomo (12 salmar), Asaf og fleire andre, ikkje alle er namngjevne. Fleire av tekstane har overskrifter, og i nokre er det ført opp musikalske uttrykk som vi ikkje sikkert kan tyde i dag.

Namn [ endre | endre wikiteksten ]

Det hebraiske namnet pa Salmane er Tehillim ( hebraisk skrift ?????????? [t?hil'l?m]) eller sefer tehillim , 'lovprisingsboka'. Det greske er Psalmoi (Ψαλμο? [psal'moj]). Dette er avleidd av psalmos , 'lovsong', fra psallein , 'a syngja til harpeakkompagnement'. Bokmalsnamnet er Salmenes bok . Ein har ogsa omtalt samlinga som Psalteren , etter psalterion, eit strengeinstrument. [1]

Inndeling [ endre | endre wikiteksten ]

Maleri i Yohanan ben Zakkai-synagogen i Jerusalem med tekst fra to salmar i Salmane.

Tradisjonelt vert Salmane delte inn i fem delar: Første bok , kap. 1-41, Andre bok , kap. 42-72, Tredje bok , kap. 73-89, Fjerde bok , kap 90-106, og Femte bok , kap. 107-150. Kvar av desse bolkane sluttar med eit lovprisningsord. Heile salme 150 er ei lovprising som avsluttar heile salmesamlinga.

Tekstane er eit godt eksempel pa den semittiske poesien fra oldtida. Dei inneheld opptakingar og parallellstrofar , som er typisk for litteraturen. Dei tek opp mange av dei religiøse tankane som resten av Den hebraiske bibelen held fram. Dei gjev uttrykk for bade lovprising, sorg, bøn og andre kjensler. Nokre av salmane er akrostiske ; det vi seie at dei er inndelte i avsnitt som begynner pa forskjellige bokstavar i det hebraiske alfabetet .

Salmane har alltid vore sentrale i den jødiske gudsdyrkinga. Dei blir og rekna som sentrale skrift i kristendommen . Dei bibelske salmane har vore førebilete for den kristne salmediktinga . Vi finn mange av orda att i salmeboka , til dømes desse linene fra den 127. salmen som vi finn att i fedrelandssalmen til Blix :

Dersom Herren ikkje byggjer huset
arbeider dei faafengt som byggjer pa det.

Overlevering [ endre | endre wikiteksten ]

Den eldste tilnærma fullstendige utgava av den hebraiske teksten er handskriftet Codex Leningradensis fra 1008. Dette blir nytta i dei fleste moderne bibelutgaver, bade kristne og jødiske. Det finst og eldre hebraiske handskrift som Codex Aleppo fra 900-talet og kring tretti Daudehavstekstar , men desse er ikkje fullstendige. [1]

Salmane blei saman med heile den hebraiske bibelen omsett til gresk i ein jødisk kontekst fra 200-talet f.Kr. til det første hundrearet. Desse omsetjingane blei kalla Septuaginta . Talet pa handskrifter av Salmane er høgt samanlikna med andre bibelske bøker. [1]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Eidsvag, Gunnar Magnus (31. oktober 2019). ≪Salmenes bok≫ . Store norske leksikon (pa norsk bokmal).