Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ryggstrengdyr
(
Chordata
) er ei
dyrerekkje
som omfattar
virveldyr
og dei nærmaste
virvellause slektningane
,
kappedyr
og
lansettfiskar
. Av utdøydde representantar kan
conodontane
nemnast.
Ryggstrengdyra har namnet sitt etter
ryggstrengen
(
chorda dorsalis
eller
notokord
). Dette er ein elastisk støttestav som ligg over
tarmkanalen
. Funksjonen er sannsynlegvis a halde lengda til dyret konstant under rørsle, noko som kan forklare korfor ringmuskellaget (som oppstod i stamarten til
bilateriane
) gjekk tapt, i og med at dette muskellaget hadde same funksjon. Ryggstrengen er hos pattedyr berre bevart som sma væskefylte ≪puter≫ i brusken i
mellomvirvelskivene
. Over ryggstrengen ligg
ryggmergen
, som pa dette stadiet blir kalla
nevralrøyret
, fordi det bli danna som eit einskilt væskefylt røyr. Opphavet til dette røyret er usikker, men ein teori gar ut pa at røyret har opphavet sitt i ei fjern larveform kledd med ciliehar. Med unntak av einskilde
hemichordatar
er dette eit trekk ryggstrengdyra er aleine om, og som har gjort ei sterk utvikling av nervesystemet mogleg.
Ryggstrengdyr deler nok ein eigenskap med dei fleste hemichordatar, men ingen andre nolevande dyr, Det er ein
gjelletarm
med gjellespalter. Korleis gjelletarmen oppstod, er ikkje kjent, men før han tok til a ta seg av
gassutvekslinga
mellom dyret og omgjevnaden som ein tilleggsfunksjon, var rolla a filtrere vatnet for næringspartiklar. Dette tyder pa eit levesett som viser at forfedrane til ryggstrengdyra stort sett levde som passive filtrerarer. Dette gjeld truleg for heile stamforma til
deuterostomiane
. Hos einskilde ryggstrengdyr finst det ei innvendig bukfure ventralt i gjelletarmen,
endostyl
. Det er ei ciliekledd og slimproduserande renne som speler ei viktig rolle ved filtreringa av partiklar fra vatnet. Hos
hemichordatane
har nokre artar ei byrjing pa denne strukturen, som er fullt til stades hos
kappedyra
og
lansettfiskane
. Ogsa hos
niaugelarver
finst det ein tilsvarande struktur, men det er ikkje heilt sikkert om dette er eit opphavleg trekk eller om det har oppstatt sekundært. I alle fall viser den felles funksjonen av denne bukfura hos sapass ulike grupper at ho er eit opphavleg trekk ved bygningen til ryggstrengdyra. Hos resten av medlemmene av Chordata er denne anatomiske detaljen blitt vidareutvikla til
skjoldbruskkjertelen
.
Ein annan særmerkt eigenskap ved ryggstrengdyra er at
anatomien
er snudd opp?ned i høve til andre
bilaterale dyr
. Dette gjer at nervesystemet ligg pa ryggsida og blodkarsystemet pa buksida, stikk motsett av kva som er tilfellet hos andre dyr. Ei mogleg forklaring er at ein
stamart
ein gong i fjern fortid tok til a leve ≪med buken i veret≫, utan at det er kjent korfor.