Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sajjed
Ruhollah Khomeini
(
24. september
1902
–
3. juni
1989
), kjend som
imam
Khomeini
i Iran og verdskjend som
ayatolla
Khomeini
, var ein
iransk
geistleg og
øvste leiaren i Iran
fra
den iranske revolusjonen
i
1979
til han døydde i 1989.
Khomeini var den andelege leiaren for mange iranske
sjiamuslimar
, og stod ogsa i politisk opposisjon til
sjahen av Iran
,
Muhammed Reza Pahlavi
. Han gjekk inn for avskaffing av
monarkiet
og innføringa av ein
islamistisk
stat. Etter at sjahen var blitt avsett kom Khomeini tilbake fra
eksil
og blei den første religiøse leiaren i den islamske republikken Iran.
I oktober dette aret tok
gisselkrisa i Iran
til, der fleire titals
diplomatar
fra den
amerikanske
ambassaden
blei haldne som gislar i 444 dagar. Ein manad seinare blei den nye teokratiske grunnlova til landet vedteken. Iran blei invadert av Irak under
Saddam Hussein
i september 1980, og
krigen mellom Iran og Irak
kom til a vara fram til august 1988. Dei dramatiske hendingane samla iranarar bak det nye prestestyret i Iran.
I 1989 framsa Khomeini ein
fatwa
med ein
dødsdom
mot forfattaren
Salman Rushdie
og alle som hadde hjelpt til med a utgje boka
Sataniske vers
for
blasfemi
mot
profeten Mohammed
. Utsegna sende sjokkbølgjer gjennom det internasjonale samfunnet, førte til drap pa den japanske omsetjaren av boka og attentatforsøk mot to andre involverte, mellom dei den norske forleggjaren
William Nygaard
. Rushdie levde i skjul i mange ar, og blei utsett for attentatforsøk.
Khomeini døydde at hjarteatak i juni 1989, 86 ar gammal. Store folkemassar kom ut pa gatene i Iran for a sørgja. Rundt to millionar kom til gravferda hans. Khomeini blei gravlagd i eit eige
mausoleum
i
Teheran
.
| Denne artikkelen
treng
referansar
for verifikasjon
.
Du kan
forbetra artikkelen
ved a leggja inn referansar til palitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang a markera dei setningane/pastandane som treng kjeldebelegg ved a tilføya
{{
tr
}}
etter pastanden.
(2023)
|