Rudolph Valentino
(
6. mai
1895
–
23. august
1926
) var ein italiensk-amerikansk
skodespelar
.
[1]
Med tilnamnet ≪Den store elskaren≫ var han det første verkelege mannlege
sexsymbolet
i
filmhistoria
. Han har ei stjerne pa
Hollywood Walk of Fame
.
Valentino var fødd i
Castellaneta
i
Italia
same aret som
filmkameraet
blei oppfunne (1895). Han var det tredje barnet til foreldra sine, og det fulle namnet hans var
Rodolfo Alfonso Raffaello Piero Filiberto Guglielmi di Valentina d'Antoguolla
. Familien hadde i alt fire barn, men to jenter døydde som barn.
Sjølv om Rudolph Valentino var kreativ og belest var han ein vanskeleg student. Han protesterte mot rutinane i klasserommet, og trassa lærarane. Ein har gatt ut fra at den vanskelege atferda hans delvis kjem av at far hans døydde i 1906, da Valentino sjølv var elleve ar.
Som femtenaring i 1910 prøvde han a koma inn ved ein militærskule, men fekk ikkje plass der fordi han ikkje tilfredsstilte dei fysiske krava. Brystkassa hans skal ha vore ein
tomme
for liten i omkrein. Han enda opp med a studera jordbruk ved Nervi i
Genova
.
Etter studiet var han ei tid i
Paris
, der han blant anna lærte a dansa. Etter dette reiste han tilbake til Italia.
I 1913 forlet Valentino Italia for
USA
, etter rad fra venen
Domenico Savino
. Han kom fram til
New York
første juledag
1913. Etter a ha brukt opp ein liten arv levde han i fattigdom og forsørgde seg med smajobbar som a rydda borda i restaurantar og a stella hagar.
Til slutt fekk han fleire dansejobbar. Han jobba som profesjonell dansepartnar i selskap, danseinstruktør, og seinare og oppvisingsdansar. Han blei kjend i selskapslivet for framføringar av den
argentinske
selskapsdansen
tango
.
Valentino slutta seg til ein operette-selskap som reiste til
Utah
og sa blei oppløyst. Han reiste derfra til
San Francisco
, der han møtte skodespelaren
Norman Kerry
som overtalte han til a prøva pa ein karriere i filmen, som enno var i
stumfilmperioden
.
I 1919, etter ei rekkje smaroller der han oftast spelte roller som gangster eller bølle, gifta han seg med
Jean Acker
, ei filmstjerne av delvis
cherokeeopphav
(som seinare stod fram som
lesbisk
). Det gjekk rykte om at ekteskapet deira aldri blei fullbyrda ? Acker hadde visstnok last Valentino ute av hotellrommet deira pa brylluspnatta ? og sjølv om han prøvde a berga ekteskapet blei dei to separerte kort etter, og dei blei skilde i 1922.
Valentino møtte
manusforfattaren
June Mathis
, som var blitt imponert av rolla hans som ≪kabaret-parasitt≫ i
The Eyes of Youth
. Ho foreslo for regissøren
Rex Ingram
at Valentino kunne fa ein av hovudrollene i Ingram sin neste film,
De fire Ryttere
. Da filmen kom ut i 1921 blei han ein suksess bade kommersielt og blant kritikarane, og gjorde Valentino til ei stjerne. Denne suksessen gav han den legendariske hovudrolla hans i
Sheiken
.
Valentino møtte
Natacha Rambova
(kostymedesignar og art director) første gong pa settet til
Uncharted Seas
i 1921. Dei to jobba og saman pa filmen
Kameliadamen
, og hadde da innleidd eit romantisk forhold. Dei gifta seg den 13. mai 1922 i
Mexicali
i
Mexico
. Dette førte til at Valentino blei fengsla for
bigami
, sidan skilsmissa fra Acker enno ikkje var fullført. Lovverket i California pa denne tida kravde at skilde par matte venta eit heilt ar fra
skilsmissa
før dei kunne gifta seg pa nytt. Valentino og Rambova gifta seg pa nytt eit ar seinare.
Blood and Sand
fra 1922 med
Lila Lee
og vampen
Nita Naldi
bekrefta Valentino som den fremste stjerna i si tid. I 1923 førte derimot ei usemje med
Paramount Pictures
til at Valentino ved dom fekk forbod mot a laga filmar med andre produsentar. For a sikra at namnet hans heldt seg i søkelyset til publikum drog Valentino ut pa ein landsomfattande danseturne etter forslag fra manageren sin
George Ullman
.
Pa denne tida reiste han og til Europa og hadde eit minneverdig besøk i heimbyen sin. Da han kom tilbake til USA blei han kritisert av fansen for det nyanlagte skjegget sitt, og matte barbera det vekk.
14. mai 1923 gjorde Valentino si einaste plateinnspeling, som bestod av eigne versjonar av
Amy Woodforde-Finden
sin ≪Kashmiri Song≫ som blei brukt i
Sheiken
og
Jose Padilla
sin ≪El Relicario≫ fra
Blood and Sand
.
I 1925 skreiv Valentino ein ny kontrakt med
United Artists
. Denne inneheldt ein klausul om at kona hans ikkje hadde tilgang til settet der filmane hans blei spelte inn (ein rekna med at det at ho var til stades hadde forseinka tidlegare produksjonar som
Monsieur Beaucaire
). Han blei separert fra Rambova kort tid etter, og hadde ein affære med den polske skodespelaren
Pola Negri
.
I denne perioden spelte han inn to av dei mest kritikarroste og suksessfulle filmane sine,
The Eagle
, basert pa ei historie av
Aleksandr Pusjkin
, og
Sjeikens sønn
, ein oppfølgjar til
Sheiken
, begge med den populære ungarskfødde skodespelaren
Vilma Banky
i kvinneleg hovudrolle.
I juli 1926 blei Valentino angripen i ein anonym leiarartikkel i
The Chicago Tribune
der forfattaren skulda Valentino for a feminisera den amerikanske mannen. Dette angrepet var forarsaka av ein pudderdispenser forfattaren hadde sett pa eit offentleg toalett. Valentino blei rasande og svara med a utfordra forfattaren til ein boksekamp, men fekk aldri noko svar pa utfordringa. Kort tid etter dette hadde Valentino middag med den kjende journalisten
H.L. Mencken
for a fa rad om korleis han best kunne handtera sladder. Mencken uttalte seinare at han syntest Valentino var ein hyggeleg gentleman, og skreiv svært sympatisk om han i ein artikkel som kom pa trykk i
Photoplay
nokre manader etter at Valentino døydde.
15. august 1926 kollapsa Valentino pa Hotel Ambassador i New York. Han blei teken til sjukehus og operert for ein punktert byll. Operasjonen gjekk bra, og det verka som om han var i ferd med a bli betre da han fekk
bukhinnebetennelse
som spreidde seg til heile kroppen. Atte dagar seinare døydde han, 31 ar gammal.
Kring 100 000 menneske var i gatene i New York for a visa Valentino den siste æra ved gravferda hans. Dette var eit drama i seg sjølv, vindauge blei knust da fansen prøvde a koma seg inn, og det viste at seg at dei fire italienske æresvaktene som hevda at dei var sende av
Benito Mussolini
i røynda var skodespelarar som var leigde inn for a skaffa enda meir publisitet om hendinga
Gravferdssmessa hans i New York blei halden i
Saint Malachy's Roman Catholic Church
, ofte kalla ≪skodespelarkapellet≫, sidan ho ligg ved
West 49th Street
i nærleiken av teatera pa
Broadway
. Under gravferda fekk Pola Negri eit hysterisk anfall og blei liggjande gratkvalt over kista.
Liket blei frakta med tog tvers over landet til vestkysten, og det blei halde ei ny gravferd i
The Catholic Church of the Good Shepherd
. Leivningane til Valentino blei gravlagde i
Hollywood Forever Cemetery
i
Hollywood
i
California
.
- Ian Thomas
viser til Valentino i songen ≪Right Before My Eyes≫
- The Bangles
nemner Valentino i hitlaten ≪Manic Monday≫, skriven av
Prince
.
- Queen
viser til Valentino i songen ≪Good Old-Fashioned Lover Boy≫.
- Valentino er ein av fleire kjende som er omtalte i ≪Celluloid Heroes≫ av
The Kinks
.
- 1917
Alimony
- 1918
A Society Sensation
- 1918
All Night
- 1918
Kvindekongen
(The Married Virgin)
- 1919
Kitty fra Kvisten: En liten Danserindes Roman (The Delicious Little Devil)
- 1919
The Big Little Person
- 1919
A Rogue's Romance
- 1919
The Homebreaker
- 1919
Out of Luck
- 1919
Virtuous Sinners
- 1919
The Fog
- 1919
Spøkenatten hos de nygifte
(Nobody Home)
- 1919
The Eyes of Youth
- 1920
Stjaalne øieblikke
(Stolen Moments)
- 1920
An Adventuress
- 1920
The Cheater
- 1920
Passion's Playground
- 1920
Once to Every Woman
- 1920
The Wonderful Chance
- 1921
De fire Ryttere
(The Four Horsemen of the Apocalypse)
- 1921
Et drama i Polarisen
(Uncharted Seas)
- 1921
Conquering Power
- 1921
Kameliadamen
(Camille)
- 1921
Sheiken
(The Sheik)
- 1922
Sjøsprøit
(Moran of the Lady Letty)
- 1922
Beyond the Rocks
- 1922
Blod og sand
(Blood and Sand)
- 1922
The Young Rajah
- 1924
Monsieur Beaucaire
- 1924
En hellig djævel
(A Sainted Devil)
- 1925
Cobra
- 1925
Ørnen
(The Eagle)
- 1926
Sjeikens sønn
(The Son of the Sheik)
Valentino skal og i starten av karrieren ha medverka i følgjande filmar:
- 1914
The Battle of the Sexes
- 1914
My Official Wife
- 1916
Seventeen
- 1914
The Foolish Virgin
- ↑
≪Store norske leksikon≫
(pa norsk)
. Henta 31. januar 2016
.
- Emily Leider (2003),
Dark Lover: The Life and Death of Rudolph Valentino,
(
ISBN 0-374-28239-0
).
- Jeanine Basinger (1999), chapter on Valentino in
Silent Stars,
(
ISBN 0-8195-6451-6
).