한국   대만   중국   일본 
Roseslekta ? Wikipedia Hopp til innhald

Roseslekta

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Roseslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Roseslekta Rosa
L. , 1753
Rosa moschata

Roseslekta ( Rosa ) er ei planteslekt i rosefamilien . Slekta har meir enn 100 artar og er naturleg utbreidd i Nord-Amerika , Europa , Asia og Nord-Afrika .

Blomstrane blir kalla roser og blir brukte til pynt, luktprodukt og til mat og drikke. Rosa har sterk kulturell tyding, bade som vekst og symbol. Bade Rose og Rosa kan ogsa nyttast som namn bade pa menneske og dyr.

Bade dei viltveksande artane og dei framdyrka kulturplantene er kjent for sine vakre blomstrar og duft. Det kan vere eviggrønne eller lauvfeldande busker med opprett, overhengande eller klatrande vekstform. Stenglane har ofte barktornar. Blada er spreiddstilte og ulikefinna med ovale eller elliptiske smablad, som har sagtakka rand. Blomstrane er regelmessige og 5-tallige med kvite, gule, raude eller lyseraude kronblad. Fruktrne er nyper med mange frø.

Namnet ≪rose≫ kjem fra fransk , som har fatt det fra latin rosa . Her er det innlant fra gresk rhodion (opphavleg wrodion ), som kjem fra semittisk warda , 'rose'. [1] [2]

Gul rose.

Nokre viltveksande roser i Noreg [ endre | endre wikiteksten ]

Namnet Rose [ endre | endre wikiteksten ]

Rose har norsk namnedag den 7. september .

Namneberarar [ endre | endre wikiteksten ]

Systematikk [ endre | endre wikiteksten ]

Slekta Rosa er delt i i fire underslekter:

  • Hulthemia (tidlegare Simplicifoliae , tyding 'med enkle blad') ein eller to artar fra Sørvest- Asia , R. persica og Rosa berberifolia som er dei einaste rosene utan samansette blad eller stipula .
  • Hesperrhodos (fra gresk for 'vestleg rose') inneheld artane Rosa minutifolia og Rosa stellata , fra Nord-Amerika.
  • Platyrhodon (fra gresk for 'flakete rose', referer til den flakete barken) med ein art fra Aust-Asia, Rosa roxburghii .
  • Rosa ( type subgenus) inneheld alle andre roser. Denne underslekta er inndelt i 11 seksjonar.
    • Banksianae - kvite og gule blomstrande artar fra Kina.
    • Bracteatae - tre artar, to fra Kina og ein fra India .
    • Caninae - rosa og kvite blomstrande artar fra Asia , Europa og Nord-Afrika .
    • Carolinae - kvite, rosa og mørkerosa blomstrande artar alle fra Nord-Amerika .
    • Chinensis - kvite, rosa, gule, raude og blandafarga blomstrande artar fra Kina og Burma .
    • Gallicanae - rosa til mørkeraude ( crimson ) og stripa blomstrande artar fra Vest-Asia og Europa .
    • Gymnocarpae - ein art i vestlege Nord-Amerika ( Rosa gymnocarpa ), andre i Aust-Asia.
    • Laevigatae - ein einskild kvitblomstrande art fra Kina
    • Pimpinellifoliae - kvite, rosa, sterkt gule, lyslilla ( mauve ) og stripa blomstrande artar fra Asia og Europa.
    • Rosa (syn. sect. Cinnamomeae ) - kvite, rosa, bleiklilla, raudlilla ( mulberry ) og raude blomstrande artar fra alle omrade utanom Nord-Afrika .
    • Synstylae - kvite, rosa og mørkeraude ( crimson ) blomstrande artar fra alle omrade.

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Roseslekta