Ron Carter
|
Carter i
Kharkiv
i
Ukraina
i 2008
|
|
Fødd
| 4. mai
1937
(87 ar)
|
---|
Fødestad
| Ferndale
|
---|
Fødenamn
| Ronald Levin Carter
|
---|
Opphav
| USA
|
---|
Aktiv
| 1960 til i dag
|
---|
Sjanger
| Orkesterjazz
,
mainstream jazz
,
Third Stream
,
avantgarde jazz
|
---|
Instrument
| Kontrabass
cello
piccolobass
elektrisk bass
|
---|
Plateselskap
| Blue Note
,
CTI
,
Embryo
,
Prestige
,
Milestone
,
Sunnyside
|
---|
Verka som
| Professor
,
jazzmusikar
|
---|
Gift med
| Janet Carter
|
---|
Born
| Myles Carter
|
---|
Prisar
| Den oppadstigende sols orden med gylne straler med rosett
,
kommandør av Ordre des Arts et des Lettres
,
NEA Jazz Masters
|
Ron Carter
(fødd
4. mai
1937
) er ein
amerikansk
jazz
-
bassist
. Han er ein av dei mest innspelte bassistane gjennom jazzhistoria. Carter speler og
cello
og har mange gonger vore med pa plate med det instrumentet.
[1]
Han vart vald ut til
Down Beat Jazz Hall of Fame
i 2012.
[2]
Carter har og spelt mykje
klassisk musikk
og har spelt med mange symfoniorkester over heile verda. Han spelar nesten berre akustisk bass, men spelte ei kort stund elektrisk bass seint i 1960- og tidleg i 1970-ara.
Carter byrja a spele cello da han var ti ar gammal. Men da familien flytta fra Ferndale til
Detroit
, fekk Carter problem med hudfargen og at han spelte cello, og byta derfor til bass. Han spelte i Eastman School's Philharmonic Orchestra, og tok eksamen der i 1959. Han flytta til New York og spelte i
Chico Hamilton
sin kvintett med
Eric Dolphy
, samstundes som han gjekk pa
Manhattan School of Music
. Carter tok mastergrad der i 1961. Etter Hamilton flytta attende til Vestkysten i 1960, vart Carter verande i New York og spelte med Dolphy og
Don Ellis
, og spelte inn dei første platenen sine med dei. Han arbeidde med
Randy Weston
og
Thelonious Monk
, medan han spelte med
Jaki Byard
tidleg i 60-ara. Carter turnerte og var i studio med
Bobby Timmons
sin trio, og spelte med
Cannonball Adderley
. Han vart med i gruppa til
Art Farmer
ei kort stund i 1963, før han vart medlem av bandet til
Miles Davis
.
Carter vart verande med Davis til 1968 i lag med
Herbie Hancock
og
Tony Williams
. Denne jobben skaffa Carter ryktet som gjorde at han kanskje vart den mest nytta i bassisten gjennom historia. Kjeldene varierer fra 500 til meir enn 2000 innspelingar, og lista over folk han har spelt med er rett og slett for stor til at nøyaktig veit kor mange det er snakk om. Carter har vore medlem av
New York Jazz Sextet
og
New York Jazz Quartet
,
V.S.O.P. Tour
og
Milestone Jazzstars
, og spelte i ei av gruppene som vart filma i
Round Midnight
i 1986.
Han har leia sine eigne band til forskjellige tider sidan 1972, og har nytta ein andre bassist for a halde takten og etablere harmoni nar han sjølv har spelt solo pa instrumentet. Carter fann og opp sitt eige instrument, ein piccolobass. Carter har og arrangert og skrive musikk bade for sine eigne grupper og andre band. Han har gjort duoinnspelingar med
Cedar Walton
og
Jim Hall
.
- 1961:
Where?
(
Prestige Records
)
- 1969:
Uptown Conversation
(
Embryo Records
)
- 1973:
Blues Farm
(CTI)
- 1973:
All Blues
(CTI)
- 1974:
Spanish Blue
(CTI)
- 1975:
Anything Goes
(Kudu)
- 1976:
Yellow & Green
(CTI)
- 1976:
Pastels
(Milestone)
- 1977:
Piccolo
(Milestone)
- 1977:
Third Plane
(Milestone)
- 1978:
1+3
(JVC) trio live med
Hank Jones
eller
Herbie Hancock
og
Tony Williams
- 1978:
A Song For You
- 1978:
Peg Leg
(
Milestone
)
- 1978:
Standard Bearers
- 1979:
Parade
- 1980:
New York Slick
(Milestone)
- 1980:
Patrao
- 1980:
Empire Jazz
- 1980:
Pick 'Em
(Milestone)
- 1981:
Super Strings
(Milestone)
- 1982:
Parfait
(Milestone)
- 1990:
Carnaval
- 1991:
Meets Bach
(Blue Note)
- 1992:
Friends
(Blue Note)
- 1994:
Jazz, My Romance
(Blue Note)
- 1995:
Mr. Bow Tie
(Blue Note)
- 1995:
Brandenburg Concerto
(Blue Note)
- 1997:
The Bass and I
- 1998:
So What
(Blue Note) trio med
Kenny Barron
og
Lewis Nash
- 1999:
Orfeu
(Blue Note)
- 2001:
When Skies Are Grey
(Blue Note)
- 2002:
Stardust
(Blue Note)
- 2003:
The Golden Striker
(Blue Note)
- 2003:
Eight Plus
- 2003:
Ron Carter Plays Bach
(Blue Note)
- 2006:
Live at The Village Vanguard
- 2007:
Dear Miles
- 2008:
Jazz and Bossa
- 2011:
Ron Carter's Great Big Band
(
Sunnyside Records
)