한국   대만   중국   일본 
Roger Waters ? Wikipedia Hopp til innhald

Roger Waters

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Roger Waters

Fødd 6. september 1943 (80 ar) i Surrey i England
Fødestad Great Bookham
Fødenamn George Roger Waters
Opphav Storbritannia
Aktiv 1964 til i dag
Sjanger Progressiv rock , psykedelisk rock , opera
Instrument Vokalist, bassgitar , gitar
Stemmetype baryton
Tilknytte artistar Pink Floyd
Plateselskap Capitol
Columbia
Sony
EMI
Harvest
Verka som Musikar
Mor Mary D. Whyte
Far Eric Fletcher Waters
Gift med Judith Trim , Carolyne Christie , Sophia Escobar
Born Harry Waters , India Waters

George Roger Waters ( fødd  6. september   1943 ) er ein engelsk rockemusikar, songar, bassist, gitarist, latskrivar og komponist. Han er mest kjend for karrieren sin med bandet Pink Floyd fra 1965 til 1985 der han var medlemmet som skreiv flest songar, spelte bass og var ein av fleire vokalistar. Han var og hjernen bak fleire av bandet sine konseptalbum og mange av symbola knytte til Pink Floyd (som grisar og marsjerande hammarar)

Etter han forlet Pink Floyd byrja han pa ei moderat suksessrik solokarriere og har gjeve ut tre studioalbum, og arrangert ein av dei største konsertane nokonsinne, The Wall-konserten i Berlin i 1990 . I 2005 gav han ut operaen Ca Ira og vart gjenforeint med Pink Floyd for ein enkelt opptreden pa Live 8 -konserten i London , 2. juli 2005. Det var den første opptredenen deira i lag pa 24 ar.

Biografi [ endre | endre wikiteksten ]

Dei første ara (1943-1965) [ endre | endre wikiteksten ]

Waters vart fødd George Roger Waters i Great Bookham , Surrey nær Leatherhead og voks opp i Cambridge .

Sjølv om far hans, Eric Fletcher Waters, hadde vore kommunist og lidenskapleg pasifist , kjempa han i andre verdskrigen og døydde under kamphandlingar i Anzio i Italia i 1944, da Waters berre var fem manadar gamal. Waters refererte eller hentyda mykje til tapet av faren i songane sine, særleg pa The Final Cut fra 1983 (som er dedisert til faren) og songen kalla ≪ When the Tigers Broke Free ≫, som først var med i filmversjonen av The Wall . Han sa derimot at mora vi møter i songen ≪ Mother ≫ fra The Wall ikkje var basert pa si eiga mor. Mistru til autoritetar, særleg statsmakter, lærestadar og militærinstitusjonar, er eit tema som gar mykje igjen i tekstane til Waters. Temaet kjem tydeleg fram i ≪When the Tigers Broke Free≫ der Waters uttrykkjer at det han kjende var ein tom og nedlatande reaksjon til faren sitt dødsfall i Anzio .

≪And kind old King George sent Mother a note when he heard that Father was gone.

It was, as I recall, in a form of a scroll, with gold leaf and all.
And I found it one day in a drawer of old photographs, hidden away.

And my eyes still grow damp to remember, His Majesty signed with his own rubber stamp.≫

Han og Syd Barrett gjekk pa Morley Memorial Junior School i Hills Road i Cambridge, og seinare gjekk begge pa Cambridge County School for Boys, medan David Gilmour , som og spela i Pink Floyd gjekk pa The Perse School i same gate. [1] Han møtte Nick Mason og Richard Wright medan han gjekk pa arkitektskulen Regent Street Polytechnic. Han var ein ivrig idrettsmann og likte god a symje i River Cam ved Grantchester Meadows . 15 ar gamal leia han Campaign for Nuclear Disarmament (Kampanje for nedrusting av atomvapen) i Cambridge.

Pink Floyd-ara (1965-1985) [ endre | endre wikiteksten ]

I 1965 stifta han Pink Floyd i lag med Syd Barrett , Richard Wright og Nick Mason . Sjølv om Barrett i starten stod for dei fleste songane, skreiv Waters songen ≪ Take Up Thy Stethoscope and Walk ≫ pa debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn i 1967 . Albumet fekk gode kritikkar og bandet fekk ein god start. Barrett si stadig verre psykiske helse førte til uregneleg atferd, og det vart etter kvart klart at Barrett ikkje lenger kunne vere frontfigur i Pink Floyd. Waters prøvde a tvinge venen sin til psykriatisk behandling, men det hjelpte ikkje og bandet spurte David Gilmour om han ynskte a erstatte Barrett mot slutten av 1967. Sjølv bandet sine tidlegare managerar følte at Pink Floyd ikkje kunne halde fram utan talentet til Barrett, og etter at Barrett forsvann fra bandet staka dei ut ei ny kunstnerisk retning. Med Gilmour og Waters i bandet fekk Pink Floyd etter kvart stor framgang, og pa 1970-talet laga dei ei rekkje album som er blant dei mestselgjande og mest kritikarroste musikkalbuma nokon sinne.

I 1970 samarbeida Waters med den britiske komponisten Ron Geesin (som var med a komponere tittelsporet fra Atom Heart Mother ) pa eit filmmusikkalbum kalla Music from ≪The Body≫ , som hovudsakleg bestod av instrumentalar med songar av Waters innimellom. Waters vart etter kvart den som skreiv det meste av tekstane til Pink Floyd, og tok meir og meir kontroll over bandet. Han kom opp med dei tematiske ideane som vart drivkrafta for konseptalbum som The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here , der han skreiv alle tekstane og Gilmour mykje av musikken. Waters vart etter kvart og den som skreiv det meste av musikken pa album som Animals og The Wall (sjølv om Gilmour og medverka her og der).

Sjølv om Waters er mest kjend som bassgitarist og vokalist, spelar han og andre instrument som gitar og synthesiser, blant anna pa fleire av Pink Floyd-albuma. Han medverka og med mange lydeffektar.

Dei andre medlemmane i Pink Floyd let gjerne Waters skrive tekstane, medan dei kunne medverke med musikalske idear. Gilmour skildra mellom anna Waters som ein ≪svært god motivator og sjølvsagt ein stor tekstforfattar≫, [2] sjølv da forholdet deira var pa sitt darlegaste pa 1990-talet. Nokre av dei mest populære songane til Pink Floyd, inkludert ≪ Echoes ≫, ≪ Time ≫, ≪ Us and Them ≫, ≪ Wish You Were Here ≫ og ≪ Shine on You Crazy Diamond ≫, har tekstar som er skrive av Waters kombinert med melodi fra Gilmour, mjukt og presist trommespel av Nick Mason, og atmosfæriske lydar fra Richard Wright pa tangentane. Det vart derimot etter kvart ein del ordstrid om kven som hadde skrive kva i dei vanskelege ara mot slutten av Pink Floyd-karrieren til Waters. Til dømes vart ikkje Gilmour kredittert for gitarsoloane sine i songar som ≪ Another Brick in the Wall , Part II≫. Nick Mason skildrar Waters som sjølvopptatt i boka si Inside Out: A Personal History of Pink Floyd . Det var da dei spela inn The Wall at Waters sparka Wright fra bandet (etter semje med Gilmour), etter at dei personlege problema hans paverka produksjonen av albumet. Wright vart derimot med pa turneen etter albumet som ein innleigd musikar.

I 1983 vart albumet The Final Cut gjeve ut. Omslaget skildar albumet som ≪av Roger Waters, framført av Pink Floyd≫, i staden for a berre kalle det ei Pink Floyd-plate. Gilmour prøvde a fa Waters til a vente med plata, slik at han kunne medverke med sine eigne songar, men Waters nekta, og i 1985 kunngjorde Waters at bandet var oppløyst pa grunn av uforeinlege skilnadar. Den pafølgjande kampen mellom Waters og Gilmour om retten til a bruke namnet Pink Floyd førte til trugsel om søksmal og offentleg krangling i pressa. Waters hevda at sidan det originale bandet bestod av han sjølv, Syd Barrett, Nick Mason og Richard Wright, sa kunne ikkje Gilmour bruke namnet ≪Pink Floyd≫ no som det var utan tre av dei opphavlege bandmedlemmane. Eit anna av Waters sine argument var at han hadde skrive dei fleste tekstane og ein stor del av musikken etter at Barrett for. Gilmour og Mason vann derimot retten til a bruke namnet og ein stor del av bandet sine songar. Waters fekk derimot rettane til albumet The Wall (bortsett fra dei tre songane som Gilmour var med og skreiv) og The Final Cut , i tillegg til dei vidkjente Pink Floyd-grisane.

For mange tilhengjarar er ara fra 1971 til 1975 den ≪klassiske≫ Pink Floyd-perioden, og musikkmagasinet Rolling Stone skreiv pa slutten av 1987 at om ein hadde lagt i saman Waters sitt soloalbum Radio K.A.O.S. og Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason ville ein fatt ein fin oppfølgjar til The Dark Side of the Moon . I 2005 kom Waters igjen saman med Pink Floyd pa Live 8-konserten i London 2. juli.

Soloara (1985-til i dag) [ endre | endre wikiteksten ]

Roger Waters pa Viking Stadion i Stavanger 26. juni 2006.

Waters satsa pa ei solokarriere etter Pink Floyd og laga tre konseptalbum og eit filmmusikkalbum som ikkje førte til dei store salstala. Albuma har fatt gode kritkkar, og er blitt samanlikna med tidlegare Pink Floyd-album. [3]

Hans første verkelege soloalbum kom i 1984, kalla The Pros and Cons of Hitch Hiking , og var eit konseptalbum om draumane til ein mann i løpet av ei natt. Musikarane Waters hadde med seg inkluderer gitaristen Eric Clapton og jazzsaksofonisten David Sanborn . Ideen til albumet kom om lag pa same tida som The Wall , og resten av bandmedlemmane fekk sjansen til a velje eitt av dei, og valde dermed The Wall . Demoane til plata vart laga pa same tid som The Wall , men bandet meinte det vart for personleg. Albumet fekk blanda kritikkar, og Rolling Stone skreiv at det var ≪merkeleg statisk og litt grusomt≫. [4] All Music Guide hylla derimot albumet og skreiv at det hadde ≪genial symbolisme og glimrande bruk av bevisstheit i ubevisstheita≫. [5] Waters drog pa turne etter albumet.

I 1986 medverka Waters med songar til filmen When the Wind Blows akkompagnert av bandet hans ≪The Bleeding Hearts Band≫, som inkluderte tangentspelaren Paul Carrack .

I 1987 gav Waters og The Bleeding Hearts Band ut eit nytt konseptalbum med namn Radio K.A.O.S. , som handla om mannen Billy som kan høyre radiobølgjer i hovudet sitt. Waters drog pa turne med albumet i 1987, og hadde med seg eit lydsystem med eit stort tal høgtalarar som laga ein kringlydeffekt. Albumet selde derimot ikkje noko særleg, og ei av arsakene til dette kan ha vore at han no konkurrerte med Pink Floyd, som og turnerte etter deira siste album A Momentary Lapse of Reason , som kom same aret. Pa den tida skal Waters ha sagt at han konkurrerte mot seg sjølv, og tapte.

Etter Berlinmuren fall i 1989, heldt Waters ein ein gigantkonsert av The Wall i Berlin 21. juli 1990 for a feire slutten pa delinga av Aust- og Vest-Tyskland . Konserten fann stad pa Potsdamer Platz (ein stad som var ein del av det tidlegare ≪ingenmannsland≫ rundt Berlinmuren), hadde mange gjesteartistar og var ein av dei største konsertane nokon gong med over 300 000 i publikum, medan 5 millionar menneske sag hendinga pa fjernsyn over heile verda.

I 1992 kom Amused to Death , som omhandlar TV og massemedia sin negative paverknad pa samfunnet, og er kanskje Waters si mest kritikarroste soloplate, og mange samanlikna albumet med dei seinare platene til Pink Floyd, som The Wall . Albumet hadde ein hit med songen ≪What God Wants Pt. 1≫ som nadde fjerdeplass pa Mainstream Rock Chart i USA. Jeff Beck spela gitar pa albumet.

I 1999 drog Waters ut pa ein turne kalla In the Flesh, der Waters spelte bade sine eigne og Pink Floyd sine songar. Turneen vart ein suksess, og strekte seg etter kvart over heile verda. Bilettane var sa ettertrakta at turneen til slutt varte tre ar. Ein konsert vart gjeve ut pa CD og DVD kalla In the Flesh Live .

I juni 2002 spela Waters pa Glastonbury Festival , og spelte mange klassiske Pink Floyd-songar. Dette var første gong eit spesielt høgtalarsystem vart sett ut blant publikum slik at lyden tilsynelatane flytta seg rundt i folkemengda. Miramax films annonserte i midten av 2004 at The Wall skulle settjast opp pa Broadway der Waters skulle ha ei framtredane rolle i produksjonen av musikalen. Rapportar seier at musikalen skal innehelde andre Pink Floyd-songar i tillegg til The Wall . [6]

1. mai 2004 vart ouverturen for Ca Ira spelt pa Utvidinga av EU-feiringa pa Malta . Hendinga vart send pa TV i alle EU-landa. [7]

I september 2004 gav Waters ut to nye spor, ≪To Kill the Child≫ og ≪Leaving Beirut≫, men berre pa Internet. Begge desse spora var inspirert av invasjonen av Irak i 2003. Waters, som for tida bur i USA, har sagt at han skreiv songane like etter krigen starta, men at han venta med a gje dei ut til presidentvalet i 2004 i hap om at George W. Bush ikkje skulle vinne valet. Teksten er lite subtil, med linjer som ≪Oh George! Oh George! That Texas education must have fucked you up when you were very small≫ (fra ≪Leaving Beirut≫). Sjølv om songane i hovudsak kritiserte den amerikanske regjeringa er Tony Blair og nemnd: ≪Not in my name, Tony, you great war leader≫.

Etter jordskjelv - og tsunamikatastrofa i Indiahavet i jula 2004 framførte Waters ≪ Wish You Were Here ≫ i lag med Eric Clapton pa NBC sin veldedigheitskonsert.

Waters og Pink Floyd vart gjenforeint i 2005 for ein enkelt konsert under Live 8 i London . [8] Dei spelte seks songar i løpet av 23 minutt, inkludert ≪Speak to Me/ Breathe/ Breathe (reprise)/ Money/ Wish you were Here/ Comfortably Numb≫. Før dei gjekk vidare til ≪Wish You Were Here≫, sa Waters:

≪It's actually quite emotional standing up here with these three guys after all these years. Standing to be counted with the rest of you. Anyway, we're doing this for everyone who's not here, but particularly, of course, for Syd.≫

Waters fortalte pressa etter konserten at opplevinga med a spele med Pink Floyd igjen var positiv, men at det var lite sannsynleg at dei vart gjenforent pa grunn av dei forskjellige musikalske og ideologiske skilnadane mellom han og Gilmour.

Waters har uttalt at han arbeider pa to nye soloalbum. Det eine har arbeidstittelen Heartland , og to songar som sannsynlegvis kjem pa dette albumet vart gjeve ut pa samlealbumet Flickering Flame: The Solo Years Vol. 1 : ≪Each Small Candle≫ og ≪Flickering Flame≫. Det andre albumet handlar om kjærleik.

Roger Waters i Vestlandshallen i Bergen, 29. april 2007, under opninggssongen ≪ In the Flesh

I februar 2005 vart det kunngjort pa Roger Waters si internetside at operaen hans Ca Ira no var ferdig etter 16 ar. Den vart gjeve ut pa CD og DVD av Sony Classical 27. september 2005 med barytonsongar Bryn Terfel , sopransongar Ying Huang og tenoren Paul Groves . Den originale librettoen var skrive pa fransk av den avødøde Etienne Roda-Gil , som sette handlinga i operaen til dei optimistiske dagane tidleg i Den franske revolusjonen . Fra 1997 omsette Roger Waters librettoen til engelsk. Operaen nadde førsteplass pa listene for klassisk musikk bade i Storbritannia og USA.

Sommaren 2006 turnerte Roger Waters i Europa og Nord-Amerika pa turneen kalla The Dark Side of the Moon Live Tour. Her spelte han heile albumet The Dark Side Of The Moon med utførleg scenedesign av Mark Fisher (som gjorde det same for Pink Floyd pa turneane sidan 1987), lysprojeksjonar og eit 360-graders kvadrofonisk lydsystem. Sommaren 2006 spela han bade i Oslo og Stavanger , og 29. april 2007 i Bergen . Tidlegare bandkollega Nick Mason vart med pa enkelte av konsertane under turneen. Richard Wright vart og invitert med pa turneen, men han avslo forslaget sidan han arbeida med eigne soloprosjekt. [9]

Fakta [ endre | endre wikiteksten ]

Diskografi [ endre | endre wikiteksten ]

For platene med Pink Floyd, sja Pink Floyd-diskografi

28. november 1970 Music from ≪The Body≫
28. mai 1984 The Pros and Cons of Hitch Hiking
16. mai 1986 When the Wind Blows
15. juni 1987 Radio K.A.O.S.
21. juli 1990 The Wall Live in Berlin
1. september 1992 Amused to Death
15. desember 2000 In the Flesh: Live
2. april 2002 Flickering Flame: The Solo Years Vol. 1
2004 To Kill the Child/Leaving Beirut
26. september 2005 Ca Ira

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar
  1. ≪Pink Floyd in Cambridge≫ . Henta 18. oktober 2006 .  
  2. ≪David Gilmour Interview≫ . Arkivert fra originalen 3. september 2010 . Henta 16. oktober 2006 .  
  3. All Media Guide. " Amused to Death" review≫ . Henta 16. oktober 2006 .  
  4. Rolling Stone. " The Pros and Cons of Hitch Hiking" review≫ . Arkivert fra originalen 18. januar 2007 . Henta 16. oktober 2006 .  
  5. All Music Guide
  6. BBC News. ≪Pink Floyd's Wall Broadway bound≫ . Henta 16. oktober 2006 .  
  7. ZDF. ≪Welcome Europe!≫ (PDF) . Henta 16. oktober 2006 .  
  8. Povey 2008, pp. 237, 266?267.
  9. Brain Damage. ≪2006 North American Tour Full Details≫ . Arkivert fra originalen 4. oktober 2006 . Henta 30. desember 2006 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Roger Waters