한국   대만   중국   일본 
Roald Aas ? Wikipedia Hopp til innhald

Roald Aas

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Roald Aas

Roald Aas i 1952
Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1928
Oslo
Død

18. februar 2012 (83 ar)
Oslo

Yrke skøyteløpar , sykkelryttar
Roald Aas pa Commons

Roald Edgar Aas (fødd  25. mars   1928  i Oslo, død  18. februar   2012 ) var ein norsk skøyteløpar . [1]

Roald Aas var gjennom det meste av 1950-talet ein god nummer to i norsk skeisesport - etter Hjalmar Andersen og Knut Johannesen . Han tok ein NM-tittel i 1956; ellers vart han nr. 2 heile sju gonger. Han gjekk for Oslo Idrettslag fram til 1956, da meldte han seg inn i Oslo Skøiteklub.

Han stilte for Noreg i samtlege europa- og verdsmeisterskap mellom 1951 og 1960, og var nesten alltid blant dei ti beste. Han fekk bronsemedalje i eit VM (1958) og to EM (1957 og 1960). Han deltok i tre OL. I Oslo i 1952 tok han bronse pa 1500 m, men i OL i Cortina d'Ampezzo vart det ingen topplassering. I Squaw Valley i 1960 gjekk han heilt til topps, og delte gullmedaljen med Jevgenij Grisjin pa 1500 m.

Roald Aas var dessutan ogsa ein dyktig syklist , og vann noregsmeisterskap i lagtempo, landevegsritt og 4000 meter banesykling. Etter at han avslutta skøytekarrieren vart han klubbtrenar for Oslo Skøiteklub.

I 1956 vart Roald Aas tildelt Egebergs Ærespris .

Personlege rekordar [ endre | endre wikiteksten ]

  • 500 m - 42,3
  • 1000 m - 1.27,4
  • 1500 m - 2.10,4
  • 3000 m - 4.41,7
  • 5000 m - 8.01,6
  • 10 000 m - 17.08,2

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Skøyteløperen Roald Aas er død≫ . nrk.no . Henta 18. februar 2012 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]