한국   대만   중국   일본 
Riksvapen ? Wikipedia Hopp til innhald

Riksvapen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det norske riksvapenet utanfor den norske ambassaden i Bulgaria.

Riksvapen eller statsvapen er heraldiske vapen for land , i første rekkje sjølvstendige statar eller statsforbund, i vidare tyding ogsa visse undernasjonale omrade. Som nasjonalflagg har dei ei viktig offisiell stilling som biletlege symbol for landet . Som riks- eller statssymbol har slike vapen rettsleg verna status i ei rekkje land, mellom anna Noreg.

Riksvapen i dag kan vera heraldiske vapen eller andre slags emblem. Dei blir nytta av styresmakter pa mellom anna pengar , pass og andre trykksaker, plakettar og skilt ved offentlege bygg, konsulat og ambassadar . Nokre land har riksvapenet pa flagget sitt, medan andre framstiller flagget i riksvapenet.

Typar riksvapen [ endre | endre wikiteksten ]

Heraldiske vapen [ endre | endre wikiteksten ]

Dei fleste noverande riksvapen byggjer i større eller mindre grad pa europeisk heraldikk . Mange gamle riksvapen (mellom anna det norske og danske ) er opphavleg slektsvapenet til ein konge som fortsette som vapen for omradet ogsa om nye slekter overtok makta. Dei eldste europeiske vapenmerka, fra 1100-1200-talet, var ikkje-oppdelte skjold med farge og ein eller fleire stiliserte figurar. Fra seinmellomalderen blei det vanleg med skjold oppdelte i fleire felt ( unionsvapen ) som stod for fleire landomrade underlagt same fyrsten. Pa dei oppdelte skjolda kunne det setjast mindre hjarteskjold med slektsvapenet til fyrsten. Rundt skjoldet blei det etter kvart plassert tilleggsfigurar som skjoldhaldarar , hjelmteikn , banner , kongekrone , vapenkappe og anna. Pa skjoldet kan ein ogsa plassera nasjonale ordenar og ulike symbol, til dømes for fred eller siger eller andet sjølv . Riksvapen kan ogsa ha tekst, til dømes nasjonale motto eller namnet pa landet.

Nyare riksvapen er ofte utforma etter mønster fra dei eldre utan a ha den same historiske framvoksteren. Tidlegare koloniar har til dømes funne inspirasjon fra europeiske riksvapen, men laga vapen tilpassa sin kultur og natur.

Austasiatiske emblem [ endre | endre wikiteksten ]

Japanske mon-symbol har ein noko lik historie som heraldiske vapen fra Europa, og har danna utgangspunkt for fleire austasiatiske riksvapen. Mon var som regel einsfarga og framstilte ein plante eller eit dyr i stilisert form omgjeven av ein sirkel. Riksvapna til andre asiatiske land er utvikla etter same mønster.

Statssegl [ endre | endre wikiteksten ]

Statssegl har opphav i segl brukte til a stadfesta offisielle dokument. Desse er ofte runde og opphavleg einsfarga ettersom dei blei brukte som stempel . Riksvapen utvikla fra segl kan ofte vera fargelagde versjonar av desse einsfarga segla.

Riksvapen av sosialistisk type [ endre | endre wikiteksten ]

Mange riksvapen er utvikla etter mønster av det sovjetiske riksvapenet pa andre halvdelen av 1900-talet. Dei fleste framstiller eit sirkelforma bilete med landskapsformer, fjell, dalar, vassflate og nesten alltid ei sol som gar opp og ei femtakka stjerne . Ofte er det symbol for framsteg, arbeid eller kamp, slik som tannhjul , ulike verktøy eller vapen , omgjevne av ein plantekrans innhylla i eit band, der ein ofte finn det nasjonale mottoet. Etter at Sovjetunionen braut saman blei mange av desse vapna bytta ut med andre vapen.

Statsemblem [ endre | endre wikiteksten ]

Andre statssymbol som ikkje byggjer pa skjold eller segl kan vera utvikla fra merke eller særskilde statlege symbol, eller dei kan ha funne inspirasjon fra fleire tradisjonar.

Nordiske riksvapen [ endre | endre wikiteksten ]

Dei fleste riksvapna i Norden er svært gamle kongevapen. Det danske riksvapenet stammar fra 1100-talet, og er blant dei eldste kontinuerleg brukte i verda. Det norske er fra 1200-talet. Det svenske riksvapenet med tre kroner er fra 1364. Dei skandinaviske riksvapna finst i stor kongeleg og mindre, ≪vanleg≫ utgave. Det finske riksvapenet stammar fra 1500-talet, men skil seg fra dei skandinaviske ved ikkje a ha kongekrone ettersom Finland er republikk. Det islandske riksvapenet blei nyutforma pa 1900-talet.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Litteratur

Norge

Andre land

  • Carl-Alexander von Volborth : Alverdens heraldik i farver , Politikens Forlag, København 1972 (omsett av Sven Tito Achen)
  • Carl-Alexander von Volborth: Heraldry of the World , London 1975
  • Ottfried Neubecker: Heraldik. Kilder, brug, betydning , København 1979 (omsett og bearbeidd for Skandinavia av Nils G. Bartholdy)
  • Carl-Alexander von Volborth: Heraldry - Customs, Rules and Styles , Dorset 1981
  • E. Svane: Det danske Rigsvaben og Kongevaben , Odense 1994
  • Flagg og riksvapen , (Teknologisk Forlag), Oslo 1998

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

≪riksvapen≫ i Store norske leksikon , snl.no.