한국   대만   중국   일본 
Riddarroman ? Wikipedia Hopp til innhald

Riddarroman

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Riddarane av det runde bordet ser ein visjon av den heilage gralen . Illustrasjon fra rundt 1475.

Riddarroman eller riddardikting er ein type mellomalderdikting med riddarar som hovudpersonar. Den internasjonale nemninga romanse kjem fra fransk, ettersom sjangeren oppstod pa det gammalfranske spraket i Frankrike pa byrjinga av det andre tusenaret, og i byrjinga viste til litteratur skriven pa romanske sprak som stamma fra vulgærlatin . Litteratur pa oksitansk , mellomalderspansk og italiensk og normannarengelsk følgde før sjangeren blei teken opp i germanskpraklege omrade. Sjangeren har høviske motiv, vanlegvis med riddarar og damer, fabeldyr som drakar , og kan i tillegg til eit mal om a underhalda ogsa ha vore retta mot opplæring. [1]

Riddarromanar har det til felles at dei handlar om ein riddar (eller tilsvarande, om handlinga føregar tidlegare enn riddartida) som blir stilt ovanfor ei vanskeleg oppgave som han typisk vinn over og ved enden av soga framstar som ein helt .

Det finst tre hovudsjangrar innan riddarromanane, som har fatt franske nemningar:

Ein framstaande forfattar av riddarromanar var hoffdiktaren Chrestien de Troyes , som mellom anna skreiv Parsifal . Tristan og Isolde er ein kjend roman breton , det same er Robin og Marion av Adam de la Halle . Dei fleste forfattarane av desse verka verker a ha vore hoffdiktarar.

Fleire riddarromanar blei omsett til nordiske sprak, som Eufemiavisene , som blei omsett til svensk pa 1300-talet. Dei nordiske riddarromanane skil seg fra dei kontinentale, mellom anna i korleis dei formidlar kjønnsroller.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Olsson, Bernt & Algulin, Ingemar, (1995): Litteraturens historia i varlden , Stockholm: Nordstedts forlag. ISBN 9172274344 .  
  2. Nolan, Barbara, (1992): Chaucer and the Tradition of the Roman Antique , Cambridge University Press..