Regn

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Regn

Regn er ei form for nedbør , og oppstar nar vassdropar fell fra skyer og ned mot bakken. Visst regndropane fell ned i tørr luft kan dei av og til fordampe før dei nar overflata. Dette blir kalla virga , eit fenomen ein vanlegvis ser i tørre ørkenomrade. Regn oppstar som følgje av kondensasjon og veks ved hjelp av koalesens og ein prosess kalla Bergeronprosessen .

Regn i naturen [ endre | endre wikiteksten ]

Regnbyge i Danmark

Vasskrinslaupet [ endre | endre wikiteksten ]

Regn har ei stor rolle i vasskrinslaupet , der fukt fra havet fordampar og kondenserer til skyer, for sa a falle tilbake til jorda som nedbør, og til slutt renn tilbake igjen til havet via elver. Ein liten del av vassdampen i lufta kjem og fra vegetasjon.

Maling av regn [ endre | endre wikiteksten ]

Regnmengda blir malt med ein nedbørmalar , og vanlegvis uttrykt i millimeter. Nedbøren blir malt i løpet av ein tidsperiode, som regel 12 eller 24 timar (eit nedbørdøgn). Visst det kjem 1 mm regn pa 1000 m 2 svarar det til 1 m 3 eller 1 tonn vatn. 1 mm regn fordelt pa ein kvadratmeter er altsa 1 liter vatn. I Noreg blir nedbørmalarane tømt til faste tider kvar dag og vidareformidla til Meteorologisk Institutt . I tillegg har ein automatiske nedbørmalarar ( pluviometer ) som registrerer nedbøren fortløpande.

Form og oppbygging [ endre | endre wikiteksten ]

Fallande regndropar blir ofte teikna som ei tare  ? runde i botn og smalare pa toppen ? men dette er ikkje rett. Berre dropar som dryp fra ein lekam er tareforma i det dei blir danna. Sma regndropar er nesten runde, medan større dropar er heilt flate med same form som ein hamburgar . Svært store regndropar har form som ein fallskjerm . [1] Philipp Lenard studerte forma pa regndropar i 1898 . Han fann ut at sma regndropar (mindre enn 2 mm i diameter) var sa godt som sfæriske, og jo større dei blei (til om lag 5 mm i diameter) jo flatare vart dei. Vart dei større enn 5 mm blei dei ustabile og delte seg opp. I snitt er regndropar 1 til 2 mm i diameter. Dei største regndropane som er registrert var sa store som 10 mm, mellom anna i Brasil og pa Marshalløyane i 2004 . Dette blei forklart ved kondensasjon pa store røykpartiklar eller ved kollisjon mellom dropar i sma omrade med store mengder flytande vatn.

Regndropar

Regndropar treffer bakken med terminalfarten sin som aukar med dropestorleiken. I havniva utan vind vil yr med ein dropestorleik pa 0,5 mm ha ein fart pa om lag 2 m/s, medan dropar pa 5 mm har ein fart pa rundt 9 m/s.

Generelt har regn ein pH like under 6. Dette kjem av at atmosfærisk karbondioksid blir løyst opp i vassdropane og dannar sma mengder med kolsyre , som senkar pH-verdien. I enkelte ørkenomrade kan støv i lufta føre til kalsiumkarbonat i dropane som nøytraliserer syra, slik at regndropane kan bli nøytrale og til og med basiske . Regn med pH under 5,6 blir rekna som sur nedbør .

Regn og lyn [ endre | endre wikiteksten ]

Av og til kan ein merke at det regnar kraftigare like etter eit lynnedslag . Dette kjem av bipolaspektet i vassmolekyl. Det intense elektriske og magnetiske feltet som lynet genererer tvingar vassmolekyla i den nærliggande lufta inn i rekkjer. Desse molekyla dannar da tradar med vatn, og nar det elektriske og magnetiske feltet forsvinn, dannar desse vasstradane dropar som sa fell som intenst regn.

Klassifisering [ endre | endre wikiteksten ]

Ein kan klassifisere regn pa forskjellige matar. Regndropar som er mindre enn 0,5 mm i diameter og fart pa rundt 2 m/s eller mindre vert kalla yr . Yr kan igjen kategoriserast som lett, moderat eller kraftig, alt etter sikten. Større dropar, eller mindre dropar med stor avstand mellom seg, blir klassifisert som regn. Dette kan igjen kategoriserast som svakt, moderat eller kraftig, alt etter mengde og sikt.

I Noreg, og i nokre andre land, definerer ein og nedbør etter kva skyer dei fell fra. Regn fell da fra stratiforme skyer, særleg stratus og altostratus som da blir kalla nimbostratus om det fell regn fra dei. Desse skyene og regnet som kjem fra dei dekker ofte store omrade, og kan vere relativt langvarig. Regn som fell fra cumuliforme skyer vert kalla regnbyer. Regnbyer er ofte lokale og varer kanskje berre eit par minutt. Enkelte byger kan derimot vere svært kraftige, særleg i samband med torever . Ofte kan det vere lange periodar med opphald mellom byene, men med stor skytettleik kan byene kome med korte mellomrom eller ga over i kvarandre.

Vedvarande regn kan føre til flaum over store omrade, medan kraftige byger kan føre til bra, lokale flaumar.

Av og til kan underkjølte vassdropar falle fra skyer som underkjølt regn . Nar desse dropane, som har temperatur under frysepunktet, treffer bakken vil dei momentant fryse til is.

Effekt pa jordbruk [ endre | endre wikiteksten ]

Nedbør , og særleg regn, har ein stor effekt pa jordbruk . Med fa unntak treng alle planter litt vatn for a overleve. Bade for mykje og for lite regn kan derimot vere skadeleg og øydelegge avlingar. Tørke kan ta livet av store avlingar, medan svært vatt ver kan føre til sjukdom og skadeleg sopp . Forskjellige planter treng forskjellige mengder regn for a overleve. Ein kaktus treng til dømes svært lite vatn, medan tropiske planter vanlegvis treng hundrevis av millimeter for a overleve.

Menneskeleg paverknad [ endre | endre wikiteksten ]

Forureining fra menneskelege kjelder, som til dømes bileksos, dannar sma kondensasjonskjernar som kan føre til auka skydekke og dermed auke sjansen for regn. Trafikk fører til auka forureining gjennom ei vanleg veke, og dette gjer at sjansen for regn og aukar. I urbane strøk er derfor ofte laurdagen den dagen i veka det regnar mest, fordi forureiningsmengda har samla seg opp i løpet av dei fem arbeidsdagane. Spesielt gjeld dette i kystnære omrade. I store byar pa austkysten av USA er det 22 % større sjans for regn pa laurdagar enn pa mandagar. [2] [3]

Lukta etter regn [ endre | endre wikiteksten ]

Lukta ein stundom kan kjenne etter regn vert kalla petrichor og kjem fra ei slekt av aktinobakteriar , Streptomyces , i ordenen Actinomycetales . Lukta kjem mellom anna av geosmin , eit alkoholprodut desse jordbakteriane lager nar dei blir tilført væte etter tørke. Noko av lukta kan og kome fra plantemateriale etter ein lengre tørkeperiode, til dømes planteolje dei sondrar ut for a verna seg mot uttørking. [4] I torever kan og lyn gje opphav til ozon som gjev lukt før regnet kjem.

Petrichor kjem av dei greske orda petra , som tyder stein , og ichor , som i følgje gresk mytologi er den eteriske væska som flyt i arene til gudar. [5]

Kunstig regn [ endre | endre wikiteksten ]

Det har vore mykje diskusjon om det er mogeleg a danne kunstig regn, ein teknikk som blir kalla ≪a sa skyer≫. I følgje denne teorien kan ein sprøyte kjemikaliar som sølvjodid eller tørris inn i skyer og sma vassdropar vil sa fryse pa desse partiklane. Desse vil sa falle ned til jorda og smelte pa vegen.

Regn i kulturen [ endre | endre wikiteksten ]

Rue de Paris, temps de pluie (1877) av Gustave Caillebotte .

Mange stadar i verda, og særleg i den vestlege verda, blir regn ofte sett pa som noko trist og negativt, i motsetnad til sol. Enkelte meiner derimot at regn kan vere avslappande og koseleg. I tørre omrade av verda set ein derimot som regel stor pris pa regn. I delar av Afrika, India og Midtausten blir regn motteke med stor glede. I Botswana har dei same ord for regn og pengar (≪pula≫), og viser med det kor viktig regnet er for økonomien i landet.

Mange kulturar har utvikla metodar for a halde seg tørre i regnver, til dømes paraplyar og regnklede i tillegg til rennesteinar , kumlokk og avløp som fører regnet bort fra overflata. Mange vel og a halde seg innandørs nar det regnar, særleg i tropiske omrade der regn vanlegvis kjem i lag med kraftig torever eller under monsunen der det kan regne svært, svært kraftig.

Regn i Noreg [ endre | endre wikiteksten ]

Bergen er kjend for ha mykje regn og i lag med Førde er dette dei byane i Europa der det regnar mest (2000-3000 mm). Dette kjem av at Vestlandet ofte har vestleg vind, skapt av alle lagtrykka som kjem inn fra vest. Lagtrykka sender frontar inn mot Vestlandet og dette fører til ein god del regn, samtidig som den vestlege vinden fører til at luft blir løfta over fjella og skapar orografisk nedbør . Til saman gjev desse to fenomena dei store nedbørmengdene ein har pa Vestlandet.

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Regn i Ystad 15. juni 2019
Eit panoramabilete som viser glimt av bla himmel til venstre og regn til høgre.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Alistair B. Fraser (15. januar 2003). ≪Bad Meteorology: Raindrops are shaped like teardrops≫ . Pennsylvania State University . Arkivert fra originalen den 7. august 2012 . Henta 7. april 2008 .  
  2. Kare Utaaker (1991). Mikko- og lokalmeteorologi: Det atmosfæriske miljø pa liten skala . Alma Mater. ISBN   9788241900631 .  
  3. R.S. Cerveny & R.C. Balling (6. august 1998). ≪Weekly cycles of air pollutants, precipitation and tropical cyclones in the coastal NW Atlantic region≫. Nature 394 (6693): 561?563. Bibcode : 1998Natur.394..561C . doi : 10.1038/29043 .  
  4. Geir Ottar Fagerlid (30.05.2016), ≪Kvifor luktar regnet?≫ , Yr.no  
  5. Aarnes, Halvor (10. juni 2014), ≪Lukten etter regn≫, Store norske leksikon , henta 7. juli 2014  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Regn