한국   대만   중국   일본 
Rasmus J. Mork ? Wikipedia Hopp til innhald

Rasmus J. Mork

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Rasmus J. Mork
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1896
Ørsta kommune
Død

23. mai 1974 (78 ar)

Yrke samfunnsøkonom , professor
Far Rasmus P. Mork

Rasmus Johannes Mork ( 19. januar   1896 23. mai   1974 ) var ein norsk meieripioner fra Ørsta .

Far hans, Rasmus P. Mork, dreiv eige meieri i Ørstavik fra 1890-ara til han litt før 1910 vart meieristyrar i Alesund . Ogsa sonen Rasmus J. Mork tok til i meierinæringa og vart utdanna meierikandidat fra Noregs Landbrukshøgskule i 1917. Aret etter tok han til som kontorsjef i Statens rasjoneringsdirektorat. Mork tok i 1920 cand.oecon.-eksamen og arbeidde fra 1921 til 1966 som dosent og seinare professor i meieridriftslære ved landbrukshøgskulen pa As , rektor ved høgskulen 1946-53. Gjennom ara skreiv han ei rekke avhandlingar om meieridrift.

Den 15. april 1940 vart Mork av Høgsterett utpeika til medlem av Administrasjonsradet , der han hadde ansvar for saker under Landbruksdepartementet . Fra 1945 til 1962 var han med i Statens ernæringsrad, formann siste atte ara. Perioden 1950-56 var Mork president i 'Federation internationale laiterie'.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

  • Melkens avregning . 1923
  • Meieribruket i Møre inntil 1930 . Alesund 1939.
  • Melkeomsetning og meieridrift i Norge 1930-40 . 1941
  • Produktutbyttet ved melkens foredling i meierier . 1944
  • Ogsa engelskspraklege skrifter

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]