한국   대만   중국   일본 
Rasen-Antholz ? Wikipedia Hopp til innhald

Rasen-Antholz

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Rasen-Antholz
kommune
Land   Italia
Areal 120  km²
Folketal 2 776   (2004)
Kart
Rasen-Antholz
46°46′55″N 12°02′56″E  /  46.781894°N 12.048894°E  / 46.781894; 12.048894
Wikimedia Commons: Rasen-Antholz
Nettstad: http://www.gemeinde.rasenantholz.bz.it

Rasen-Antholz (italiensk Rasun-Anterselva ) er ein kommune i den italienske provinsen Sør-Tirol . Kommunen omfattar den kjente vintersportstaden Antholz.

Kommunen bestar av Antholzertal, en nordleg sidedal til Pustertal nær hovudvasskiljet i Alpene . I dalen ligg det seks landsbyar, som nedanfra og oppover heiter Neunhausern (926  moh .), Niederrasen, Oberrasen, Antholz Niedertal, Antholz Mittertal og Antholz Obertal (1532 moh.). Dalen fortset nordaustover til Stallerpasset (2052 moh.), som bind saman Antholzertal med Defereggental i Aust-Tirol . Mellom Antholz Obertal og Stallerpasset ligg innsjøen Antholzer See, som ligg pa 1642 meters høgd. Ved sidan av denne ligg det eit skiskyttaranlegg som arleg er arena for verdscupen og har arrangert VM i skiskyting ei rekkje gonger.

Av dei 2780 innbyggjarane i kommunen (2004) er 98 % tysktalande . Namna Rasun og Anterselva blei, som dei fleste andre italienske stadnamn i Sør-Tirol , funne opp av fascistane pa 1920 -talet ved a oversetje ledd for ledd til italiensk ( Ant blei forvanska til Anter fordi det ikkje betyr noko; Holz = selva = skog).

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]