Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Eit
protektorat
er ein
stat
som har avstatt delar av sitt sjølvstende til ein annan stat. Omgrepet dekkjer mange ulike tilhøve, men oftast nyttast det om statar som har gjeve fra seg kontroll over utanrikssaker og likevel har mykje sjølvstende i indre saker. Protektorat kan oppsta nar ein sterkare stat trugar med eller nyttar makt, eller nar ein svakare stat ser fordelar i ordninga.
Eit protektorat skil seg fra
biland
og
koloniar
ved at protektoratet er sjølvstendig i namnet, ved at protektoratet sitt omrade er klart avgrensa fra den vernande staten sitt, og ved at innbyggjarane i protektoratet ikkje er borgarar i den vernande staten.
Protektorat dukka opp allereie i samband med dei store imperia i antikken, og det er kjende døme i
gresk
og
romersk
historie. Under
første verdskrigen
blei
Egypt
eit protektorat under
Storbritannia
sitt vern.
Cuba
var stort sett eit protektorat under
USA
inntil
1934
. Dei tyske koloniane i Afrika og Asia blei fram til første verdskrigen kalla
Schutzgebiete
. Under
andre verdskrigen
blei
Bohmen
og
Mahren
eit tysk protektorat.
I dag har ingen statar formelt status som protektorat, men det finst fleire kvasi-protektorat, inkludert
Cookøyene
,
Marshalløyene
,
Mikronesiaføderasjonen
og
Niue
. Dei tidlegare forvaltingsterritoria under
Dei sameinte nasjonane
skilde seg fra andre protektorat fordi dei blei gjort klare for sjølvstende og at den dominerande staten var under oppsyn av SN.
At ein stat har formell status som protektorat treng ikkje a tyda at denne statusen er frivillig. Ein militært sterk stat kan til dømes pressa ein svakare stat til a verta protektorat. Dette kan til dømes gjerast ved at den militært sterke staten gjennom politisk, økonomisk, militært, ved a stø opp under eit
statskupp
og sa vidare i røynda kontrollerer protektoratet.