한국   대만   중국   일본 
Prosent ? Wikipedia Hopp til innhald

Prosent

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Prosent representert gjennom hundre personar. Ein person tilsvarer 1 %.

Prosent , representert ved teiknet % , tyder hundredel eller per hundre . Ein prosent er altsa ein hundredel av ei viss mengd. Til dømes vil ein prosent av 100 vere 1, ein prosent av 1000 vere 10, osb.

Sjølv om prosent som regel blir skriven i intervallet null til hundre, er det og mogleg med negative prosent ( ?10 % av 42 er ?4,2 ) og prosent større enn hundre ( 200 % av 42 er 84 ).

Merk at ein differanse mellom to prosentverdiar har nemning prosentpoeng . Dette medfører blant anna at standardavviket til verdiar malt i prosent skal ha prosentpoeng som nemning.

Utrekning [ endre | endre wikiteksten ]

Kor mange prosent er av , vert utrekna slik:

Kor mange prosent av er, vert utrekna slik:

Typografi [ endre | endre wikiteksten ]

I løpande tekst tilrar det norske Sprakradet a skrive ut ordet ≪prosent≫ i staden for a bruke prosentteiknet. Skal ein bruke prosentteikn, til dømes i tabellar, er det tilradd a ha eit mellomrom mellom talet og prosentteiknet. [1] I engelsk typografi er det vanleg a droppe mellomrommet mellom talet og prosentteiknet, eventuelt a ha eit lite mellomrom .

Fallgruver [ endre | endre wikiteksten ]

Prosentrekning er i utgangspunktet ikkje spesielt komplisert, men det er likevel ei rekkje aspektar ein bør merke seg.

Prosentvis endring [ endre | endre wikiteksten ]

Det ma skiljast mellom prosent av ei mengd og prosentvis endring av ei mengd. Døme:

  • 20 prosent av 500 er 100
  • 20 prosent auke fra 500 er ein auke fra 500 til 600
  • 500 redusert med 20 prosent er 400
  • Men legg vi 20 prosent pa desse 400 igjen, far vi ikkje 500, men 480. No er det 400 som er utgangspunktet, ikkje 500.

Manglande referanse [ endre | endre wikiteksten ]

Ein prosent krev som regel ein referanse for a vere nyttig. Nar det til dømes star ≪20 % mindre feitt≫ pa eit matprodukt er det ikkje mogleg a vita utor dette utsegna kor mykje feitt det faktisk er i produktet. Nar referansen ikkje er oppgjeve gjevast det og rom for tolking av tydinga av utsegna. Er det 20 prosent mindre enn konkurrenten, 20 prosent mindre enn i fjor, 20 prosent mindre enn tilradd dagsbehov, osb

Prosent og prosentpoeng [ endre | endre wikiteksten ]

Ei endring i prosent og i prosentpoeng er som regel svært ulikt. Sja artikkelen om prosentpoeng .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Svardatabase≫ . Sprakradet (pa norsk) . Henta 12. august 2019 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]