Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Prayagraj
, tidlegare
Allahabad
er ein by i den indiske delstaten
Uttar Pradesh
. Byen har 4 941 510 innbyggjarar (2001).
Prayagraj er ein av dei fire stadane der
kumbh mela
-festivalen blei halden (dei andre er
Haridwar
,
Ujjain
og
Nasik
). Dei heilage elvene
Ganges
og
Yamuna
møter kvarandre ved ei landtunge som blir kalla Sangam, og skal ifølgje tradisjonen sameinast med den mytiske
elva Sarasvati
til ei heilag treeining, Triveni.
Stader der dei to heilage elvane
Ganges
og
Yamuna
har vore kjend som
Pray?ga
, som tyder 'offerstad' pa sanskrit,
[2]
sidan gammal tid. Guden
Brahma
skal ha uftført det alle første
offeret
(
y?ga,
yajna
) her.
[3]
[4]
Ordet
pray?ga
har tradisjonelt blitt brukt om mange stader elvar renn saman. Ifølgje ei overlevering skal ogsa ei tredje elv, den usynlege
Sarasvati
, ha runne saman med Ganges og Yamuna her.
Triveni Sangam
eller berre Sangam er ei nemning brukt om denne samanrenninga til tre elvar.
Prayagraj (sanskirt
Pray?gar?ja
), som tyder 'kongen av pray?gaer', blir brukt for a visa til at denne samanrenninga er den største av dei
fem heilage samanrenningane
i India.
[5]
Da
stormogulen
Akbar
vitja omradet i 1575 gav han ordre om a byggja ein festning pa staden. Denne stod ferdig i 1584 og blei kalla
Ilahabas
, som tyder 'Gudsheim'. Namnet blei seinare endra til
Allahabad
(
hindi
????????,
urdu
??? ????
Il?h?b?d
) under
Shah Jahan
.
I moderne India har det vore gjort fleire forsøk pa a endra namnet pa byen av
BJP
. I 1992 blei den planlagde endringa fra Allahabad til Prayagraj stoppa da sjefsminister
Kalyan Singh
matte ga av etter øydelegginga av
Babri Masjid
. I 2001 gjorde
Rajnath Singh
eit anna mislukka forsøk.
[6]
Omdøypinga blei endeleg fullført i oktober 2018 da regjeringa til
Yogi Adityanath
offisielt endra namnet pa byen til Prayagraj.
[7]
[8]