한국   대만   중국   일본 
Postkort ? Wikipedia Hopp til innhald

Postkort

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Svensk postkort, prospektkort, med SS ≪Jarl≫ av 1907 i hamna i Oskarshamn .
Norsk postkort som syner isskjering ikring 1910
Foto: Nasjonalbibliotekets biletsamling
Sida for adresse og melding pa eit prospektkort, eit postkort med bilete pa framsida
Det fyrste postkortet, eit austerrisk Correspondenz-Karte av den typen som vart teke i bruk i 1869. Dette postkortet er poststempla 22. oktober 1870 i Linz , og stempla pa nytt pa mottakspostkontoret i Wien 23. oktober 1870.

Postkort er eit kort av papir med plass til ei adresse , ei melding, og ofte eit biletmotiv pa eine sida, og som blir sendt i posten . [1] Uttrykket blir brukt bade om ferdig frankerte brevkort, og om prospektkort, som er slike postkort som har ein illustrasjon pa den eine sida, gjerne eit fotografi av ein stad, eit landskap, ein bygning, eit bygningsmiljø og liknande.

Postkorta vart tekne i bruk i Austerrike i 1869, og kom til Noreg i 1871. [1]

Fra byrjinga av 1900-talet og i det meste av dette hundrearet, fram til meldingar og bilete sende over internett og smarttelefonar vart vanleg, var postkort særs populære for a syne familie og vener staden ein budde pa, eller dei stadene ein vitja pa reiser. I var tid er det kan hende for det meste dei sakalla jolekorta med teikningar av nissar, dompapar i jolenek , idylliserte, snødekte by- og bygdelandskap og liknande, som held tradisjonen med a sende postkort til familie og vener oppe.

Prospektkort har blitt sjølvstendige samleobjekt, slik frimerke har blitt det. Til liks med at sytematisk frimerkesamling og studiet av frimerke blir kalla filateli , har systematisk samling av prospektkort og studiet av slike kort fatt nemninga deltiologi pa norsk , svensk og dansk , deltiology pa engelsk , cartophilie pa fransk , Philokartie pa tysk og cartofilia eller deltiologia pa spansk .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 ≪postkort≫ . Store norske leksikon . Henta 5. januar 2015 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Postkort
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .