한국   대만   중국   일본 
Pommersk ? Wikipedia Hopp til innhald

Pommersk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Fyrste sida av Stefan Ramułt sitt Ordbok over det kasjubiske, altso det pommerske spraket (klikk pa biletet for a forstørre)

Pommersk var ei gruppe av nærskylde dialektar som høyrde til den lechitiske undergruppa av vestslaviske sprak . Det vart brukt i Pommern , og kasjubisk er den einaste dialekten som har overlevd fram til no. Den geografiske plasseringa gjorde at dialektane i gruppa viste trekk som er typiske bade for polsk og polabisk .

Omgrepet det pommerske spraket dukkar opp ganske ofte [1] , men er upresist fordi dei faktiske forholda mellom dialektane ikkje er kjende, hovudsakleg grunna mangel pa kjelder. Dette omgrepet opptrer ogso i samanhengar der det viser direkte til kasjubisk [2] eller til spraket dei pommerske dialektane utvikla seg fra [3] . Tradisjonelle studiar i polsk dialektologi plasserer derimot pommersk inni det polske dialektomradet [4] .

Den pommerske gruppa inneheld vestpommerske talemal , slovinsk talemal og kasjubisk . Gjensidige forhold mellom desse talemala og forholdet deira til grannespraka polabisk og polsk er vanskeleg a vurdere, spesielt sidan det berre er kasjubisk som framleis er i live og vert brukt av relativt fa menneske i det pommerske voivodskapet i Nord-Polen.

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Milewski, Tadeusz (2006). J?zykoznawstwo . Warszawa: PWN.  
  2. Ramułt, Stefan (2011). Słownik j?zyka pomorskiego, czyli kaszubskiego . Gdynia: Region.  
  3. Lingvistisk kort av vestslaviske land i 800-950 med ei separat pommersk dialektgruppe , arkivert fra originalen 8. mars 2012 , henta 25. mai 2014  
  4. Bruckner, Aleksander (1960). Dzieje j?zyka polskiego . Wrocław: Ossolineum.