Polart lagtrykk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Polart lagtrykk i Japanhavet i desember 2009
Denne ≪kommaforma≫ er typisk for dei fleste lagtrykk. Her eit polart lagtrykk i Grønlandshavet den 12. oktober 2005.
Foto: Meteorologisk Institutt

Eit polart lagtrykk er eit smaskala og kortvarig lagtrykk som ein finn over havomrade pa polsida av polarfronten pa bade nordlege og sørlege halvkule. Systema har vanlegvis ein horisontal lengdeskala som er mindre enn 1000 km og kan vare fra 6 timar til eit par dagar. Polare lagtrykk er ofte vanskeleg a oppdage sidan dei som regel oppstar i polare havomrade der det er langt mellom observasjonane, og ofte er for sma til a fangast opp av vanlege vermodellar. Ein oppdagar dei derfor ofte ikkje før dei kan observerast pa satellittbilete, og dei utgjer derfor ein fare for skipstrafikk og gass- og oljeplattformar.

Polare lagtrykk gar under fleire namn, som kommaskyer, mesosyklonar, polare mesoskala kvervlar, arktiske orkanar, arktiske lagtrykk og kaldluftslagtrykk. I dag vert uttrykket ≪polart lagtrykk≫ brukt om kraftige lagtrykkssystem med vind pa minst stiv kuling (15 m/s).

Polare lagtrykk vart først oppdaga da satellittbilete vart tilgjengelege pa 1960-talet som smaskala skykvervlar pa høge breidder. Dei mest aktive polare lagtrykka finn ein i dei isfrie havomrada i og nær Arktis om vinteren, som Norskehavet , Barentshavet , Japanhavet og Alaskabukta . Kvart ar oppstar det 5-15 polare lagtrykk i havomrada utanfor Nord-Noreg, men kan innimellom ga sa langt sør som til Nordsjøen. Nær Antarktis er som regel dei polare lagtrykka svakare enn i nord sidan temperaturskilnaden mellom lufta og sjøen er mindre. Ein kan likevel fa kraftige polare lagtrykk og i Sørishavet .

Utvikling [ endre | endre wikiteksten ]

Polare lagtrykk oppstar i horisontale temperaturgradientar gjennom baroklin instabilitet . Luftlaget like over havoverflata er mykje varmare enn den iskalde lufta som strøymer ut fra iskanten. Dette skapar svært ustabile luftlag, og den varme lufta stig.

Polare lagtrykk treng visse vilkar for a oppsta:

  • Kald luft fra isen som kjem ut over det relativt varme (+6°C) opne havet. Dette fører til snøbyer over store havomrade.
  • Kald luft og lagtrykkssirkulasjon i høgare lag (om lag 5 km høgd)
  • Ei forstyrring ved bakken som gjev utgangspunkt til a danne eit lagtrykk
  • Eit inversjonslag som dempar utviklinga i starten. Nar inversjonen vert broten kan ein fa ein eksplosiv utvikling.

Utsjanad [ endre | endre wikiteksten ]

Polare lagtrykk kan ha forskjellig utsjanad, men kan hovudsakleg settast i to forskjellige grupper. Den første er spiralforma skyband som krinsar rundt senteret av lagtrykket. Enkelte polare lagtrykk liknar pa tropiske syklonar med kraftige toreskyer rundt eit skyfritt ≪auge≫. Dette er arsaka til at polare lagtrykk og vert kalla arktiske orkanar. Desse systema er mest vanleg nær iskanten. Den andre gruppa inneheld lagtrykk forma som eit komma, som ein ofte finn i system som oppstar nærare polarfronten.

Ver [ endre | endre wikiteksten ]

Nar lagtrykka gar innover land mistar dei raskt styrken sin, men i det dei kjem inn mot kysten kan ein fa kraftig vind og snøfall og pa land. Sidan polare lagtrykk er vanskeleg a varsle, kjem bade vinden og snøfallet ofte uventa pa, og ofte kan det komme til dels store snømengder. I tillegg kan ein vente hagl og av og til torever . Vindstyrken kan variere fra 15 m/s til 32 m/s (orkan). Kraftig vind kan føre til grov sjø og ising pa installasjonar og skip til havs.

Vervarsling [ endre | endre wikiteksten ]

Polare lagtrykk er svært vanskelege a varsle, sjølv for erfarne meteorologar. Dei meteorologiske prognosemodellane har enno for darleg horisontal og vertikal oppløysing til a fange opp desse sma systema. Dermed kan ein som regel ikkje varsle dei før allereie har byrja a utvikle seg, og ein kan oppdage dei pa satellittbileta. Før satellittbileta kom kunne lagtrykka passere mellom observasjonane og kome bratt og overraskande pa bade meteorologar og skip, noko som i fleire tilfelle har endt katastrofalt. Metoden ein brukar i dag vert kalla nowcasting , og baserer seg hovudsakleg pa satellittbileter og luftstraumen i midten av troposfæren . Denne luftstraumen styrer kva retning lagtrykket vil ga. Dette grunnlaget for varsling av polare lagtrykk er derimot svært lite, særleg med tanke pa a vite kor sterk utviklinga vert. Her i Noreg er meteorologane pa vakt nar ein har omfattande nordleg vind (sakalla kaldluftsutbrudd) om vinteren. Dette er eit av dei første teikna pa at polare lagtrykk kan utvikle seg.

Dei siste ara har ein fatt betre satellittar som kan male vindstyrken over havomrade. Dette kan vere ei stor hjelp til a oppdage polare lagtrykk og avgjere styrken deira.

Polare lagtrykk og tropiske syklonar [ endre | endre wikiteksten ]

Polare lagtrykk og tropiske syklonar har fleire likskapar, og det er ein av arsakene til at polare lagtrykk og har blitt kalla ≪arktiske orkanar≫. Begge krev ei havoverflata som er varmare enn lufta over for a utviklast, og begge har havet og den stigande fuktige lufta som den viktigaste energikjelda. Dermed vil begge raskt svekkast nar dei kjem over land. Ofte har dei og liknande utsjanad, og begge kan ha eit skyfritt ≪auge≫ i sentrum. Polare lagtrykk har kraftig bygenedbør og sterk vind, men ikkje i same grad som tropiske syklonar. Skilnaden er derimot at tropiske syklonar oppstar pa mykje større skala og har større intensitet. Tropiske syklonar krev havoverflatetemperatur pa 27°C for a oppsta, medan polare lagtrykk krev kald luft i 5 km høgd (-40°C).

Syklonar og antisyklonar
Ekstratropisk syklon Mesosyklon Polarsyklon Polart lagtrykk Subtropisk syklon Tropisk syklon

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]