Pil og boge

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sja boge .
Skyting med pil og boge.

Pil og boge er eit særs gamalt og utbreidd vapen som har vorte brukt til jakt og krigføring . I dag blir bogen ofte brukt som fritids- og konkurranseaktivitet, men det finst framleis folkegrupper som nyttar boge til jakt.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Kinesisk bogeskytar fra 1700-talet.

Bogen vart funne opp i steinalderen . Dei eldste teikna pa bruk, steinar forma som pilspissar , er funne i Afrika og er rundt 60 000 ar gamle. [1] Dei eldste restane av bade pil og boge som er funne er fra Stellmoor , nord for Hamburg i Tyskland , og stammar fra den paleolittiske kulturen som var der (ca. 9000-8000 f.Kr.). Pilene vart laga av furu , og var 15-20 tommar lange og hadde pilspiss av flint.

Desse restane blei øydelagde under andre verdskrigen. Dei eldste kjente bogane som er kjend i dag, kjem fra Holmegardmyrene i Danmark , der det i 1940-ara vart funne to boger. Dei var laga av alm , hadde flate armar og ein D-forma midtseksjon, mens den midterste delen var bikonveks. Bogen var 1,50 m lang. Desse bogane vart brukt fram til bronsealderen ; konveksiteten av midtseksjonen slutta med tida.

Konstruksjon [ endre | endre wikiteksten ]

Bogen er tradisjonelt laga av ein sterk, men fleksibel tresort, til dømes ask . I moderne tid er dette ofte erstatta av glasfiber. Ei sterk snor blir spent pa, gjerne i eit hakk i kvar ende. Opphavleg brukte ein dyresener; pa moderne bogar er det vanleg med kevlar eller eit anna kunstig material med stor slitekraft. Pilene er laga av rette greiner, ikkje tjukkare enn 1 cm i diameter. Den eine enden av pila vert spissa, eller sett ein spiss pa av t.d. metall, og i den andre enden vert det laga eit hakk, slik at pila kan setjast pa snora. Dette hakket er i nyare tid ofte laga av plast som ein sett pa som spissen. Denne plast delen vert kalla nock . Det er gjerne styrefjær pa pila.

Allereie i antikken byrja ein a laga komposittbogar , der skaftet er laga av fleire material. Den tidlegaste kombinasjonen var tre og bein. Moderne komposittbogar er gjerne av metall og glasfiber. Slike bogar far ein langt større spennkraft, og dermed større penetrasjonsevne og rekkjevidd. Fordi komposittbogar kan vera svært tunge a spenna, brukar ein pa moderne bogar ofte eit trinsesystem som gjer det mogleg a spenna dei. Desse moderne trinsebogane heiter compoundbogar .

Trekkrafta til bogar blir malt i pund. Dagens bogar har ei trekkraft fra 20-50 pund. Meir trengst ikkje for a treffa blink pa etter maten korte avstandar. Dei engelske langbogane kunne ha opp mot 200 pund trekkraft.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bibliografi [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Pil og boge