Pho

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ei skal med pho i Ho Chi Minh-byen .
Pho med kylling.

Pho ( vietnamesisk ph? , uttalt anten cf? , f? , f?r eller f?? ; [1] Høyr Høyr ) er ei vietnamesisk suppe av kraft , nudlar , grøne grønsaker og/eller urter og ulike typar kjøt. [2] [3] Mest vanleg er storfe (pho bo) eller kylling (pho ga). [4]

Retten er utbreidd som snøggmat og finare restaurantmat i Vietnam, [5] og blir ofte kalla den vietnamesiske nasjonalretten . [6] Pho kan etast alle tider pa døgeret. Det er vanleg a eta suppa med etepinnar og suppeskei .

Suppa kan førast tilbake til Nord-Vietnam tidleg pa 1900-talet. Opphavet er darleg dokumentert, [7] [8] og bade dei kulinariske paverknadane pa retten og ordsoga til sjølve ordet er omstridde. [9] Pho blei spreidd til resten av verda takka vera flyktningar etter Vietnamkrigen . [10]

Ingrediensar og tillaging [ endre | endre wikiteksten ]

Ein typisk krydderpakke for pho med kokepose.

Kjøt og kraft [ endre | endre wikiteksten ]

Pho servert med lime og chili.

Tradisjonell pho-kraft tek fleire timar a laga. [11] For pho med storfekjøt koker ein storfebein og magert kjøt som oksehale , bryst eller flankesteik / slagside . I Sør-Vietnam kan ein ogsa bruka sener, mage eller kjøttbollar. Høns eller kylling kan brukast pa liknande vis, eventuelt med nok innvolar som hjarte, uutvikla egg og kras . [12] [11]

Kjøtet blir kokt saman med lauk og ingefær og laukt som er blitt steikt pa sterk varme, i blant over open eld, og ulike krydder. Vanlege krydder er vietnamesisk kanel ( Cinnamomum loureiroi ) eller andre kaneltypar , stjerneanis , svart kardemomme , koriander , fennikel og nellikspiker . Dersom dei blir brukt heile koker ein dei ofte oppi ein pose slik at dei ikkje flyt laust i suppa. Det gar ogsa an a bruka krydder i pulverform. Mot slutten av koketida kan ein tilsetja fiskesaus ( N??c m?m ).

For a halda krafta klar er det vanleg a ta ut skum og liknande som flyt til toppen av suppa.

Nudlar [ endre | endre wikiteksten ]

Nudlane brukte i pho er flate risnudlar , som regel av typen banh ph? eller kuy teav ( h? ti?u ). [13] Nordlege variantar er gjerne litt breiare enn dei fra Sør-Vietnam. Pho-nudlar blir laga av ris av god kvalitet. Dei er svært kvite, litt klisset og smaker litt syrleg. [6]

Grønsaker, urter og sausar [ endre | endre wikiteksten ]

Bord i ein pho-restaurant med vanlege sausar, som sriracha , og bestikk.

Vietnamesiske rettar blir typisk servert med mange grønsaker og urter som garnityr eller ved sida av. Det er vanleg a servera pho med varlauk , laukskiver, bønnespirer , thaibasilikum ( O. basilicum var. thyrsiflora ), korianderblad eller meksikansk koriander , fersk chilipepar , sitron - eller limebatar . Ulike sausar kan tilsetjast etter smak, til dømes hoisinsaus , sriracha eller fiskesaus . [11] [14]

Variantar [ endre | endre wikiteksten ]

Pho ga servert pa gata i Hanoi i typisk nordleg stil utan tilbehøyr ved.

Det finst fleire ulike regionale variantar av pho i Vietnam, med eit særleg skilje mellom ≪nordleg pho≫ ( ph? b?c ) og ≪sørleg pho≫ eller ≪Saigon-pho≫ ( ph? Sai Gon ). Nordleg pho har gjerne litt vidare nudlar og meir varlauk, og blir typisk berre servert med eddik, fiskesaus og chilisaus. Sørleg pho har gjerne ei litt søtare kraft og blir servert med bønnespirer og fleire ferske urter. Ogsa anna tilbehøyr ser ut til a ha oppstatt i sør. [7]

Pho med ekstra feit kraft ( n??c beo ) blir servert med varlauk som mildnar smaken. Hanh d?m , ein lauk i eddik, er ein populær siderett

Internasjonale pho-variantar kan vera vegetariske ( ph? chay ), med tofu og grønsakkraft, og kan ha andre typar grønsaker, som gulrot og brokkoli. Andre nudeltypar kan brukast der pho-nudlar ikkje er a fa tak i.

Etestader og auksjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Ei av dei største serveringskjedene i Vietnam er Pho 24 , med rundt 60 serveringsstader i Vietnam og 20 i utlandet. [15] Ei USA-amerikansk verksemd er Ph? Hoa , som har over 70 serveringsstader i sju land. [16] [17] [18]

Verdas dyraste pho-rett blei laga i 2011, da Tiato i Santa Monica i California auksjonerte bort skaler med AnQi Ph? , laga av wagyukjøt type A5, kvit trøffel , gaselverkraft og nudlar laga av den uvanlege blae varianten av amerikansk hummar . Boda starta pa 5000 dollar, og auksjonen var til inntekt for ulike barnesjukehus. [19] [20]

Liknande rettar [ endre | endre wikiteksten ]

Pho-nudlar blir ogsa brukt i fleire andre vietnamesiske rettar, som wok-steikt pho ( ph? xao ), sautert pho ( ph? ap ch?o ), pho-varrull ( ph? cu?n ) og sur pho ( ph? chua ). [21] Andre populære vietnamesiske nudelrettar er bun rieu , bun bo Hu? (ei anna storfe-nudelsuppe), bun ch? , h? ti?u , bun th?t n??ng , og mi Qu?ng . [22]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪pho, n.≫, Oxford English Dictionary (3. utg.) ( Oxford University Press ), mars 2006  

    ≪pho (British & World English)≫ , Oxford Dictionaries (Oxford University Press), arkivert fra originalen 7. august 2013 , henta 23. august 2013 , ≪a type of Vietnamese soup, typically made from beef stock and spices to which noodles and thinly sliced beef or chicken are added. Origin: Vietnamese, perhaps from French feu (in pot-au-feu)≫  

    ≪pho (American English)≫ , Oxford Dictionaries ( Oxford University Press ), arkivert fra originalen 31. juli 2012 , henta 13. juli 2012  

    ≪pho≫ , The American Heritage Dictionary of the English Language (5 utg.) ( Houghton Mifflin Harcourt Publishing Company ), 2011, ≪A soup of Vietnamese origin typically consisting of rice noodles, onions, herbs, seasonings, and thinly sliced beef or chicken in a clear broth.≫  

    ≪pho≫ , Random House Dictionary ( Random House ), 2013 , henta 23. august 2013  

    ≪pho≫ , Collins English Dictionary ( HarperCollins ) , henta 23. august 2013  

  2. Scripter, Sami; Yang, Sheng (2009). Cooking from the Heart: The Hmong Kitchen in America . University of Minnesota Press . s. 25. ISBN   1452914516 . ≪ Ph? is made with small ( 1 / 16 -inch-wide) linguine-shaped rice noodles labeled ‘ banh ph? ’.≫  
  3. ≪Pho≫ , Store norske leksikon , 14. februar 2009  
  4. ≪World's 50 most delicious foods≫ . CNN Go. 21. juli 2011. Arkivert fra originalen 8. oktober 2011 . Henta 9. september 2012 .  
  5. Thanh Nien staff (3 February 2012). ≪Vietnamese street food a gourmet’s delight≫ . Thanh Nien News . Arkivert fra originalen 24. mai 2012 . Henta 15. oktober 2012 . ≪A visit to Vietnam would never be complete, Lister said, without the taste of food on the street, including ph? - beef noodle soup,...≫  
  6. 6,0 6,1 Marybeth Bond (July 10, 2015), ≪Local Flavor: Pho in Hanoi≫ , Taste of Travel  
  7. 7,0 7,1 Nguyen, Andrea Q. ≪History of Pho Noodle Soup≫ . San Jose Mercury News , reprinted at Viet World Kitchen. Arkivert fra originalen 18. november 2012 . Henta 22. oktober 2011 .  
  8. Greeley, Alexandra (Winter 2002). ≪Ph?: The Vietnamese Addiction≫. Gastronomica (Oakland, California: University of California Press) 2 (1): 80?83. ISSN   1529-3262 . doi : 10.1525/gfc.2002.2.1.80 – via JSTOR . (krev abonnement ( help )) .  
  9. V??ng Trung Hi?u (17. juli 2012). ≪Ngu?n G?c C?a Ph?≫ [The Origins of Ph?] . V?n Ch??ng Vi?t (pa vietnamesisk) . Henta 16. mai 2013 .  
  10. Warwicker, Michelle; Taylor, Anna-Louise (27. september 2013). ≪What is Vietnamese pho?≫ . BBC.  
  11. 11,0 11,1 11,2 Diana My Tran (2003). The Vietnamese Cookbook . Capital Lifestyles (illustrated utg.). Capital Books. s. 53?54. ISBN   1-931868-38-7 . Henta 22. oktober 2011 .  
  12. Johnathon Gold Pho Town; Noodle stories from South El Monte Dec. 12-18 2008 LA Weekly
  13. ≪Vietnamese Noodles 101: Banh Pho Flat Rice Noodles - Viet World Kitchen≫ . Viet World Kitchen . Henta 12. november 2015 .  
  14. Gross, Matt (6. mars 2014). ≪The Annoying Food Snob's Guide to Eating Pho With Sriracha≫ . Bon Appetit ( Conde Nast ). Arkivert fra originalen 3. januar 2015 . Henta 2. januar 2015 .  
  15. Nguyen, Lan Anh (14. februar 2011). ≪Starting From Scratch≫ . Forbes Asia ( Forbes ) . Henta 27. mai 2013 .  
  16. Loh, Laura (13. mai 2002). ≪The Next Ethnic Dish of the Day: Vietnamese Pho≫ . Los Angeles Times (Tribune Company) . Henta 27 May 2013 .  
  17. Hsu, Tiffany (21. mars 2008). ≪Cooking up a growth plan≫ . Los Angeles Times ( Tribune Company ) . Henta 27. mai 2013 .  
  18. ≪Company Information≫ . Ph? Hoa. 3. juli 2012. Arkivert fra originalen 7. juli 2013 . Henta 27. mai 2013 .  
  19. Shatkin, Elina (11. mai 2011). ≪World's Most Expensive Pho Goes on Auction Block≫ . LA Weekly ( Voice Media Group ) . Henta 30. mars 2015 .  
  20. William-Ross, Lindsay (18. mai 2011). ≪Is There Such a Thing in L.A. as a $5,000 Bowl of Pho?≫ . LAist . Gothamist . Arkivert fra originalen 24. juni 2011 . Henta 30. mars 2015 .  
  21. V? Th? Long (18. september 2009). ≪Phat hi?n m?i v? ph? (Bai 2): 'Gi?i ph?u' m?t bat ph? bo≫ [New discoveries about pho (2nd article): 'Dissecting' a bowl of beef pho] . Bao Th? thao & V?n hoa (pa vietnamesisk) ( Vietnam News Agency ) . Henta 26. mai 2013 .  
  22. ≪40 delicious Vietnamese dishes≫ . CNN Travel . CNN . Henta 12. november 2015 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Ph?
Wikibooks Cookbook har oppskrifter for: Pho