Peter Lacy

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Peter Lascy )
Peter Lacy

Statsborgarskap Irland
Fødd 29. september 1678
Killeedy
Død

19. april 1751 (72 ar)
Riga

Yrke militær
Ektefelle Marta Filippina von Funcken
Peter Lacy pa Commons
Peter Lacy.

Peter Lacy (fødd  26. september   1678  ved Limerick i Irland , død  19. april   1751  i Riga ), og kjent som Peter von Lacy eller Pjotr Petrovitsj Lassi , var ein irsk - russisk offiser fra Limerick i Irland , og seinare general og adelsmann i teneste hos tsaren i Russland . Han var formelt guvernør for det russiske Guvernementet Livland 1727 - 1751 . [1]

Han var ei stund i Frankrike fra oktober 1691 , men forlet solkeisardømet til Ludvig XIV til fordel for militær teneste i Austerrike . Under austerriksk teneste i Russland fra 1697 , med slaget ved Narva og feltoperasjonar i Livland , vart han skadd under den store nordiske krigen mot Sverige og forfremma til oberst . Aret etter leia han ein brigade mot svenskane i slaget ved Poltava , og tok teneste hos prins Anikita Repnin , som var guvernør i Livland . Lacy var blant dei første som inntok Riga , og vart i 1712 kommandør pa borga i byen. I 1719 var han med marinestyrken til Fjodor Apraksin , og gjekk i land og øydela svenske vapenarsenal og -fabrikkar ved Umea .

I 1726 vart Lacy øvstkommanderande i Livland etter Repnin, og tre ar seinare guvernør i provinsen. Her vart han kjent med grevinna av Kurland , den seinare tsarina Anna av Russland , som gjorde Lacy til øvstkommanderande. Han sigra over polakkane i den polske arvefølgjekrigen i 1734 , og han vart russisk øvstkommanderande i den russisk-tyrkiske krigen fra 1736 . Etter sigeren over tyrkarane 1739 tok han igjen aktivt opp guvernørposten i Livland.

Peter Lacy var igjen øvstkommanderande under den russisk-svenske krigen (1741-1743) , vann ein knusande siger over svenskane ved Villmanstrand i august 1741 , og erobra i praksis heile det sørlege Finland aret etterpa. Etter dette vart han verande aktiv guvernør og øvstkommanderande i Livland til han døydde i Riga 19. april 1751 .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. A ja O Taskuteatmik Eesti , utgjeve av forlaget Eesti Entsuklopeediakirjastus, Tallinn 2007, side 127.