한국   대만   중국   일본 
Pave Pius X ? Wikipedia Hopp til innhald

Pave Pius X

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Pius X

Pius X
Dapsnamn Giuseppe Melchiorre Sarto
Fødd 2. juni 1835
Riese
Død 20. august 1914
Roma
Vald 4. august 1903
Innsett 9. august 1903
Saligkara : 3. juni 1951
Festdag: 21. august
Føregangar: Leo XIII
Etterfylgjar: Benedikt XV

Den heilage Pius X ( 2. juni   1835 20. august   1914 ) var pave fra 1903 til han døydde i 1914 . Han var den første paven som blei kanonisert sidan Pius V . Som pave er han kjend for ei konservativ haldning som var kritisk til teologisk modernisme , men ogsa ein padrivar for personleg gudstru og nærleik til vanlege katolikkar. Pius X var den første som gav ut ein kodifikasjon av kanonisk rett , Codex juris canonici .

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Paven blei fødd som Giuseppe Melchiorre Sarto i Riese i Veneto -provinsen. Foreldra hans var Giovanni Battista Sarto, ein postmann, og Margarita. Sarto blei prestevigd i 1858, og som ung prest studerte han bade Thomas Aquinas og kanonisk rett . I 1884 blei han biskop av Mantua , og i juni 1893 blei han utnemnd til kardinal . I 1896 blei han utnemnd til patriark av Venezia , noko dei italienske styresmaktene protesterte mot ettersom dei hevda a ha retten til a nominera kandidatar fra tida da Venezia var del av Austerrike. Det italienske hoffet og den romerske kurien var allereie i konflikt etter samlinga av Italia , men til slutt gav den italienske staten opp, og kardinalen kunne tiltre embetet.

Etter at pave Leo XIII døydde blei Sarto vald til pave av konklavet den 4. august 1903, truleg med 55 av 60 stemmer. Ved dette konklavet blei det austerrikske vetoet brukt for siste gong, mot kardinalstatssekretæren Mariano Rampollo . Pius X avskaffa seinare denne vetoretten. Pius blei krona til pave søndag 9. august 1903.

Pavetid [ endre | endre wikiteksten ]

Pius X var kjend for sin konservative teologi, og fordømte det han kalla ≪modernistar≫ og ≪relativistar≫. I 1907 gav han ut dekretet Lamentabili , der han gjekk ut mot modernistiske syn pa inspirasjonen for Bibelen, læra til Jesus og apostlane, dogme, sakrament og stilliga til paven. Encyklikaen Pascendi dominici gregis fra september same aret, er vidkjend for a ha innført omgrepet ≪modernisme≫ innan teologi, og atvara mot dette synet. Encyclikaen la ned reglar for a hindra spreiinga av doktrinen, mellom anna innføringa av eit eige organ som sensurerte bøker og ein ≪vaktkomite≫. I 1910 kravde han at alle katolske geistlege skulle avleggja ein antimodernist-eid. Han skipa ogsa eit bibelinstitutt i Roma for a samla studiar av Bibelen der.

Under Pius braut Portugal og ei tid ogsa Spania sambandet med pavestolen, og kyrkja hadde ein stor konflikt med Frankrike som enda med brot pa diplomatisk samband mellom Vatikanet og Frankrike. Paven fordømte at den franske presidenten Emile Loubet vitja kong Viktor Emmanuel II av Italia , som hadde annektert Pavestaten , og nekta a møta han. I 1905 vedtok Frankrike eit skilje mellom kyrkje og stat . Pius forbaud franske biskopar fra a godta vilkara staten hadde sett for at dei skulle behalda kyrkjebygningane; dei heldt fram med a bruka bygningane i eit svært spent forhold mellom stat og kyrkje. To franske biskopar blei fratekne stillinga si fordi dei godtok den tredje republikken . Frankrike utviste jesuittar fra riket.

Pius innførte liturgiske reformer og fremja tradisjonell kyrkjemusikk . I 1903 gav han ordre om at autentisk gregoriansk song skulle brukast overalt. Han gjekk inn for eit nært forhold mellom kyrkja og truande, mellom anna meinte han at alle burde ta imot nattverd ofte, gjerne dagleg. Han fremja religiøs undervising for barn og vaksne, og reformerte presteundervising. Under han blei ein ny katekisme laga for Roma. Han endra namnet pa den offisielle meldingsbulletinen fra Acta Sanctae Sedis til Acta Apostolicae Sedis .

Paven engasjerte seg sterkt for a hjelpa dei som leid naud. Tidleg i karrieren lærte han gatebarn om katekismen og gav dei godteri. Seinare samla han inn pengar og hjelpte offer for jordskjelv i Calabria, Vesuv-utbrotet og andre ulukker i til dømes Portugal og Irland.

Han blei kanonisert av pave Pius XII i 1954. Fødebyen Riese endra namnet til Riese Pio X som ei oppkalling etter paven i 1952.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • ≪Pius 10≫ (14. februar 2009), Store norske leksikon . Fri artikkel henta 6. juli 2014.
  • Pope Pius X , Catholic Encyclopedia , newadvent.org.