한국   대만   중국   일본 
Paul Verlaine ? Wikipedia Hopp til innhald

Paul Verlaine

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Paul Verlaine

Pseudonym Pauvre Lelian, Pablo de Herlagnez
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 30. mars 1844
Metz
Død

8. januar 1896 (51 ar)
Paris

Yrke lyrikar , essayist , skribent , librettist , omsetjar
Sprak fransk
Sjanger lyrikk
Religion ateisme
Far Nicolas Verlaine
Mor Elisa Verlaine
Ektefelle Mathilde Maute
Born Georges Verlaine
Signatur
Paul Verlaine pa Commons
Verlaine mala av Gustave Courbet .

Paul Verlaine ( 30. mars   1844 8. januar   1896 ) var ein fransk diktar knytt til symbolismen . Han er rekna som ein av dei største representantane for fin de siecle -litteratur.

Tidleg liv [ endre | endre wikiteksten ]

Verlaine var fødd i Metz nordaust i Frankrike som son av ein ingeniørkaptein. Han studerte ved Ecole polytechnique , men vigde seg snart til litteraturen. Den første litterære gruppa han følgde var Les parnassiens (parnasset). Første diktsamlinga hans, Poemes saturniens (1865), blei skriven under denne paverkinga; dei pafølgjande Fetes galantes (1869) og enda meir La bonne chanson (1870) tek til a fjerna seg fra dei.

I 1870 gifta han seg med Mathilde Maute, som han hadde dedisert La bonne chanson til. Same aret blei den tredje republikken utropt, og Verlaine gjekk inn i den franske nasjonalgarden . I mars 1871 gjekk han over til Pariskommunen , der han blei leiar for pressekontoret. Da kommunen blei slatt ned matte han flykta fra heimstaden, og han og Mathilde budde ei tid hja foreldra hennar. I oktober 1871 fekk paret sonen Georges, og to manader seinare drog Paul Verlaine saman med sekstenarige Arthur Rimbaud , som han hadde brevveksla med og no fekk eit forhold til.

Rimbaud teikna av Verlaine.

Rimbaud [ endre | endre wikiteksten ]

Dei to diktarane loffa gjennom Frankrike , Belgia og England , før Verlaine i 1873 skaut Rimbaud i handa under ein krangel. For ataket, og for det da forbodne homofile forholdet, matte han sona to ar i fengsel . Under reisene hadde Verlaine skrive mesteparten av den vektige samlinga Romances sans paroles (1874), sterkt paverka av Rimbaud. Under soninga skreiv han Cellulairement , ei samling han ikkje gav ut. I denne tida fekk Mathilde ogsa separasjon etter ein prosess ho hadde starta i 1871.

Verlaine gjekk gjennom ei religiøs krise og konverterte til katolisismen . Han var allereie katolikk, men kan ha gløymd dette pa grunn av lang tids misbruk av alkohol og absint . Den religiøse opplevinga gav grunnlaget for Sagesse (1880).

Etter fengselsopphaldet hadde Verlaine eit omflakkande tilvære der han reiste mellom England og Frankrike og arbeidde som lærar. I 1878 møtte han Lucien Letinois og slo seg ned med han pa familiegarden i Ardennane . I 1882 drog dei til Paris der Verlaine prøvde a gjenetablera skrivekarrieren sin.

Forfall [ endre | endre wikiteksten ]

Verlaine som gammal.

Aret etter døydde Letinois av flekktyfus , og Verlaine blei sterkt deprimert. Mora hans kjøpte Letinois-garden og dei budde ei tid der, men Verlaine var kranglevoren og valdeleg. Han fekk eit nytt fengselsopphald og flakka deretter rundt før han vende tilbake til Paris og mora i 1885. I 1886 døydde ogsa ho, og Mathilde fekk innvilga skilsmisse same aret.

Verlaine budde no i slummar og pa offentlege sjukehus, medan han til dagleg drakk absint pa kafear. Men medan Verlaine levde i fattigdom og rus pa eit personleg plan, voks ryet hans som diktar innan litteraturmiljøet. Den tidlege diktinga hans blei gjenoppdaga, og han blei saman med Mallarme sett pa som ein føregangsmann for symbolismen og dekadansen . Sjølv tok Verlaine avstand fra desse plasseringane, og lanserte i ein artikkelserie fra 1885 omgrepet ≪ poetes maudits ≫, 'fordømte diktarar', som blei eit viktig omgrep om ulukkelege diktarar som levde utanfor samfunnet.

Portrett mala av Eugene Carriere i 1890.

I 1894 blei Verlaine utropt til Prince des poetes , 'diktarfyrsten', og gjeven ein pensjon. Dikta hans blei tonesette av komponistar som Gabriel Faure , som mellom anna tok for seg La bonne chanson , og Claude Debussy , som let seks av dikta fra Fetes galantes utgjera ein del av samlinga Recueil Vasnier .

Teikning av Verlaine av Frederic-Auguste Cazals da diktaren døydde. Pa teikninga er eit utdrag fra det kjende diktet ≪Il pleure dans mon cœur≫.

Paul Verlaine døydde i januar 1896, 51 ar gammal. Han blei gravlagd i Cimetiere des Batignolles i Paris. I 1911 blei det reist eit monument over diktaren i Paris.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Dikt
  • Poemes saturniens (1866)
  • Les Amies (1867)
  • Fetes galantes (1869)
  • La Bonne Chanson (1872)
  • Romances sans paroles (1874)
  • Sagesse (1880)
  • Jadis et naguere (1884)
  • Amour (1888)
  • Parallelement (1889).
  • Dedicaces (1890)
  • Femmes (1890)
  • Apres trois ans (1865)
  • Hombres (1891)
  • Bonheur (1891)
  • Chansons pour elle (1891)
  • Liturgies intimes (1892)
  • Elegies (1893)
  • Odes en son honneur (1893)
  • Dans les limbes (1894)
  • Epigrammes (1894)
  • Chair (1896)
  • Invectives (1896)
  • Biblio-sonnets (1913)
  • Œuvres oubliees (1926-1929)
Prosa
  • Les Poetes maudits (1884)
  • Louise Leclercq (1886)
  • Les Memoires d'un veuf (1886)
  • Mes Hopitaux (1891)
  • Mes Prisons (1893)
  • Quinze jours en Hollande (1893)
  • Vingt-sept biographies de poetes et litterateurs (trykt i Les Hommes d'aujourd'hui )
  • Confessions (1895)

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]