Paristraktaten i 1763

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Alle deltakarane i sjuarskrigen. Bla : Storbritannia, Preussen, Portugal med allierte. Grøn : Frankrike, Spania, Austerrike, Russland og Sverige med allierte.

Paristraktaten , Parisfreden eller Freden i Paris , var ein fredsavtale som enda sjuarskrigen . [1] Han vart underteikna 10. februar 1763 av Storbritannia , Frankrike og Spania , i lag med Portugal . Avtalen markerte byrjinga pa ein lang periode med britisk dominans utanfor Europa. [2] Avtalen omfatta ikkje Preussen eller Austerrike som signerte den separate Hubertusburg-traktaten .

Det meste av dei erobra landomrada vart gjevne tilbake til eigarane fra før krigen, men britane fekk store oversjøiske omrade fra Frankrike, og til ein viss grad fra Spania. [3] Frankrike ønskte a fa ha Guadeloupe og gav derfor opp Canada og alle krav pa omrada aust for Mississippielva til Storbritannia. [4] Spania avstod Florida til Storbritannia, men fekk seinare New Orleans og Fransk Louisiana fra britane. Manila og Cuba vart gjevne attende til Spania. Frankrike fekk behalde Saint Pierre og Miquelon og fekk attende Guadeloupe , Martinique og Saint Lucia i byte for Dominica , Grenada , Saint Vincent og Grenadinane og Tobago som gjekk til britane. I India tapte franskmennene i forhold til britane, og fekk til bake ≪fabrikkane≫ (handelsplassane), men matte avtale a støtte dei britiske klientstyra, returnere Sumatra og avtale a ikkje ha stasjonere soldatar i Bengal . Øya Menorca i Middelhavet vart overført til britane etter at ho vart erobra fra franskmennene i starten av krigen.

Storbritannia gav tilbake slavestasjonen pa øya Goree til franskmennene, men fekk Senegalelva og busetnadane her som hadde vorte erobra i 1758 . Storbritannia gjekk med pa a øydeleggje festningsverka i Britisk Honduras ( Belize ), men fekk løyve av Spania til a behalde ein koloni for skoghogst der. Storbritannia stadfesta i avtalen at innbyggjarane i dei nye landomrada deira skulle fa ha retten til a utøve katolisisme [5] og fekk stadfesta den britiske kongen sin rett gjennom Huset Hannover til a vere kurfyrste i Det tysk-romerske riket .

Det vert stundom hevda at den britiske kong George III i denne avtalen sa fra seg kravet om a verte konge av Frankrike . Dette er derimot ei historisk segn og dette finst ikkje i avtaleteksten i det heile. George III heldt fram a kalle seg ≪Konge av Frankrike≫ og nytte den franske lilja som ein del av vapenskjoldet sitt fram til 1801, da Storbritannia og Irland vart samla.

Louisiana-spørsmalet [ endre | endre wikiteksten ]

Paris-traktaten vert ofte omtalt som hendinga da Frankrike gav Louisiana til Spania. Men overføringa skjedde faktisk i Fontainebleau-traktaten i 1762 , som ikkje vart offentleg annonsert før 1764.

Med Paris-traktaten fekk Storbritannia austsida av Mississippi (inkludert Baton Rouge som var meint som ein del av det britiske territoriet Vest-Florida ). New Orleans pa austsida av verande pa franske hender mellombels. Korridoren langs Mississippielva i dagens Louisiana vart samla med resten av Louisiana med Louisiana-kjøpet i 1803 og Adams-Onis-avtalen i 1819.

Quebec-spørsmalet [ endre | endre wikiteksten ]

Punkt 4 i avtalen gav franskmennene vern i Canada og har vorte rekna som grunnlaget for at Quebec ofte har sine eigne lover som skil seg fra resten av Canada.

Punktet gjorde det og klart at franskmennene kunne forlate Canada uhindra dei neste 18 manadane. Som følgje av dette flytta mange innbyggjarar, kalla cajunar til Louisiana i regionen som i dag heiter Acadiana . Dei trudde at dette kom til a vere franske omrade, men da dei kom fram oppdaga dei at Spania hadde teke over.

Reaksjon [ endre | endre wikiteksten ]

Da John Stuart , 3. jarl av Bute var statsminister i 1762, pressa han pa for a fa til ei løysing pa krigen med Frankrike og Spania, og frykta at Storbritannia ikkje ville klare a styre dei nyerobra omrada. I det som Winston Churchill seinare kalla ein fredeleggjeringspolitikk, gav Bute tilbake fleire av dei franske og spanske koloniane. Trass i ønsket om fred, var mange britiske parlamentsmedlemmer imot a gje tilbake desse omrada dei hade kjempa sa hardt for. Ein av dei største motstandarane var tidlegare statsminister William Pitt , 1. jarl av Chatham, som atvar om at avtalevilkara berre ville føre til meir konflikt sa snart Frankrike og Spania hadde kome seg pa fote att. Parlamentsmedlemmer som var imot avtalen vart sagt opp fra embetet fram til avtalen var sikra. Da avtalen vart godkjend i Storbritannia stemnde 319 for og 65 imot.

Paristraktaten tok ikkje omsyn til den forslatte allierte til Storbritannia, Fredrik II av Preussen . Fredrik matte forhandle fram sin eigen fredsavtale med Hubertusburgtraktaten. I fleire tiar etter sjuarskrigen sag Fredrik II pa Paristraktaten som eit svik fra britane.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Marston, Daniel (2002). The French-Indian War 1754-1760 . Osprey Publishing. s. 84. ISBN   0415968380 . The French-Indian War 1754-1760.  
  2. ≪Wars og Battles:Treaty of Paris (1763)≫ . ≪In a nutshell, Britain emerged as the world’s leading colonial empire.≫  
  3. ≪The Treaty of Paris ends the French and Indian War≫ .  
  4. Treaty of Paris , 1763
  5. Extracts from the Treaty of Paris of 1763 . A. Lovell & Co. 1892. s. 6. ≪His Britannick Majesty, on his side, agrees to grant the liberty of the Roman Catholic religion to the inhabitants of Canada.≫  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikisource

Teksten til Paristraktaten i 1763 ved Wikisource .