Paskekrim

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gult politisperreband med paskrifta ≪crime scene≫.

Paskekrim er tradisjonen med a nyta krim , det vil seia oppklaringa av oppdikta brotsverk, i pasketida . Paskekrim verker vera eit særnorsk fenomen som blei stifta gjennom lanseringa av ein kriminalroman gjennom ein førstesidannonse i 1923 ein dag før palmesøndag . [1] Sidan er det blitt vanleg a lesa krim, løysa krimgater, høyra krimhøyrespel og sja krimseriar pa fjernsyn i pasken.

Opphav [ endre | endre wikiteksten ]

I romanen sneik Bratt og kameratane seg pa bergenstoget pa Haugastøl stasjon .

Bergenstoget plyndret i natt var ein roman skriven av Jonathan Jerv, eit pseudonym for Nordahl Grieg og Nils Lie . Boka blei gjeven ut pa Gyldendal der bror til Grieg, Harald Grieg , var redaktør. Ho blei lansert med ein annonse pa førstesida til Aftenposten laurdag 24. mars 1923 , dagen før palmesundag. Annonsen kunne likna ein nyhendesak, og mange folk skal ha blitt lurt til a tru av toget verkeleg var blitt plyndra. Marknadsføringa verka, og førsteopplaget pa 7000 eksemplar blei seld ut. [2] Seinare er det blitt vanleg a gje eller stilla ut krimbøker til paske. [3]

Fredrik Wandrup la i 2014 fram fleire moglege teoriar for kvar paskekrimomgrepet kom fra, som at sjangeren stod til den skumle norske paskeferinga, at pasken var sa lang at ein trengde spenningslitteratur til avveksling, at mordmysteria peika tilbake til heidenske blot om varen, at pasken var tida for eit kjent norsk justismord , eller at pocketbøker med krim var lette a pakka i paskesekken og eventuelt leggja igjen pa hytta . Han ende likevele opp med marknadsføringsfenomen som beste forklaring. Andre har trekt paralellar til den kristne paskeforteljinga med ≪ synd , skyld og soning ≫. [4]

Paskekrim i media og det vidare samfunnet [ endre | endre wikiteksten ]

NRK byrja senda fjernsynskrim i pasken i 1976. [1] Den første detektiven deira var Lord Peter Wimsey , deretter følgde fleire britiske krimheltar som Adam Dalgliesh , Miss Marple , Hercule Poirot og Kriminalsjef Foyle . Ogsa TV2 sender ofte krim til paske. TV3 og TVNorge har gjort det til tider, men sender ikkje paskekrim kvart ar. [5] [6]

NRK Radio har sendt krimhøyrespel nesten kvar paske sidan 1980. [7]

Paskekrim kan ogsa ha form som ei gate eller ein fritidsaktivitet deltakarar skal prøva a løysa. Norsk Folkemuseum hadde til dømes ei krimgate laga av Hilde Hagerup som del av sine paskeaktivitetar i 2013. [8]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 ≪Derfor leser vi paskekrim≫ , Aftenposten , 29. mars 2010.  
  2. Ridderstrøm 2016 , s. 19-20.
  3. Johan Mathis Gaup; Mette Ballovara (27.03.2013,), ≪Har skrevet ≪paskekrim≫ pa samisk≫ , NRK Sapmi   ; PASKEKRIM Arkivert 2017-03-29 ved Wayback Machine ., juritzen.no; Paskekrim , arkivert fra originalen 29. mars 2017 , henta 28. mars 2017 , ≪Vi stiller ut krim til pasken≫  
  4. Ridderstrøm 2016 , s. 29.
  5. Øyvind Rønning (6. april 1998), Paskekrim pa 4 kanaler  
  6. ≪Arets paskekrim pa tv er klar≫ , Bodø Nu , 08.04.2014  
  7. ≪Paskekrim siden 1980≫ , NRK.no , 07.04.2006  
  8. Ridderstrøm 2016 , s. 7.