Osebergskipet
|
|
|
Karriere
|
|
Type:
|
Vikingskip
|
Ferdigbygd:
|
ca. 820
|
Sett i teneste:
|
820
|
Status:
|
Skipet vart
hauglagt
i
Oseberghaugen
ar 834, utgrave 1904 og plassert i
Vikingskipshuset
1926
|
Generelle eigenskapar
|
Lengd:
|
21,5 m
|
Dekkbreidde:
|
5 m m
|
Osebergskipet
er eit
vikingskip
datert til 820 e.kr. Det vart funne i
Oseberghaugen
ved
Tønsberg
i
Vestfold
den 10. august 1903. Skipet vart brukt som gravskip, truleg i ar 834.
[1]
Det er det eldste skipet som vi sikkert kan seie hadde mast og segl.
[
treng kjelde
]
Dendrokronologisk gransking tyder pa at skipet vart bygt pa Vestlandet.
[2]
Skipet har ei lengd pa 21,5 m og ei breidd pa 5,0 m, med 12 bordgangar. Den øvste bordgangen har 15 arehol.
[3]
Det vart ikkje funne segl i skipet, men truleg har mastehøgda vore omlag 9 m. Storleiken pa seglet har vore uviss. Oseberg-kopien ≪Saga Oseberg≫ har, med hell, vorte segla med eit 9,5m breidt og 8,5m høgt ullsegl.
[4]
Samanlikna med dei eldre roskipa, har Osebergskipet ein sterkare og meir utvikla kjøl. Dei første bordgangane er brattare ned mot kjølen. Dette gir mindre avdrift og betre retningsstabilitet ved segling. Pa Osebergskipet er banda surra til batborda med
tæger
, som gar gjennom klampar i band og bord. Kjølen har vore skøytt.
Banda sluttar ved vasslinja. For a støtte skipet har det vorte sett inn bjelkar pa tvers av skipet lenger oppe. Dei er festa med krumgrodde kne pa bae sider oppom banda.
Den 10. bordgangen er særleg kraftig og sterkt. Det er i overgangen mellom botn og side, og vert kalla
Meginhufr
. Borda er tilhogne av kløyvde eikestammer. Skipet har tiljedekk, noko som ein ikkje finn pa eldre skip.
To kraftige eikebjelkar, kjerringa og mastefisken, støttar masta.
Osebergskipet er kjend for utskjeringane, særleg pa stamnane. Av framstamnen vart det funne sa mange delar at ein veit oppbygginga er lik originalen. Bakstamnen har vorte forma ut fra framstamnen sin utsjanad.
I tillegg til skipet, og ein del skipsutstyr, vart det i gravhaugen funne eit rikt gravgods, mellom anna ei praktvogn og fem sakalla dyrehovudstolpar med rik og særmerkt treskurd.
Haugen vart grave ut i 1904, under leiinga til arkeologane
Gabriel Gustafson
og
Haakon Shetelig
. Skipet vart først bygd opp igjen i
Oslo
sentrum i ein av
universitetsbygningane
. I 1930 vart det flytta pa jernbaneskinner til
Bygdøy
, der det fekk eit eige hus,
Vikingskipshuset
. Her kan ein i dag sja skipet og dei andre funna, i tillegg til
Gokstadskipet
og
Tuneskipet
.
Det har vorte bygd kopiar av Osebergskipet i full storleik:
- ≪Dronningen≫/≪Oseberg≫ vart bygd pa Bjørkedalen og sjøsett april 1987. ≪Dronningen≫ vart tinga og bygd for a vere med i eit filmprosjekt. Dette vart det ikkje noko av, og det vart skaffa kapital ti batbygginga fra anna hald. Skipet fekk da namnet ≪Oseberg≫. Det vart rigga med mast og segl. Under prøvesigling gjekk skipet ned. Det vart heva og forbetra. ≪Oseberg≫ totalforliste i
Middelhavet
3. mai 1992.
[5]
- ≪Saga Oseberg≫ vart bygd i Tønsberg 2011?2012 av Stiftelsen Nytt Osebergskip, og sjøsett 20. juni 2012. Bygginga var basert pa nye oppmalingar og tolkingar av originalskipet, etter at ≪Dronningen≫ av 1987 hadde openbare feil.
-
Skipet sett framanfra.
-
Framstamnen pa Osebergskipet.
-
Skipet og vogna fra Oseberggrava.
-
Osebergskipet har tiljedekk.
-
Utskjeringar pa skipet.
-
Skipet sett pa skra framanfra.
-
Detalj fra bygging av kopien ≪Saga Oseberg≫ syner klampane i bordinga som band, kne og bete vart surra i.
- ↑
Bonde, N. (1997). Dendrochronological Dating of the Viking Age Ship Burials at Oseberg, Gokstad and Tune, Norway. Archaeological Science 1995. Proceedings of a Conference of the Scientific Tecniques to the Study of Archaeology. Liverpool 1995. Red. A. Sinclair, E. Slater & J. Gowlett. Oxbow Monograph 64, 1997. s. 200.
- ↑
Bonde, Niels og Stylegar, Frans-Arne (2009). ≪Fra Avaldsnes til Oseberg. Dendrokronologiske undersøkelser av skipsgravene fra Storhaug og Grønhaug pa Karmøy≫.
Viking
72. s. 164?165.
- ↑
≪Osebergskipet≫
. vikingtidsmuseet.no
. Henta 8. august 2023
.
- ↑
Grethe Wold og Nina Killie Øydvin (2018).
≪FORSKNINGSRAPPORT OM FARGING OG IMPREGNERING AV ULLSEILET TIL SAGA OSEBERG 2012 ? 2014≫
(PDF)
. sagaoseberg.no
. Henta 24. august 2023
.
- ↑
Jørn Olav Løset (2019). ≪Skipsfunn inntil 1200-talet≫. I Frode Sætre.
Eventyrlege vikingskip. Bygde pa Bjørkedalen. Segla av Ragnar Thorseth
. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 70-85.
ISBN
978-82-692932-0-3
.
|
---|
| |
Arstala viser til aret skipa vart gravne opp.
|