한국   대만   중국   일본 
Onam ? Wikipedia Hopp til innhald

Onam

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kvinne utkledd som kong Mahabali under onam.
Tillaging av pukkalam.

Onam er ei høgtid som blir feira av folk fra Kerala sør i India . Ho finn stad i den første manaden i malayalamkalenderen , tsjingam (august/september), og varer i ti dagar. Dei største feiringane finn stad pa den første og den siste dagen.

Høgtida har mange hinduelement , men blir feira av bade hinduar, kristne og muslimar. Feiringa er til ære for sogekongen Mahabali som skal ha gjeve fred og likskap til Kerala, og som blir rekna for a vitja delstaten kvart ar under onam.

Hendingar [ endre | endre wikiteksten ]

Byrjinga av onam blir mellom anna markert med eit fargerikt opptog, atthatsjamayam , i Thrippunithara ved Kochi . [1] Eit fokus for høgtida er Vamanamoorthy Thrikkakara-tempelet i Kochi. Tempelet er vigd Vamana og er tett knytt til den mytologiske bakgrunnen for onam. Kochi er sett pa som den tidlegare hovudstaden til kong Mahabali .

Under onam tenner ein mange oljelampar i tempel over heile Kerala. [2] Ein kan setja opp ein palmyrapalme framfor tempelet og dekka det med tørre blad. [2] Dette kan sa setjast fyr pa og brennast ned som eit symbol pa at kong Mahabali drog til Patala som eit offer. [2]

Disser er ein annan viktig del av onam, særleg pa landsbygda. Fint kledde ungjenter og -gutar syng onamsongar ( onappaatt ) og dytter kvarandre pa disser hengd fra høge greiner.

Pukkalam [ endre | endre wikiteksten ]

Pukkalam

Det er vanleg a laga blomeutsmykkingar, onapukkalam , pa bakken i samband med onam. [3] Ein bruker fleire ulike blomar som er delte opp i bitar slik at dei som lager dekorasjonane kan fa fram mønsteret eller bildet dei vil. Over den ferdige utsmykkinga blir det hengd ein liten seremoniell parasoll (pandal).

Tradisjonelt laga ein atthapukalam (utsmykkar laga pa den første dagen av onam, atham) av blomar fra Kerala og dei ti heilage blomane ( dasjapusjpam ), men i dag kan alle tilgjengelege typar brukast. [4] Utsmykkinga har tradisjonelt hatt ei sirkelutforming, men mange har blitt meir figurative i nyare tid, og kan visa ulik sider ved samfunnet i Kerala. Mange stader blir det halde pukkalam-konkurransar. [1]

Saman med blomeutsmykkingane blir det ofte laga jordhaugar, noko liknande firkanta pyramidar, som representerer Mahabali og Vamana . Ogsa desse blir utsmykte med blomar.

Musikk og dans [ endre | endre wikiteksten ]

Thiruvathira-kali.
Pulikali ('tigerdans') i Thrissur'.

Tradisjonelle dansar som thiruvathira , kummattikali , pulikali , thumbi thullal og liknande er del av feiringa over heile Kerala. Thiruvathirakali er ein kvinnedans framført i ein ring rundtom ein lampe. Kummattikali er ein kjend maskedans. I Thrissur finn det stad eit opptog av pynta elefantar omgjevne av kummatikali-dansarar. Kummattikalidansarar med masker kan ga fra hus til hus og framføra dansar. Pulikali eller kaduvakali , der deltakarane er kledde ut som tigrar, er ein vanleg dans under onam. Kathakali er ein annan dansetype som ofte blir framført under onam. Dansarane framfører kjende mytologiske soger. [5] Det blir ofte ogsa framført rituelle tilbedingsdansar av typen theyyam under høgtida. [6]

Batløp [ endre | endre wikiteksten ]

Vallamkali er ≪slangebatløp≫ som blir haldne arleg under onam. Rundt 100 roarar tevlar i store og smekre slangebatar, og folk kjem langvegsfra for a sja pa. Aranmula og Nehru Trophy Boat Race er kjende arrange,emt. Det blir ogsa halde eit løp av malayalam-diasporaen i Singapore pa Jurong-sjøen . [7]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 PTI (14. august 2010). ≪‘Athachamayam’ Festivities held at Tripunithura≫ . The Hindu . Henta 17. september 2013 .  
  2. 2,0 2,1 2,2 P. 179 Genealogy Of The South Indian Deities By Bartholomaeus Ziegenbalg, Daniel Jeyaraj
  3. Team MetroPlus. ≪The feel of Onam≫ . The Hindu . Henta 17. september 2013 .  
  4. ≪‘Athappookalam’ losing traditional verve≫ . The Hindu. 1. september 2009 . Henta 17. september 2013 .  
  5. ≪Thiruvonam celebrated with enthusiasm≫ . The Hindu. 11. september 2011 . Henta 17. september 2013 .  
  6. M. Nazeer (10. august 2010). ≪The abiding lore and spirit of Onam≫ . The Hindu . Henta 26. september 2013 .  
  7. ≪Onam celebrated in S'pore≫ . Asia One news. 7. september 2012. Arkivert fra originalen 23. desember 2016 . Henta 30. desember 2012 .  
* ONAM Arkivert 2013-09-28 ved Wayback Machine . ved pudhucherry.info

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Onam
Spire Denne kulturartikkelen som har med India a gjere, er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .