Omleiringa av Kehl
(14.?28. oktober 1733) var ein av dei første manøvrane i det franske
Rheinland
-felttoget i
den polske arvefølgjekrigen
, ved festningsbyen
Kehl
i øvre
Rhindalen
. Ein stor fransk arme kommandert av
hertugen av Berwick
kringsette og erobra festninga, som berre hadde ein liten garnison og var i darleg stand.
Da
August II
døydde den 1. februar 1733 gjorde bade sonen hans
August III
, og
Stanislas I
, svigerfar til
Ludvig XV
, krav pa den polske trona. Medan ein som gjorde seg ut for a vere han tilsynelatande forlet
Brest
til sjøs, kryssa Stanislas Tyskland i forkledning og nadde fram til
Warszawa
den 8. september. Den 12. september vart Stanislas vald til
konge av Polen
av
riksdagen
.
Da han vart vald invaderte Russland og Austerrike (som støtta August III) Polen. Den 22. september matte Stanislas, som ikkje hadde ein skikkeleg arme, søke tilflukt i
Danzig
(dagens
Gdansk
), og venta der pa den franske støtta han var lova. Den 5. oktober vart August III utropt til konge verna av russiske styrkar i Warszawa.
Storbritannia
,
Dei sameinte Nederlanda
,
Sverige
,
Danmark
og
Republikken Venezia
anerkjende den austerrisk-russiske invasjonen av Polen som
krigsarsak
og ønskte a halde seg nøytrale. Spania, som trakta etter
Kongedømet Napoli
og
Sardinia
, som trakta etter
Hertugdømet Milano
, tok Frankrike si side.
Hoffmennene til
Ludvig XV
(mellom andre prinsane av
Conti
og
Eu
, grevane av
Clermont
,
Charolais
og
Belle-Isle
,
duc de Richelieu
, og
Moritz av Sachsen
, halvbror til Augustus III og tidlegare kjæraste med
Anna Ivanovna
, no
tsarina
av Russland) støtta
marskalk
James FitzJames
a danne ein arme for a invadere
Rheinland
med mal om a distrahere Austerrike fra hendingane i Polen og skaffe seg
Hertugdømet Lorraine
.
Landsbyen og festninga
Kehl
lagg nær
markgrevskapet Baden
(no ein del av den
tyske
delstaten
Baden-Wurttemberg
, men da ein del av
Det tysk-romerske riket
), like over
Rhinen
for den franske byen
Strasbourg
. Festninga i Kehl, og den i
Philippsburg
lenger nord, var strategisk viktige for a ha militær kontrll over dei store kryssingsstadane over Rhinen, som danna grensa mellom det franskkontrollerte
Alsace
og forskjellige fyrstedømet i riket.
Nominelt var omradet keisaren sitt ansvar, men vedlikehaldet og forsvaret av festninga høyrte til
Den schwabiske rikskrinsen
, som stort sett var dominert av
Hertugdømet Wurttemberg
. Somme keisarsoldatar var stasjonerte der i januar 1733, kommandert av generalløytnant Baron Johann August von
Phull
, og det meste av garnisonen bestod av schwabiske soldatar. Da krigen braut ut vart det gjort mykje arbeid med a reparere og utvide festninga, men nøkkelforsvaret nær Rhinen var ikkje komplett.
Den 12. oktober marsjerte franske soldatar under Belle-Isle og Silly inn i
Hertugdømet Lorraine
og erobra hovudstaden,
Nancy
. Dei fekk raskt kontroll over resten av Lorraine, og dei to kommandantane let garnisonar vere att gjennom hertugdømet før dei sende det meste av styrkane sine inn i Alsace for a fokusere pa felttoget ved Rhinen.
Same dag, den 12. oktober, gav Berwick soldatar fra Strasbourg-leiren ordre om a krysse Rhinen. Ein stad nær
Auenheim
, kring 4 km nedanfor Kehl, bygde dei ei batbru og 4 000 mann kryssa over til austbreidda. Nær Goldscheuer, 7 km ovanom festninga, byrja dei a byggje ei ny bru. To dagar seinare hadde mesteparten av armeen til Berwick kryssa Rhinen. General Phull, øydela brua mellom Kehl og Strasbourg, da franskmennene starta forflyttinga, og øydela i tillegg hus og andre bygg utanfor festninga som kunne gje franskmennene vern i eit atak.
Berwick gav først ordre om a byggje ei linje med
circumvallasjon
. Lokale innbyggjarar vart tvungen til a vere med pa bygginga, og linja enda i begge ender ved Rhinen, ovanom og nedanom festninga. Kvartermeistrane til Berwick kravde og at dei omliggande landsbyane matte gje forsyningar til kringsetjarane. Hertugen av Wurttemberg signerte ein forsyningsavtale som han omtalte i rapportar til keisaren at han matte skrive under pa med særs stor tvang.
Den 17. oktober var Berwick klar til a grave kringsetjingslinjene, og det vart klart for Phull at
hornverka
til festninga mot elva var malet til Berwick, da Berwick starta a byggje batteri pa ei øy mellom Kehl og Strasbourg. Den 18. oktober sendte Phull detaljerte instruksar til kommandantane sine vedrørande forsvarstaktikken og tilbaketrekkinga. Dei skulle halde hornverka til fienden anten kom gjennom muren eller artilleriet ikkje lenger var brukande, og forsvararane skulle da falle attende til den dekte vegen mellom hornverket og hovudfestninga, og sa til sjølve festninga.
Franskmennene byrja a grave grøfter natt til 19. oktober. Den 21. oktober nadde linjene ein uferdig
lunette
pa Rhin-sida av festninga, og franskmennene starta a setje opp eit batteri der den 23. oktober. Forsvarane var pa denne tida redusert til musketteld og granatar, sidan det meste av artilleriet var demontert eller øydelagd av fienden.
Den 23. oktober opna franskmennene eld mot hornverket og muren til hovudfestninga med kanoneld. Etter to mislukka atak fra grenaderane til Berwick, klarte dei ei kort stund a okkupere hornverket, men det vart gjenerobra av tyskarane dagen etter. Forsvararane prøvde eit atak mot franske stillingar nær hornverket, men vart drivne attende. Den 27. oktober hadde franskmennene sett opp mange batteri og hamra nadelaust laus pa hovudfestninga. Kring 1600 den 28. oktober starta den franske krysselden a skyte mot hornverket og kommandanten her bad om løyve fra Phull om a fa trekkje seg attende. Dette vart innvilga. Phull heldt sa eit rad, der det vart klart at berre 500 mann var stridsdyktige og at festninga berre kunne halde stand høgst tre dagar til. Phull valde derfor a heve det kvite flagget kring kl. 2000 den 28. oktober.
Garnisonen marsjerte ut av festninga den 31. oktober med full krigsære, og vart eskotert til forsvarslinja til keisaren ved Ettlingen.
Darleg ver enda det franske felttoget det aret og Berwick, slo leir for vinteren pa den franske sida av Rhinen, etter a ha sikra seg full kontroll over omradet. I 1734 heldt Berwick fram felttoget ned Rhinen, og klarte a kome rundt pa flanken til den austerrikske forsvarslinja ved Ettlinjen, og heldt fram med
omleiringa av Philippsburg
, der han vart drepen av ei granat. Kringsetjinga vart fullført med suksess av hans nestkommanderande,
marki d'Asfeld
, og markerte slutten pa dei viktige militære operasjonane i Rhindalen for denne krigen. Med
freden i Wien i 1738
som enda krigen, trekte Frankrike seg etter kvart ut av Kehl og Philippsburg, men fekk annektere Lorraine.