Oktoberrevolusjonen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bolsjeviken mal av Boris Kustodjev (1920)

Oktoberrevolusjonen er namnet pa den væpna maktovertakinga den russiske arbeidarklassen med bolsjevikane i spissen gjennomførte i den russiske hovudstaden Petrograd den 25. oktober 1917 etter gammal russisk tidsrekning ( juliansk kalender ). Etter vestleg tidsrekning ( gregoriansk kalender ), som blei innført av dei same bolsjevikane ( kommunistane ) etter revolusjonen som eit ledd i moderniseringa av det russiske riket , skjedde dette den 7. november . Revolusjonen var organisert og leidd av Lev Trotskij , som saman med Vladimir Lenin var den fremste bolsjevikleiaren i 1917 og ara som følgde. Revolusjonen skjedde mesta heilt utan blodspille, da ingen syntest a ville forsvare den provisoriske regjeringa som i namnet hadde styrt sidan tsaren blei styrta i mars, men stendig meir pa Petrograd- sovjetet sin nade. Desse to hendingane til saman blir gjerne kalla den russiske revolusjonen , men kan samstundes sjaast som to ulike revolusjonar, bade i form og innhald.

Oktoberrevolusjonen blei etterfølgd av ein blodig borgarkrig , da fleire av den styrta tsaren sine generalar samla styrkar mot sovjet-styret, og der ogsa utanlandske styrkar gjekk til angrep, saleis blant andre britiske , franske , amerikanske og japanske . Den blir difor gjerne kalla for borgar- og intervensjonskrigen. Trass i alle odds vann dei raude denne krigen, truleg mest fordi dei russiske bøndene hadde fatt ta over godseigarjorda, og var redde for a miste den att dersom dei kvite kom tilbake.