Ofoten

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
??   Medlemmer av Ofoten regionrad.

Ofoten ( nordsamisk : Ufuohtta ) er eit omrade i Nordland fylke med kring 27 916 innbyggjarar (1. juli 2009) og ei flatevidd pa 5 512 kvadratkilometer, fordelt pa dei seks kommunane Ballangen , Evenes , Lødingen , Narvik , Tjeldsund og Tysfjord . Regionsenteret er byen Narvik .

Namn [ endre | endre wikiteksten ]

Ofoten , som no star for heile regionen, er avleidd av det opphavlege namnet for Vestvagøy aleine; Lofot . Flakstadøya , som er øya attmed, vart kalla for Vargfot . Sisteleddet i begge namna er det norrøne fotr som tyder ‘ fot ’. Førsteleddet er eit dyrenamn, høvesvis varg for ‘ ulv ’, og lo for ‘ gaupe ’. Øynamna tyder derfor ‘Gaupefoten’ og ‘Ulvefoten’. Antakeleg er det forma pa fjella som har inspirert namna.

Ballangen er opphavleg eit fjordnamn, der siste ledd er det norrøne angr for ‘fjord’. Førsteleddet er usikkert, mogleg avleidd fra ein gard i omradet.

Evenes er truleg ei samanstilling av namnet Øyvind og sisteleddet nes , fra det norrøne nesjar , altsa ‘framstikkande odde’.

Narvik er opphavleg eit gardsnamn, der førsteleddet kanskje kjem fra Njarðarvik , etter den norrøne guden Njord .

Tjeldsund er eigentleg namnet pa sundet mellom Tjeldøya og Hinnøya . Tjeld kjem anten fra Tjold eller Tjalda . Er det Tjold kjem det fra norrønt ‘leir’, ‘telt’, om det skulle vera Tjalda har det opphav fra norrønt for fuglen tjaldr , ‘tjeld’.

Tidlegare kommune [ endre | endre wikiteksten ]

Ofoten og namnet pa ein tidlegare kommune. Kommunen dekte dagens Narvik kommune og størstedelen av kommunane Evenes og Ballangen.

  • 1. januar 1884 vart Ofoten kommune delt opp i kommunane Evenes (Evindnæs) og Ankenes . Ankenes svarer til det som i dag er Narvik kommune.
  • 1. juli 1925 vart Evenes kommune delt opp i kommunane Evenes og Ballangen.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]