Odd Iversen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Odd Iversen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1945
Trondheim
Død

29. desember 2014 (69 ar)
Trondheim

Yrke fotballspelar

Odd Iversen ( 6. november   1945 29. desember   2014 ) [1] var ein norsk fotballspelar kjend som ≪Ivers≫. Han var ein av Noregs beste fotballspelarar gjennom tidene, og hadde erfaring fra bade norsk, og belgisk toppdivisjon.

Iversen var fødd i Trondheim . Han kom til Rosenborg fra klubben Trond i 1964. Rosenborg rykte opp i toppserien (daverande 1. divisjon) i 1967, og Odd Iversen blei toppskarar i serien tre ar pa rad med heile 73 mal pa 54 kamper. Han hadde landslagsdebuten sin i ein landskamp mot Finland 1. juni 1967 (Resultat: 2–0). Varen 1970 blei han saman med Harald Sunde utanlandsproff i den belgiske klubben Racing Mechelen, der han spelte fram til 1973. Han sleit med ein skade som ikkje blei helt bra. Før han blei skada stod han øvst pa ønskelista til den belgiske toppklubben Anderlecht , som nr 2 pa lista hadde dei den legendariske vingen Johan Cruyff . Odd Iversen spelte deretter for Rosenborg fram til 1975, da han gjekk til Valerenga , der han blei i fem ar. Han avslutta karrieren som fotballspelar i Rosenborg, fra 1980 til 1982.

≪Ivers≫ fekk 45 landskamper og han skara 19 mal for Noreg.

Odd Iversen er far til landslagsspelaren Steffen Iversen .

Odd Iversen svevna stille inn pa Øya Helsehus i Trondheim, etter ein periode med sjukdom. [1]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 ≪Odd Iversen er død≫ . Dagbladet (Dagbladet). 29. desember 2014 . Henta 29. desember 2014 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]