한국   대만   중국   일본 
Nix ? Wikipedia Hopp til innhald

Nix

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Nix
Nix fotografert av New Horizons
Oppdaging
Oppdaga av Romteleskopet Hubble
Pluto Companion Search Team 
Oppdagingsdato juni 2005
Baneskildring
Eksentrisitet 0,002 ± 0,002
24,856 ± 0,001 d
Banehelling 0,04° ± 0,22°
Satellitt av Pluto
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
46 ? 137 km
Masse 5×10 16 ? 2×10 18 kg
kaotisk
Albedo 0,04 ? 0,35 (truleg)
Temperatur 33-55 K
23,38 til 23,7
Nix i kunstige fargar fotografert av New Horizons
Oppdagingsbileta av Nix og Hydra.

Nix (og referert til som S/2005 P 2 , Pluto II og 134340 II ) er ein av fem kjende pluto manar . Han vart oppdaga i lag med Hydra i juni 2005 av Pluto Companion Search Team ved hjelp av bilete tekne av romteleskopet Hubble .

Nix vart vitja i lag med resten av Pluto-systemet av romsonden New Horizons 14. juli 2015.

Namn [ endre | endre wikiteksten ]

Namnet Nix kjem fra den greske gudinna for mørke og natt, mora til Karon . Namnet vart gjort kjent 21. juni 2006 i IAU Circular 8723 , der designasjonen Pluto II ogsa er gjeven. I lag med Hydra, Plutos tredje mane, utgjer dei initialane til New Horizons; NH. Det opphavlege namneforslaget gjekk ut pa a bruka den gammalgreske stavinga Nyx , men for a unnga misforstaingar med asteroiden 3908 Nyx vart den egyptiske stavinga brukt.

Oppdaging [ endre | endre wikiteksten ]

Oppdagingsbileta vart tekne 15. mai 2005 og 18. mai 2005, medan Max J. Mutchler den 15. juni 2005 og Andrew J. Steffl den 15. august 2005 oppdaga manane uavhengig. Oppdagingane vart offentleggjort 31. oktober 2005 etter at studiar av bilete fra 2002 kunne stadfesta at manane fanst. Manane fekk mellombelsnamna, Hydra og Nix respektivt, S/2005 P 1 og S/2005 P 2.

Pa oppdagingsbiletet er Nix 6300 gongar svakare enn Pluto.

Eigenskapar [ endre | endre wikiteksten ]

Tidlege undersøkingar sag ut til a visa at Nix var raudleg lik Pluto og ulikt dei andre manane; men seinare observasjonar viste at manen er gra lik resten av satellittane.

Nix og Hydra følgjer ein sirkulær bane lik Kharon . Omløpstida pa 24,9 dagar er nær ein 1:4 baneresonans med Kharon; men avviket er pa 2,7% slik at det sannsynlegvis ikkje finst nokon aktiv resonans.

Spektrum tekne av New Horizons syner at yta til Nix er sett saman av reinare eller meir grovkorna is enn ytene til Hydra og Kharon. [1]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]