Nils Karlsson

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Nils Karlsson

Nils Karlsson under vinter-OL 1952
Statsborgarskap Sverige
Fødd 25. juni 1917
Mora
Død

16. juni 2012 (94 ar)
Mora

Yrke langrennsløpar
Nils Karlsson pa Commons

Nils Emanuel ≪Mora-Nisse≫ Karlsson ( 25. juni   1917 16. juni   2012 ) var ein svensk langrennar som vart olympisk meister pa femmila under vinter-OL 1948 og vann 17 individuelle svenske meisterskap og ni gongar vart vasaloppvinnar. To gongar vann han femmila i Holmenkollen . Karlsson var fra Ostnor i Mora i Dalarna , derav tilnamnet Mora-Nisse. Han vert rekna som ein av Sveriges fremste idrettsutøvarar gjennom alle tider.

Aktiv [ endre | endre wikiteksten ]

Karlsson slo gjennom i 1943. Han vann da bade tremila og femmila i den svenske meisterskapen, og gjekk til topps i Vasaloppet . Det var hans fyrste siger i Vasaloppet, seinare vann han tevlinga ara 1945-51 og 1953.

Gjennom same tidsperioden, 1943-53, vart han svensk meister 17 gongar:

  • 18 km ? 1944, 1945, 1947, 1950, 1951, 1953
  • 30 km ? 1943, 1944, 1946, 1949, 1950
  • 50 km ? 1943, 1944, 1945, 1948, 1950, 1951

Individuelt tok han 37 medaljar i svenske meisterskap. I tillegg var han med a vinne SM-gull i stafett (3 x 10 km) for Mora i 1945 og 1950.

Under vinter-OL 1948 i St. Moritz deltok Karlsson pa 18 km og 50 km. Han vart nummer fem pa 18 km, der tre av hans landsmenn erobra alle medaljane. Pa femmila vart han olympiameister pa tida 3.47.48 og var dermed vel fire-og-eit-halvt minutt føre sølvmannen, landsmannen Harald Eriksson i mal. Derimot fekk han ikkje plass pa Sveriges sigrande stafettlag.

Ogsa under ski-VM 1950 i Lake Placid deltok Karlsson i dei to individuelle øvingane. Pa den innleiande 18-kilometeren vart han nummer 13. Betre gjekk det pa 50 km, Karlsson fekk bronsemedaljen bak landsmennene Gunnar Eriksson og Enar Josefsson , i mal var han vel minuttet bak verdsmeisteren Eriksson. Under vinter-OL 1952 i Oslo kom Karlsson pa femteplassen pa 18 km og sjetteplassen pa 50 km, i begge tevlingane var han beste svenske deltakar.

Karlsson deltok i Holmenkollen fyrste gongen i 1947 og gjekk heilt til topps pa 50 km. Ogsa den neste gongen han stilte i femmilsløypene i Kollen, 1951, vart det siger. Derimot vann ikkje Karlssom noko i tevling i korkje Svenska skidspelen eller i Lahti . Ein andreplass pa femmila i Sundsvall 1951 og ein tredjeplass pa same distansen i Lahti 1953 var hans fremste prestasjonar i desse skileikane.

Ymse [ endre | endre wikiteksten ]

I 1944 vart han tildelt 'Svenska Dagbladets gullmedalje' og i 1952 fekk han Holmenkollmedaljen .

Karlsson spela ei viktig rolle for populariteten til Vasaloppet, fyrst som mangearig vinnar. Etter at han la opp som aktiv skiløpar, gjekk han inn i Vasalopp-organisasjonen, bade som rennleiar og løypeansvarleg. Mora-Nisse tok ≪helteglorien≫ inn i arrangementet pa ein positiv mate.

I 1988 vart det laga ein dokumentarfilm om legendariske svenske skiløparar og skihopparar; De sista skidakarna . Her var ≪Mora-Nisse≫ Karlsson med, saman med mange andre, som Hjalmar Bergstrom, Martin Matsbo, Gustav Husum-Jonsson, Arthur Haggblad, Sven Selanger, m.fl.

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • P. Ch. Andersen: Den nye olympiaboken , 1957

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]