한국   대만   중국   일본 
Niels Griis Alstrup Dahl ? Wikipedia Hopp til innhald

Niels Griis Alstrup Dahl

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Niels Griis Alstrup Dahl
Fødd 14. mars 1778
Kvinnherad kommune
Død 4. august 1852
Eivindvik
Nasjonalitet Noreg
Yrke prest , politikar
Medlem Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Niels Griis Alstrup Dahl ( 14. mars   1778 4. august   1852 ) var ein norsk prost , stortingsrepresentant , ordførar og folkeopplysar. Han fekk mykje a seia for folket i Gulen kommune i Sogn og Fjordane , der han var busett store delar av livet sitt. Henrik Dahl var soneson hans.

Oppvekst og utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Dahl vart fødd i Uskedalen i Kvinnherad som den nest eldste av tolv sysken i ein velstaande familie. Faren var offiser. Han gjekk pa katedralskulen i Bergen, vart student i 1796 og cand.theol. ved Universitetet i København ar 1800.

I ara som kom var han medhjelpar hja den kjende presten Niels Hertzberg i Kvinnherad . 1804 vart han tilsett som kapellan i Eivindvik prestegjeld i Gulen og vart i 1807 sokneprest der. Fra 1823 til 1847 var han ogsa prost i Ytre Sogn prosti .

Han gifte seg med Hylleborg Hertzberg i 1805. Dei hadde ikkje born sjølve, men hadde fleire til oppfostring.

Jordbruks- og skuleverksemd [ endre | endre wikiteksten ]

For a syna bøndene i Gulen godt jordbruk, dyrka han pa eigen kostnad opp den usle prestegarden til eit storarta mønsterbruk ved hjelp av moderne metodar. Biskop Jacob Neumann meinte Dahl hadde ≪trodset Naturen≫ med arbeidet sitt. Dahl var ogsa leiar for eit stort jordskiftearbeid i Gulen. Fra 1817 til 1840 vart om lag 200 bruk skifte ut or teigblandinga . Avlinga vart dobla pa mange bruk pa grunn av dette. Dahl fekk ogsa bøndene til a ta i bruk ein byggjeskikk som trong mindre vedlikehald, ved a nytta grastein til uthus og grunnmurar.

Dahl satsa pa gode lærarar som han sjølv lærte opp i prestegarden, der han husa dei gratis, og betalte ogsa vidareutdanninga for somme. Ein annan prost meldte i 1820 at ≪I intet af de andre Præstegjeld (i Sogn) haves sa gode Skoleholdere som i Eivindvig≫ . Dahl oppretta to faste skular i 1825; lenge før det var vanleg med faste skular pa distrikta. I 1829 skipa han ei lokal folkeboksamling. Dahl skreiv sjølv fleire artiklar om historiske emne, t.d. om dei to steinkrossane i Eivindvik . Han skreiv ogsa om det gamle Gulatinget og samla informasjon om prestehistoria i Bergen stift .

Helsestell og anna [ endre | endre wikiteksten ]

Fra 1806 til 1808 vaksinerte han eigenhendig dei om lag 3500 innbyggjarane i Eivindvik prestegjeld mot koppar . Ingen fekk konfirmera seg utan a leggja fram vaksinasjonsprov mot koppar. Da det nokre ar seinare braut ut kopparepidemi i omradet, slapp prestegjeldet svært godt ifra det; berre to menneske vart lettare angripne. Dahl sag ogsa til at det vart tilsett jordmor i distriktet fra 1828, Ingeborg Marianne Svabø fra Sygnefest . For a koma alkoholmisbruket til livs kjøpte Dahl ogsa opp to skjenkjestader i Gulen i 1827 og 1840. Dessutan stod han bak eit stort vegbyggingsprosjekt i Gulen for a knyta bygdene saman.

Politikk [ endre | endre wikiteksten ]

Hausten 1814 representerte han Nordre Bergenhus amt ( Sogn og Fjordane ) pa Stortinget . Der vart han ein av dei fem representantane som stemte mot unionen mellom Noreg og Sverige . Han sat ogsa pa Stortinget i ara 1827, 1828 og 1830. Pa desse tre tingsamlingane var han medlem av Lagtinget . I 1827 var han elles medlem av kyrkjekomiteen, i 1828 av reglementskomiteen og i 1830 av valkomiteen, kyrkjekomiteen og matrikkelkomiteen.

Same aret som formannskapslovene vart innført, i 1837, vart Dahl gjort til den fyrste ordføraren i Gulen og vart sitjande til 1848. Han var ogsa den fyrste fylkesordføraren i Nordre Bergenhus amt, da han vart vald til ≪oppmann≫ pa det første amtstinget i 1838.

Heider [ endre | endre wikiteksten ]

For den store innsatsen sin i Eivindvik prestegjeld vart han tildelt Medaljen for borgardad i 1825 og vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab fra 1829.

Ettermæle [ endre | endre wikiteksten ]

Dei siste ti leveara hans var prega av sjukdom. Han døydde i prestegarden i 1854 og er gravlagd ved Gulen kyrkje i Eivindvik . Henrik Wergeland heidra Dahl i diktet Eivindvig (1833): ≪Brød af Steen og Aand af Strile Dahl i Eivindvigen tvang≫ . I Eivindvik kan ein ogsa sja ei minnestøtte over Dahl, laga av Elisabeth Steen .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]