New Nintendo 3DS

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
New Nintendo 3DS


Produsent Nintendo
Lansering JP : 11. oktober 2014
NA : 13. februar 2015
EU : 13. februar 2015

New Nintendo 3DS er ein handhalden spelkonsoll utvikla av Nintendo . Konsollen vart annonsert for første gong 29. august 2014 og lansert 11. oktober 2014 i Japan og 13. februar 2015 i Europa og Nord-Amerika. [1] [2]

New Nintendo 3DS har nokre forbetringar i maskinvaren samanlikna med den opphavlege Nintendo 3DS fra 2011. Konsollen har oppgraderte prosessorar og auka RAM i høve originalen, bruker ansiktssporing med frontkameraet for a reprodusere ein meir stabil 3D-effekt og har to ekstra skulderknappar og ei ekstra analog stikke pa høgresida av konsollen. [3] I likskap med Nintendo 3DS, har New Nintendo 3DS ein større variant med større skjermar, New Nintendo 3DS XL (kjend som New Nintendo 3DS LL i Japan). Den minste varianten av New Nintendo 3DS har utskiftbare deksel og primærfarga ABXY-knappar.

Nokre spel er eksklusive for New Nintendo 3DS pa grunn av den forbetra maskinvara i konsollen, mellom anna Xenoblade Chronicles 3D . New Nintendo 3DS kan ogsa spele av utvalde spel fra Super Nintendo Entertainment System gjennom Virtual Console . [4]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Na far Nintendo 3DS nok en nyutgave≫ . Gamer.no . Henta 1. februar 2017 .  
  2. ≪New Nintendo 3DS har fatt Europa-dato≫ . Gamer.no . Henta 31. januar 2017 .  
  3. ≪Nintendo announces new 3DS and 3DS XL designs with extra buttons, improved CPU≫ . Eurogamer . Henta 31. januar 2017 .  
  4. ≪SNES games come to New 3DS Virtual Console≫ . Eurogamer . Henta 31. januar 2017 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]