한국   대만   중국   일본 
Negev ? Wikipedia Hopp til innhald

Negev

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Negev
ørken
Ein Avdat i Zindalen i Negev
Land   Israel
Distrikt Sør
Del av Israels land
Koordinatar 30°30′00″N 34°55′01″E  /  30.500°N 34.917°E  / 30.500; 34.917
Areal 13 000  km²
Kart
Negev
30°30′00″N 34°55′00″E  /  30.5°N 34.916666666667°E  / 30.5; 34.916666666667
Wikimedia Commons: Negev

Negev ( hebraisk ????????, han-Ne?e?  ; arabisk ?????, al-Naqab ) er ein ørken og halvørken sør i Israel . Den største byen og det adminsitrative senteret i regionen er Beer Sheva (196 000 innb.) i nord. I sørenden ligg Akababukta og feriebyen Eilat . Fleire byar under utvikling ligg i ørkenen, som Dimona , Arad og Mitzpe Ramon , i tillegg til fleire sma beduinske byar, som Rahat og Tel as-Sabi . Her finst og fleire kibbutzar , som Revivim og Sde Boker ; sistnemnde vart heimstaden til den første statsministeren i Israel, David Ben-Gurion , etter han pensjonerte seg.

Ben-Gurion universitet i Negev ligg i ørkenen med fakultet som Jacob Blaustein institutt for ørkenforsking og Albert Katz internasjonale skule for ørkenstudiar , begge i Midreshet Ben-Gurion ved Sde Boker .

I oktober 2012 kara reisebokforlaget Lonely Planet Negevørkenen som det nest beste reisemalet i regionen i 2013 og noterte seg den pagaande utviklinga av omradet. [1] [2]

Etymologi [ endre | endre wikiteksten ]

Opphavet til ordet negev kjem fra den hebraiske rota for 'tørr'. I Bibelen vert Negev og nytta om retninga 'sør'. Pa arabisk vert ørkenen kalla al-Naqab , men det vart ikkje rekna som eit eige omrade før grensesetjinga mellom Egypt og Det osmanske riket pa 1800-talet, og har ikkje noko tradisjonelt arabisk namn. Under Det britiske mandatet vart omradet kalla Beersheba underdistrikt. [3]

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Nahal Paran i Negev

Negev dekkjer meir enn halvparten av Israel, kring 13 000 km² eller minst 55 % av arealet til landet. Det dannar ein omvendt trekant, der vestsida glir over i ørkenen pa Sinaihalvøya , og den austlege grensa er Arabahdalen . Det ligg mange kulturelt og geologisk interessane stader i Negev. Av geologiske stader finn ein mellom anna tre enorme, kraterliknande makhteshim , som er unike for regionen: Makhtesh Ramon , Makhtesh Gadol og Makhtesh Katan .

Negev er ein steinete ørken. Han har ei blanding av brune, stenete og støvete fjell, med wadiar (tørre elveleie som stundom fører vatn etter regnfall) og djupe krater innimellom. Han kan delast inn i fem forskjellige økologiske regionar: nordlege, vestlege og sentrale Negev, det høge plataet go Arabahdalen. Den nordlege Negev, eller Middelhavsomradet , far kring 300 mm regn i aret, og har forholdsvis frodig jordsmonn. Vestlege Negev far kring 250 mm nedbør i aret, med lett og forholdsvis sandete jordsmonn. Sanddynene kan her verte opp til 30 meter høge. Sentralt i Negev ligg byen Beersheba med ein arleg nedbør pa 200 mm og med darleg jord, kalla løss . Jorda er hard og vatnet har vanskar med a trengje ned i jorda, slik at erosjonen og avrenninga vert større. Det høgareliggande omradet Ramat HaNegev ( hebraisk ??? ???? , Negevhøgdene ) ligg mellom 370 og 520 meter over havet, med ekstreme temperaturar om sommaren og vinteren. Dette omradet far kring 100 mm nedbør i aret, med darleg og dels salthaldig jordsmonn. Arabahdalen langs grensa til Jordan strekkjer seg 180 km fra Eilat i sør til sørenden av Daudehavet i nord. Arabahdalen er særs tørr med sa vidt 50 mm regn arleg. Her er darleg jord og lite som kan vekse utan kunstig vatning og spesialgjødsel.

Plante- og dyreliv [ endre | endre wikiteksten ]

Varbløming i Negev.

Det er tynt med vegetasjon i Negev, men somme tre og planter trives her, som akasie , pistasje , retama , strandlauk og tybast . [4] Ein liten bestand av arabisk leopard , ein utryddingstrua dyreart pa Den arabiske halvøya, har overlevd i Sør-Negev. [5] Negevskjelpadde (Testudo werneri) er ein kritisk utryddingstrua art som berre lever i sanden vest og sentralt i Negevørkenen. [6] Negevspissmus (Crocidura ramona) er ein musefamilien som berre finst i Israel. [7]

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Negev har eit tørt klima ( Eilat far berre normalt 31 mm nedbør i aret), og far særs lite regn pa grunn av plasseringa aust for Sahara (i motsetnad til Middelhavet som ligg vest for resten av Israel) og ekstreme temperaturer pa grunn av plasseringa ved 31 grader nord . Vanlegvis regnar det ikkje i det heile fra juni til oktober.. [8]

Verdata for Beersheba
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Ar
Høgast malte °C 28,4 31 35,4 40,9 42,2 46 41,5 40,5 41,2 39,6 34 31,4 46
Gjennomsnittleg maks °C 16,7 17,5 20,1 25,8 29 31,3 32,7 32,8 31,3 28,5 23,5 18,8 25,7
Gjennomsnittleg min °C 7,5 7,6 9,3 12,7 15,4 18,4 20,5 20,9 19,5 16,7 12,6 8,9 14,2
Lagast malte °C ?5 ?0,5 2,4 4 8 13,6 15,8 15,6 13 10,2 3,4 3 ?5
Gjennomsnittleg nedbør mm 49,6 40,4 30,7 12,9 2,7 0 0 0 0,4 5,8 19,7 41,9 204,1
Gns. dagar med regn 9,2 8 6,4 2,6 0,8 0 0 0 0,1 1,8 4,6 7,5 41
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt [9] [10]


Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Ein av tre akasieartar som veks pa det høge plataet i Negev.

Nomadar [ endre | endre wikiteksten ]

Nomadelivet i Negev gar attende minst 4 000 ar [11] og kanskje sa langt attende som 7 000 ar. [12] Den første urbane busetnaden vart grunnlagd av av ei blanding av kanaanittar , amalekittar og edomittar kring 2000 fvt. [11] Egypt innførte gruvedrift etter kopar og koparsmelting i bade Negev og Sinai mellom 1400 og 1300 fvt. [11] [13]

Bibelsk tid [ endre | endre wikiteksten ]

I følgje Første Mosebok kapittel 13, budde Abraham ei tid i Negev nær Kadesh etter han vart forvist fra Egypt. Seinare var nordlege Negev busett av Judea-stammen og det sørlege Negev av Simon-stammen . Negev vart seinare ein del av Kongedømet til Salomon og sa ein del av Kongedømet Judea . [14]

Pa 800-talet fvt. utvikla og utvida gruvedrifta seg i Negev og Edom (dagens Jordan) samstundes med at Det assyriske riket kom til. [11] Beersheba var regionshovudstaden og eit handelssenter pa 700-talet fvt. [11] Sma busetjingar med israelittar i omradet kring hovudstaden eksisterte mellom 1020 og 928 fvt. [11]

Nabatearane [ endre | endre wikiteksten ]

Ruinar i Negev.

Pa 300-talet fvt. kom nabatearane til omradet og det vart utvikla irrigasjonsssytem som gjorde at ein kunne danne nye byar langs Negev røykjelsesveg : Avdat , Mamshit , Shivta , Haluza (Elusa) og Nitzana . [11] Nabatearane kontrollerte handelen og kryddervegen mellom hovudstaden deira Petra og hamne pa Gaza. Nabateisk valuta og restane av raude og oransje potteskar , identifisert som eit varemerke for sivilisasjonen deira, finst langs vegen, og slike restar er framleis mogeleg a finne. [11] Nabatearane tapte kontrollen over Negev da Romarriket annekterte landet deira i 106 evt. [11] Folkesetnaden, som hovudsakleg bestod av arabiske nomadar og nabatearar, var hovudsakleg sjølvstendig fra romersk styre med eit animistisk trusystem. [11]

Bysantinarane og romarane [ endre | endre wikiteksten ]

Bysantinsk styre pa 300-talet evt. innførte kristendommen for folkesetnaden. [11] Jordbruksbaserte byar vart grunnlagd og folketalet voks eksponentielt. [11]

Tidleg islamsk tid [ endre | endre wikiteksten ]

Sørlege Negev blømde økonomisk pa 700 til 1000-talet. [15] Seks islamske busetnader er funnen i nærleiken av Eilat , i tillegg til kopar- og gullgruver og steinbrot. Dei bygde eit sofistikert vatningssystem og eit vegnettverk. [15] Det økonomiske senteret var Ayla (Akaba). [15]

Beduinar [ endre | endre wikiteksten ]

Al-Tarabin -stamma i Beer Sheva i 1934.

Nomadiske folk styrte Negev stort sett sjølvstendig og med liten paverknad utanfra dei neste tusen ara. [11] Det som er kjend fra denne tida kjem hovudsakleg fra munnlege historiar og folkesoger fra Wadi Musa og Petra-omradet i dagens Jordan . [11] Beduinane i Negev levde av saue- og geitehald. Pa grunn av lite vatn og fa beitemarker, matte dei heile tida flytte pa seg. Beduinane grunnla fa permanente busetnader, men somme vart bygd, og etterlet restar av steinhus kalla 'baika.' [12] I 1900 grunnla Det osmanske riket eit administrativt senter for sørlege Palestina ved Beersheba med skular og ein jernbanestasjon. [11] Styret til stammehøvdingane over regionen vart anerkjend av osmanarane. [11] Ein jernbane knytte omradet til hamna i Rafah . I 1914 estimerte dei tyrkiske styresmaktene at den nomadiske folkesetnaden 55 000, [16] Den beduinske delen av folketalet var 72 898 av i alt 75 254 for Beersheba underdistrikt. [16] Folketeljinga i 1931 estimerte at folkesetnaden i Beersheba underdistrikt var 51 082. [17] Dette store fallet trur ein kom av feilaktige metodar for estimering av folketalet i 1922. [16] Ei arabisk historie om stammene kring Beersheba, publisert i 1934 tel i alt 23 stammer. [18]

Rahat , the largest Bedouin city i Negev

Demografi [ endre | endre wikiteksten ]

I dag ligg fleire av dei store basane til Det israelske forsvaret i Negev. I 2010 var Negev heimstaden til kring 630 000 innbyggjarar (eller 8,2% av innbyggjartalet i Israel ), sjølv om det utgjer over 55% av landmassen i landet. 470 000 innbyggjarar i Negev eller 75% av folkesetnaden er jødar , medan 160 000 eller 25% er beduinar. [19] Beduinane bur halvvegs i ikkje-registrerte landsbyar og halvvegs i byar som regjeringa bygde for dei fra 1960-ara til 1980-ara. Den største av desse er Rahat .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Gattegno, Ilan (oktober 26, 2012). ≪Negev named among top ten travel destinations for 2013≫ . Israel Hayom . Henta oktober 29, 2012 .  
  2. ≪Best in Travel 2013 - Top 10 regions≫ . Lonely Planet. oktober 23, 2012 . Henta 1. oktober 2014 .  
  3. Palestina Exploration Quarterly (April 1941). The Negev, or Southern Desert of Palestine by George E. Kirk. London. Page 57.
  4. doi : 10.1007/BF02858682
  5. Gulf-Environment: Arabian Leopard Faces Extinction , arkivert fra originalen 5. mai 2016 , henta 2. oktober 2014  
  6. Re-introduction - Negev tortoise , arkivert fra originalen 15. desember 2013 , henta 2. oktober 2014  
  7. Crocidura ramona
  8. ≪Beersheba, ISR Weather≫ . MSN . Arkivert fra originalen 17. november 2007 . Henta 1. oktober 2014 .  
  9. ≪Averages and Records for Beersheba (Precipitation, Temperatur and Records [utanom januar og juni] written i page)≫ . Israelsk meteorologiske institutt. August 2011.  
  10. ≪Records Data for Israel (data berre for januar og juni)≫ . Israelsk meteorologiske institutt .  
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 11,11 11,12 11,13 11,14 11,15 Mariam Shahin. Palestine: A Guide. (2005) Interlink Books. ISBN 156656557
  12. 12,0 12,1 Israel Finkelstein; Avi Perevolotsky (Aug 1990). ≪Processes of Sedentarization and Nomadization in History of Sinai and the Negev≫. Bulletin of the American Schools of Oriental Research (279): 67?88.  
  13. J. M. Tebes (2008). ≪Centro y periferia en el mundo antiguo. El Negev y sus interacciones con Egipto, Asiria, y el Levantene en la Edad del Hierro (1200-586 A.D.) ANEM 1. SBL - CEHAO≫ (PDF) . uca.edu.ar.  
  14. The Negev: The Challenge of a Desert, Michael Evenari
  15. 15,0 15,1 15,2 Uzi Avner and Jodi Magness (1998). ≪Early Islamic settlement i Southern Negev≫. Bulletin of the American Schools of Oriental Research 310 : 39?57. doi : 10.2307/1357577 .  
  16. 16,0 16,1 16,2 Palestina, Report and General Abstracts of the Census of 1922, oktober 1922, J.B. Barron, Superintendent of the Census, pages 4,7
  17. Census of Palestina 1931, Volume I. Palestina Part I, Report. Alexandria, 1933, p49.
  18. Palestina Exploration Quarterly. (oktober 1937 & January 1938) Notes on the Bedouin Tribes of Beersheba distrikt. by S. Hillelson. Translations from A Historie of Beersheba and the Tribes thereof (Ta'rikh Bir al-Saba' wa qaba'iliha). by 'Arif al-'Arif.
  19. ≪A Bedouin welcome - Israel Travel, Ynetnews≫ . Ynetnews.com. 20. juni 1995 . Henta 2. oktober 2014 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Reiseguide for Negev fra Wikivoyage