한국   대만   중국   일본 
Nadine Kleinert ? Wikipedia Hopp til innhald

Nadine Kleinert

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Nadine Kleinert


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 20. oktober 1975 (48 ar)
Magdeburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008 , Sommar-OL 2012 , Sommar-OL 2004 , Sommar-OL 2000

Nadine Kleinert ( fødd  20. oktober   1975 ) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar fra Magdeburg som tevla i kulestøyt . Ho vart europameister i øvinga i 2012, og vann elles tre VM-sølv, eitt OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1999-2009.

Aktiv [ endre | endre wikiteksten ]

Kleinerts fyrste seniormeisterskap var VM 1997 i Aten der ho kom pa sjuandeplass. To ar seinare i Sevilla i 1999 tok ho si fyrste medalje da ho vart nummer to i VM . Same resultat oppnadde Kleinert ved VM 2001 . Si tredje sølvmedalje vann ho ved dei olympiske leikane 2004 i Aten. Aret før Aten-leikane vart ho nummer sju i VM, aret etter nummer fire. I 2005 støytte ho for fyrste gongen over 20 meter med eit støyt pa 20,06 m i Hannover .

Ved verdsmeisterskapen 2007 i Osaka fekk Kleinert bronsemedaljen, men under dei olympiske sommarleikane 2008 i Beijing enda ho pa sjuandeplassen. Ved friidretts-VM 2009 i Berlin gjorde ho si beste tevling nokon gong da ho forbetra sin personlege rekord til 20,20 meter, noko som gjorde henne til sølvmedaljør bakom verdsmeister Valerie Vili fra New Zealand . I 2010 vart Kleinert nummer sju i EM og i 2011 nummer atte i VM.

Den 29. juni 2012 vann Kleinert si fyrste og siste internasjonale gullmedalje. I europameisterskapen i Helsingfors vann ho med eit lengstestøyt pa 19,18 m, og slo sølvvinanren med 27 centimeter. Derimot mislukkast ho a kvalifisere seg til kulefinalen under sommar-OL 2012 i London .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]