Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Monza
(
Munscia
pa
vestlombardisk
) er ein by i
Italia
. Han er hovudstad i
provinsen Monza og Brianza
i
regionen
Lombardia
og har om lag 125 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva
Lambro
, ei av sideelvane til
Po
, om lag 15 km nordaust for
Milano
. Byen er mest kjend for bilbanen som ligg her,
Autodromo Nazionale Monza
.
Monza vart offisielt hovudstad i provinsen 11. juni
2004
. Monza er den tredje største byen i Lombardia og det viktigaste økonomiske, industrielle og administrative senteret i
Brianza
-omradet.
Ein har funne spor etter busetnadar i Monza-omradet sidan
bronsealderen
, der folk budde i palelandsbyar over elvane og myrene. Omkring
200-talet fvt.
la
romarane
under seg
insubrarane
,
gallarar
som hadde kryssa
Alpane
og busett seg rundt
Mediolanum
(i dag Milano). Ei gallisk-keltisk stamme, som truleg var insbruarane, grunnla sa ein landsby ved Lambro og i dag finst det ruinar av ei bru over elva fra denne tida. Under
Romarriket
vart byen kalla Modicia.
Langobardane
invaderte Italia etter
Vestromarriket
sitt fall og den lombardiske kongen Autari gifta seg med
Theodelinda
dottera til
Garibald I av Bayern
i byen.
Den nye dronninga gav ordre om a byggje ei lita kyrkje ved elva, som i dag er ein del av basilikaen St. Johannes.
I
mellomalderen
var kommunen Monza til tider sjølvstendig, og i periodar underlagt Milano og
Huset Visconti
.
Den første jernbanen i Nord-Italia vart bygd mellom Milano og Monza og opna
17. august
1840
.
29. juli
1900
vart kong
Umberto I av Italia
mydra i Monza av anarkisten
Gaetano Bresci
.