Moby Dick

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om romanen. For am. filmen fra 1956, sja filmen Moby Dick .
Moby Dick
Moby-Dick

Forfattar(ar) Herman Melville
Sprak engelsk
Blei til 1850
Sjanger Sjøforteljingar , eventyrfiksjon
Utgjeven 18. oktober 1851 , 14. november 1851
Forlag Richard Bentley

Moby Dick ( Moby-Dick, or The Whale ) er ein roman fra 1851 av den amerikanske forfattaren Herman Melville (1819?91). Boka vart først gjeven ut i London 18. oktober 1851, og i USA 14. november same ar. Romanen vert rekna som eit av dei største verka i USA-amerikansk litteratur .

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Det siste, fatale møtet mellom kapteinen og kvalen. Bokillustrasjon fra 1902

Herman Melville var fødd til velstand, men faren mista bade forstanden og formuen, og han matte tidleg ut i arbeidslivet. Som ung var han fire ar til sjøs, mellom anna i Stillehavet og pa kvalfangst . Forfattaren debuterte med Typee i 1846 og vart den første av seks bøker pa seks ar der han utnytta erfaringane fra tida ombord. [1]

I denne tida las Melville mykje, og ønskte etter kvart a sameine den realistiske skildringa i sjøromanane med høgare litterære ambisjonar om a ≪skildra livsens grunnvilkar≫ [1] , og Moby Dick er omtalt som ≪ei fantastisk blanding av realistisk roman, naturvitskapleg reisejournal og prosalyriske visjonar≫ [2] , og ≪med suggestiva medel ger Melville handelsesforoppet en alltmer overkleg och symbolisk pragel≫ [3] .

Kvalfangsten var eit naturleg tema for ein roman, sidan kvalfangsflaten til USA pa denne tida var omfattande og tre gonger større enn den samla europeiske. [1]

Handling [ endre | endre wikiteksten ]

Boken skildrar ei fangstreise ombord pa skipet ≪Pequod≫, sett gjennom augo til eg-forteljaren Ishmael , som mønstra pa skipet rett før toktet som vert skildra starta. Opningsreplikken i boka er ≪ Call me Ishmael ≫. Ishmaels ven gjennom romanen er den innfødde harpuneraren Queequeg . Forteljarteknisk er romanen likevel langt pa veg prega av overblikket til den allvitande forteljaren, men i innleiinga og i epilogen, der Ishmael er den einaste overlevande, er førstepersonssynsvinkelen tydeleg og naudsynt. [3]

Skipskapteinen Ahab er besett av jakta pa den kvite kaskelottkvalen kalla Moby Dick. Kapteinen er einbeint, hitt beinet mista han i eit tidlegare møte med kvalen, og ≪sidan er han som trollbunden av det intense ønsket sitt om a fa tatt livet av kvalen≫. [4] Namnet Ahab er henta fra kong Ahab i det gamle testamentet , som vart kritisert for a dyrke framande gudar [4] , og det er treffande for kapteinen sin monomane mani at han vier harpunen sin til Satan . [1]

Romanen skildrar ei reise over hava, pa jakt etter den eine kvalen. Undervegs far skipet kontakt med andre skip som har møtt den same kvalen, og fatt skadar av det. I løpet av reisa flettar forfattaren og inn faktaopplysningar om kvalar og kvalfangst. Nar ≪Pequod≫ omsider sporar opp kvalen kjem det til ein tre dagar lang kamp mellom dei. Den endar med at kapteinen vert dregen ned i djupet saman med kvalen, vikla inn i harpunlina. Etterpa kjem kvalen tilbake og øydelegg batar og skip, slik at alle andre enn forteljaren Ishmael døyr.

Ulike tolkingar [ endre | endre wikiteksten ]

Romanen blir tolka pa fleire matar. Kvalen kan oppfattast som ≪uttrykk for ein vond vilje. Men ofte synest det vera ingen ting bak han, berre eit hjartelaust tomrom. Det er dette isande grunnproblemet som Ahab vil løysa. Livet star kring oss som ein mur. Ahab vil sla gjennom den muren i Moby Dick, inn til ei absolutt sanning, dersom noko slikt finst.≫ [1]

Kvalen kan og oppfattast som ein ≪moderne myte, som ikkje har noko innhald, men veks og lever i sinnet hos mennene ombord pa Pequod≫, og blir eit brennpunkt for ulike menneskelege konfliktar. [1] Ei tredje oppfatning er at Moby Dick representerer noko vondt ≪som manniskan maste kuva och betvinga, eftersom hon alltid haft naturen som huvudmotstandare i sin civilisationskamp.≫ [3]

Endeleg kan romanen og lesast i eit forstaingsskjema fra romantikken , der naturen ligg i ein orden og balanse som menneska ikkje ma overskride: ≪i sin vithet tycks valen snarare sta for naturens renhet och oskuld, medan Ahab alltmer framstar som en ond kraft, som en varelse som ar olyckligt besatt av tanken att vara naturens herre≫ [3] .

Etterlivet til romanen [ endre | endre wikiteksten ]

Det har blitt laga fleire filmar basert pa romanen, den første i 1930, og seinare i 1956 ( Moby Dick , med Gregory Peck i hovudrolla og John Huston som regissør), 1978 og 1999.

Rockegruppa Led Zeppelin har gjeve ut instrumentallata ≪ Moby Dick ≫. Laten er instrumental og inneheld ein lang trommesolo. Det progressive metalbandet Mastodon utgav i 2004 albumet Leviathan , eit konsept-album heilt basert pa boka. Det tyske doom metalbandet Ahab er eit konseptband basert pa historia og karakterane i romanen.

Innanfor Disneys Andebyunivers finst sjømannen Moby Duck . Will Eisner har laga ei teikneserieutgave av historia som kom ut pa norsk i 2003. Ein teikneserieversjon med tekst av Jean Ollivier og teikningar av Paul Gillon vart utgjeven pa norsk i 1985.

Mange stader i Antarktis har fatt namn etter rollefigurar og skip i romanen.

Norske utgaver [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Sigmund Skard . ≪Amerikansk litteratur≫. I: Verdens litteraturhistorie; bind 8; Realismen. Redigert av Edvard Beyer mfl. Cappelen, 1972
  2. Tore Zetterholm. Levende litteratur, fra Gilgamesj til Dylan . Bokklubben, 1986. ISBN 82-525-1283-6
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Bernt Olsson og Ingemar Algulin. Litteraturens historia i varlden . Stockholm. Norstedts, 1990. ISBN 91-1-943422-7
  4. 4,0 4,1 Snorre Evensberget. Litterært leksikon . Stenersen, 2000. ISBN 82-7201-261-8

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikisource

Teksten til Moby Dick ved Wikisource .