Minaret

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Minaret i Eger i Ungarn .

Minaretar ( arabisk minara , urdu minra ) er arkitektonisk særprega byggverk tilknytt muslimske moskear . Minaretar er som regel høge og grasiøse spir, ofte med løkforma kroner, vanlegvis frittstaande eller markant høgare enn bygningane rundt.

Minaret i Gijduvan i Usbekistan.

Minaretane sin viktigaste funksjon i nyare tid er a vera eit høgt punkt der muaddhinen kan kalla dei truande til bøn . I mange moderne moskear vert bønekallet, adhan , ropt ut med mikrofonar i staden, og minareten er saleis gjerne mest eit dekorativt element.

Minaretar har vorte skildra som ein port mellom himmel og jord, og vert i blant samanlikna med den arabiske bokstaven alif , som er ei rett line.


Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]