한국   대만   중국   일본 
Mikael Agricola ? Wikipedia Hopp til innhald

Mikael Agricola

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Mikael Agricola

Statsborgarskap Sverige
Fødd 1510
Perna
Død

9. april 1557 (46 ar)
Pionerskoje

Yrke lingvist , prest , omsetjar , teolog , lyrikar , bibelomsetjar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Mikael Agricola pa Commons
Relieff av Mikael Agricola i Abo Domkyrkje

Mikael Olavi Agricola (ca.  1507 9. april   1557 ) [1] var ein finsk reformator og biskop i Abo stift. Agricola er kalla faren til det finske skriftspraket.

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Agricola var fødd som bondeson i Torsby i Perna sokn i austre Nyland , vest for Lovisa . Skulegangen hans byrja i Viborg . Kva som var Agricola sitt morsmal er omdiskutert. Pa den eine sida er Perna svensksprakleg, og det er sannsynleg at ogsa han var svensksprakleg. Pa den andre sida har Osmo Ikola (1988) argumentert for at Agricola sitt finske sprak inneheld dialektdrag fra søraustlege tavastlendske dialektar (dvs. dei finske dialektane rett nord for Perna), drag han verken kunne ha lært i Viborg eller seinare i Abo . Ikola argumenterer dermed for at Agricola var tosprakleg, med finsk som heimesprak.

Agricola gjekk tidleg over til protestantismen og vart 1529 sekretær for biskop Martin Skytte i Abo stift. Han studerte teologi og sprak i Wittenberg for bade Martin Luther og Philipp Melanchthon i perioden 1536-1539. Etter a ha vorte uteksaminiert som magister, vende han attende til Abo for a verta rektor ved Abo katedralskole, noko han var fram til 1548 da han tok arbeid som biskop Skytte sin assistent fram til Skytte døydde i slutten av 1550-ara. 1554 vart Agricola tilsett som biskop i Abo stift og han vart dermed Finlands første protestantiske biskop .

Agricola vert ofte kalla faren til det finske skriftspraket i og med at han publiserte dei første trykte bøkene pa finsk. [1] Desse ni bøkene vart trykt i kungliga boktryckeriet i Stockholm i perioden 1543-1552. [1] Den første boka var Abckiria , ei lita ABC-bok. Etterpa kom den cirka 900 sider tjukke bønneboka Rucouskiria fra 1544, deretter omsetjinga hans av Det nye testamentet , Se Wsi Testamenti , fra 1548 og Davids psalmer 1551?1552 til finsk [1] Han gav og ut Luthers Vesle Katekismus. Agricola baserte skrivesettet sitt pa svensk, i og med at Finland var ein del av det svenske riket og svensk var det herskande spraket i landet, ved sida av tysk og latin .

Etter Gustav Vasas russiske krig 1555-1556 var Agricola med i ein delegasjon til Moskva i februar 1557 for a fredsforhandle med Ivan IV av Russland (Ivan den grusame). [2] Oppdraget lukkast og freden vart slutta i Novgorod den 2. april 1557, men Mikael Agricola døydde den 9. april under heimreisa, i Nykyrka sokn ved Viborg .

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Anna Perala (2008) Mikael Agricola. Det kungliga boktryckeriets mest betydande kund. , Biblis , nr.43, sid:3-23, ISSN 1403-3313
  2. I delegationen till Moskva ingick aven arkebiskop Laurentius Petri , riksraden Sten Leijonhuvud, Bengt Gylta , Knut Lillie samt sekreteraren Olov Larsson.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Ikola, Osmo: ”Mikael Agricolan aidinkieli”, Mikael Agricolan kieli. Helsinki: Suomalaisen kirjallisuuden seura, 1988. ISBN 951-717-533-7 .
  • Anna Perala (2008) Mikael Agricola. Den kungligaen boktryckeriets mest betydande kund. , Biblis, nr. 43, side: 3-23, ISSN 1403-3313

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]