Johann Michael Haydn
(
14. september
1737
–
10. august
1806
) var ein
austerriksk
komponist
under
wienerklassisismen
. Han var kjend som
Michael Haydn
, og var ein yngre bror av
Joseph Haydn
.
Michael Haydn var fødd i
Rohrau
i
Niederosterreich
.
Far hans, Mathias Haydn, var hjulmakar og landsbyen sin
Marktrichter
(ein borgarmeisterliknande funksjon). Mora Maria Kollar hadde tidlegare arbeidd som kokke ved slottet til grev Harrach, aristokraten i Rohrau. Mathias var ein entusiastisk folkemusikar som hadde lært seg a spele harpe, og han sørgde for at borna lærde seg a synge.
Som den meir kjende broren sin Joseph var Michael korgut i
Stefansdomen
i
Wien
. Etter korskulen vart han først fiolinist og i 1760
kapellmeister
hos biskopen i
Oradea
. Michael Haydn skreiv i 1763 ein hornkornsert som skapte merksemd i Wien, og erkebiskopen i
Salzburg
utnemnde han 14. august same ar til
Hofmusicus und Concertmeister
. Seinare vart han i tillegg organist ved Trefoldighetskyrkja, og tilslutt og for domkyrkja. Michael Haydn var 43 ar i Salzburg og i denne tida skreiv han 360 verdslege og kyrkjemusikalske verk. Han var ven av
Mozart
, og dei to hadde gjensidig respekt for kvarandre sine komposisjonar.
Carl Maria von Weber
og
Anton Diabelli
var elevar av Michael Haydn.
Michael og Joseph var heile livet nært knytt til kvarandre. Joseph heldt komposisjonane til Michael høgt og meinte at kyrkjemusikken hans var betre enn sin eigen.
[1]
Michael Haydn døydde i Salzburg 68 ar gammal, og som Mozart utan a fa fullført det siste rekviemet sitt. Han vart bisett pa Petersfriedhof. I høve ein regelmessig sanering av graver fekk enka til Michael tak i kraniet til den avlidne mannen sin. Dette hadde ho staande ved senga si, og etter ho døydde vart det oppbevart i ei urne ved gravstøtta til Haydn. I dag vert kraniet til Michael Haydn oppbevart i ein safe i
St. Peterskyrkja i Salzburg
.
Michael Haydn katalogiserte aldri verka sine sjølv, men sidan han nesten alltid daterte manuskripta er arbeidet relativt enkelt
[2]
.
Kyrkjemusikken hans vert rekna som viktigast, til dømes paverka
Requiem pro defuncto Archiepiscopo Sigismundo
(
Rekviem
for erkebiskop Siegmunds død) i c-moll
Mozarts Rekviem
. Men han komponerte og mykje verdsleg musikk: 40
symfoniar
og
partitaer
, ei rekkje
concertoar
, kammermusikk inkludert ein
strykekvintett
i C-dur som ein ein gong trudde var av Joseph Haydn.
Michael Haydn sin
Symfoni nr. 25
vart tidlegare halden for a vere Mozart sin 37. symfoni (K. 444) fordi det eksisterte ein autograf der opningssatsen var i handskrifta til Mozart, og resten i ein annan si. Ein reknar no med at Mozart av ukjende grunnar hadde komponert den nye langsame opningssatsen. Som Mozartsymfoni vart stykka oppført ganske ofte, men atskilleg sjeldnare etter at ein i 1907 oppdaga at han var av Michael Haydn.
I det heile vart fleire av verka til Mozart paverka av Michael Haydn. Eit døme er
Te Deum
som Mozart følgde ganske tett i K. 141.
[3]
Eit anna er finalen i symfoni nr. 23 av Haydn som paverka finalen av Mozart sin
strykekvartett
nr 14 i G-dur K. 387.
I
katolske
messar
vert
Deutsches Hochamt
mykje sunge. Elles blir Michael Haydn rekna som ein viktig grunnleggjar av
mannskor
.
Ein grunn til at Michael er mykje mindre kjent enn Joseph er at ingen av verka til Michael vart publisert i levetida hans, men stort sett vandra mellom klostera i form av handskrivne kopiar.
Størstedelen av verka til Michael Haydn er enno stort sett ukjent for publikum og berre ventar pa a bli oppdaga.
- ↑
Rosa 1997, 366.
- ↑
H. C. Robbins Landon,
The Symphonies of Joseph Haydn
. London: Universal Edition & Rockliff (1955): "Michael … dated his manuscripts with a most satisfying exactitude."
- ↑
Max Kenyon,
Mozart in Salzburg: A Study and Guide
. New York: G. P. Putnam's Sons: 44
- Notar